2. Samuelsbok 7
N11NN
7
Herrens løfte til David
1 # 1 Krøn 17,1–15 Kongen budde no i huset sitt, og Herren hadde gjeve han fred for alle fiendane rundt omkring. 2#5,11 Ein dag sa kongen til profeten Natan: «Sjå, her bur eg i eit hus av sedertre, medan Guds paktkiste står i eit telt.» 3#1 Sam 10,7 Natan svara kongen: «Gjer alt som ligg deg på hjartet, for Herren er med deg!»
4Same natta kom Herrens ord til Natan: 5Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Skulle du byggja eit hus for meg til å bu i? 6#2 Mos 40,21; 1 Kong 8,16 Eg har då ikkje budd i hus heilt frå den tid eg førte israelittane opp frå Egypt og til denne dag. Eg har vandra omkring med eit telt til bustad. 7Eg vandra ikring med israelittane og hovdingane over Israels stammar, som eg sette til å vakta Israel, folket mitt. Sa eg nokon gong til ein av dei: «Kvifor har ikkje de bygd eit hus av sedertre for meg?» 8#1 Sam 16,11ff; Sal 78,70ff No skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren over hærskarane: Eg henta deg frå beitemarka der du følgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt. 9#1 Mos 12,2 Eg var med deg kvar du gjekk, og utrydda alle fiendane dine for deg. Eg har gjort namnet ditt stort, som namnet til dei største på jorda. 10Eg vil stella til ein bustad for Israel, folket mitt, og planta det der. Dei skal få bu der og aldri bli uroa meir. Ugjerningsmenn skal ikkje lenger plaga dei som i gamle dagar, 11#7,11 eit hus Det hebr. ordet blir nytta både om «hus» og «slekt». Jf. v. 18f. som det var på den tida eg sette dommarar over Israel, folket mitt, og gav deg fred for alle fiendane dine. No kunngjer Herren at han vil byggja eit hus for deg. 12#1 Kong 8,20; 2 Krøn 7,18 Når dine dagar er til ende og du kviler hos fedrane dine, vil eg reisa opp din etterkomar, ein av ditt eige kjøt og blod, til å følgja etter deg. Eg vil grunnfesta kongedømet hans. 13#1 Kong 5,5; 6,12; 1 Krøn 28,6f; Sal 89,4f Han skal byggja eit hus for namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid. 14#1 Krøn 22,10; Sal 89,27 Eg vil vera far for han, og han skal vera son for meg. Når han gjer det som vondt er, vil eg straffa han med stokk og slag frå menneske. 15#1 Sam 15,26 Men mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med Saul, han som eg lét vika for deg. 16Ditt hus og ditt kongedøme skal stå fast til evig tid for mitt andlet, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid.
17Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.
David takkar Herren
18 # 1 Krøn 17,16–27 Då gjekk kong David inn og sette seg framfor Herrens andlet. Han sa: Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mitt hus, sidan du har ført meg så langt? 19Og endå var dette for lite i dine auge, Herre Gud. Du har gjeve huset til tenaren din lovnader langt fram i tida. Dette skal vera til rettleiing for menneska, Herre Gud. 20Kva meir skal David seia til deg? Du kjenner då tenaren din, Herre Gud. 21For ditt ord skuld og etter ditt eige hjarte har du gjort alt dette store og kunngjort det for tenaren din. 22#2 Mos 15,11; Sal 104,1 Difor er du stor, Herre Gud! Det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt med eigne øyre. 23#5 Mos 4,7.34 Kven er som folket ditt, som Israel? Det er det einaste folket på jorda som Gud kom til for å fria ut og gjera til sitt eige. Han skapte seg eit namn og gjorde store og skremmande gjerningar for dykk – og for landet ditt. Du fria folket ditt ut av Egypt, frå folka og gudane deira. 24#5 Mos 7,6+ Du fastsette at Israel, folket ditt, skulle vera ditt folk til evig tid. Og du, Herre, vart deira Gud.
25Lat no, Herre Gud, det ordet du har tala om tenaren din og huset hans, stå fast til evig tid, og gjer som du har sagt! 26Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren over hærskarane er Gud over Israel. Og huset til David, tenaren din, skal stå urokka for ditt andlet. 27For du, Herre over hærskarane, Israels Gud, har openberra dette for tenaren din: «Eg vil byggja eit hus for deg.» Difor har eg våga meg til å bera denne bøna fram for deg. 28#Sal 33,4 Herre Gud, du er då Gud, og dine ord er sanning. Du har gjeve tenaren din denne gode lovnaden. 29Måtte du frå no av velsigna huset til tenaren din så det alltid må bli ståande for ditt andlet. For du, Herre Gud, har tala. Med di velsigning vil huset til tenaren din vera velsigna til evig tid.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk