2. Samuelsbok 4
N11NN

2. Samuelsbok 4

4
Drapet på Isjbosjet
1Då son til Saul fekk høyra at Abner hadde mista livet i Hebron, mista han motet, og heile Israel vart gripne av redsle. 2#Jos 18,21.25 Son til Saul hadde to menn i tenesta si som førte flokkar på plyndringstokt. Den eine heitte Baana og den andre Rekab. Dei var sønene til Rimmon frå Beerot og høyrde til Benjamin-stammen. For Beerot vart òg rekna til Benjamin. 3#4,3 Gittajim by i Juda. Jf. Neh 11,33. Folket i Beerot hadde flykta til Gittajim, og der har dei budd som innflyttarar til denne dag.
4 # 4,4 Mefibosjet forvanska form av namnet Meribbaal. Jf. 1 Krøn 8,34; 9,40. Hebr. bosjet tyder «skam». Jf. Isjbosjet. >2,8. Jonatan, son til Saul, hadde ein son som hadde ein skade i føtene. Han var fem år gammal då ulukkemeldinga om Saul og Jonatan kom frå Jisreel. Fostermora tok han med seg og flykta i all hast, men under flukta fall han ned og vart halt. Han heitte Mefibosjet.
5Då tok dei ut, Rekab og Baana, sønene til Rimmon frå Beerot. Dei kom til huset til Isjbosjet medan dagen var på det heitaste og han låg og kvilte middag. 6#4,6 Omsetjinga av verset følgjer =Septuaginta. Kvinna som vakta døra, hadde sete og sikta kveite. Men ho hadde sovna, så Rekab og Baana, bror hans, slapp usedde forbi. 7Dei kom inn i huset der Isjbosjet låg på senga i soverommet sitt, og dei slo han i hel og hogg hovudet av han. Dei tok hovudet med seg, og så gjekk dei heile natta over Araba-sletta. 8Dei kom med hovudet hans til David i Hebron og sa til kongen: «Sjå, her er hovudet av Isjbosjet, son til Saul, fienden din, som stod deg etter livet. I dag har Herren gjeve deg hemn over Saul og slekta hans, herre konge.» 9Men David svara Rekab og Baana, bror hans, sønene til Rimmon frå Beerot: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud: 10#1,5ff Den mannen som kom til meg og melde at Saul var død, meinte sjølv at han kom med eit gledebod. Men eg greip han og drap han i Siklag. Det var løna eg gav han for gledebodet! 11Kva no, når lovlause har drepe ein uskuldig mann i hans eige hus og hans eiga seng? Skulle eg ikkje då krevja hans blod av dykkar hand og rydda dykk ut frå jorda?» 12#5 Mos 21,22f Så gav David nokre unge menn ordre om å drepa Rimmon-sønene. Dei hogg hendene og føtene av dei og hengde dei opp ved Hebron-dammen. Men hovudet av Isjbosjet tok dei og gravla i Abners grav i Hebron.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk