2. Samuelsbok 3
N11NN

2. Samuelsbok 3

3
1Krigen mellom Sauls hus og Davids hus vart dryg. David vart sterkare og sterkare, medan Saul vart veikare og veikare.
David får søner i Hebron
2 # 1 Krøn 3,1–4 David fekk desse sønene medan han var i Hebron: Den første var Amnon, som han fekk med Ahinoam frå Jisreel. 3Den andre var Kilab, som han fekk med Abigajil, ho som hadde vore gift med Nabal frå Karmel. Den tredje var Absalom, son til Maaka, som var dotter til kong Talmai i Gesjur. 4Den fjerde var Adonja, son til Haggit. Den femte var Sjefatja, son til Abital. 5Den sjette var Jitream, son til Davids kone Egla. Desse sønene fekk David medan han budde i Hebron.
Abner går over til David
6Så lenge kampen mellom Sauls hus og Davids hus stod på, fekk Abner meir og meir makt i Sauls hus.
7No hadde Saul hatt ei følgjekone som heitte Rispa og var dotter til Ajja. Isjbosjet sa til Abner: «Kvifor har du vore saman med følgjekona til far min?» 8Abner vart brennande harm over det Isjbosjet sa. «Er eg eit hundehovud frå Juda?» sa han. «Den dag i dag gjer eg godt mot huset til Saul, far din, mot slektningane og venene hans. Eg har sytt for at du ikkje skulle falla i hendene på David, og så krev du meg til rekneskap på grunn av denne kvinna! 9#19,13 Måtte Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje gjer slik mot David som Herren med eid har lova han. 10#1 Sam 13,14 Eg vil ta kongedømet frå Sauls hus og reisa Davids kongsstol over Israel og Juda, frå Dan til Beer-Sjeba.» 11Isjbosjet torde ikkje svara eit ord, så redd var han for Abner.
12Abner sende nokre bodberarar til David i sin stad. Dei skulle seia: «Kven er det landet høyrer til? Gjer ei pakt med meg, så skal eg hjelpa deg og få heile Israel over på di side.» 13#1 Sam 25,44 David svara: «Godt, eg skal gjera pakt med deg. Berre éin ting krev eg av deg: Syn deg ikkje for mine auge utan at du har med deg Mikal, dotter til Saul, når du kjem.»
14 # 1 Sam 18,27 David sende bodberarar til Isjbosjet, son til Saul. Dei skulle seia: «Gjev meg att Mikal, kona mi, som eg vann meg til brur med forhudene av hundre filistrar.» 15Isjbosjet sende då bod og tok henne frå mannen hennar, Paltiel, son til Lajisj. 16#3,16 Bahurim liten by på vegen mellom Jerusalem og Jeriko. Mannen følgde med. Han gjekk gråtande bakom henne heilt til dei kom til Bahurim. Der sa Abner til han: «Gå heim att!» Då snudde Paltiel.
17Abner tala med dei eldste i Israel og sa: «Fleire gonger har de prøvd å få David til konge. 18Gjer no alvor av det! For Herren har sagt om David: Gjennom David, tenaren min, vil eg berga mitt folk Israel frå filistrane og alle dei andre fiendane deira.» 19Abner tala òg med benjaminittane. Så drog han til Hebron og ville fortelja David alt det som israelittane og alle benjaminittane hadde vedteke.
20Då Abner kom til David i Hebron med eit følgje på tjue mann, heldt David ein fest for han og mennene som var med han. 21Abner sa til David: «No vil eg ta i veg og samla heile Israel for deg, herre konge. Så vil dei gjera ei pakt med deg, og du kan vera konge over heile det riket du ønskjer deg.» David lét Abner fara, og han drog bort i fred.
Drapet på Abner
22På same tid kom Davids menn og Joab heim frå eit plyndringstokt, og dei hadde eit stort hærfang med seg. Abner var ikkje lenger hos David i Hebron, for David hadde late han fara, og han hadde drege bort i fred. 23Då Joab var vel heime med heile hæren, kom det nokre og sa til han: «Abner, son til Ner, kom til kongen, og han lét han fara bort i fred.» 24Då gjekk Joab inn til kongen og sa: «Kva har du gjort? Når Abner kjem til deg, lèt du han då fara sin veg? 25Du kjenner då Abner, son til Ner? Han kom hit berre for å lura deg og for å få greie på kvar du ferdast, og kva du gjer.»
26Då Joab kom ut att frå David, sende han bodberarar etter Abner og fekk han til å snu ved Sira-brønnen. Men det visste ikkje David. 27#2,23 Då Abner kom tilbake til Hebron, tok Joab han til sides i byporten for å få snakka med han i fred. Der stakk han Abner i magen og drap han for å hemna Asael, bror sin.
28Sidan fekk David høyra om dette. Han sa: «Eg og kongedømet mitt er for alltid utan skuld for Herren i drapet på Abner, son til Ner. 29#3,29 som sitt og spinn kan òg omsetjast «som går med krykkjer». Gjev hans blod må strøyma over Joabs hovud og over heile huset til far hans. Gjev det i Joabs slekt alltid må vera folk som lid av utflod eller hudsjukdom, menn som sit og spinn, som fell for sverd eller manglar mat.» 30Joab og Abisjai, bror hans, drap Abner fordi han hadde slege i hel Asael, bror deira, i slaget ved Gibeon.
31 # 3,31 Riv sund … sekkestrie teikn på sorg. =sørgjeskikkar. Så sa David til Joab og alle som var hos han: «Riv sund kleda, ta på dykk sekkestrie og hald sørgjehøgtid over Abner!» Kong David gjekk sjølv bak båra. 32Dei gravla Abner i Hebron. Kongen gret høgt ved grava hans, og heile folket gret med. 33Kongen stemde i ei likklage over Abner:
Laut Abner døy slik ein dåre døyr?
34Dine hender var ikkje bundne,
dine føter ikkje lagde i lenkjer.
Du fall som ein fell for ugjerningsmenn.
Då gret folket endå ein gong.
35Sidan kom dei alle og ville få David til å eta medan det endå var dag. Men han svor: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg smakar brød eller noko anna før sola er gått ned!» 36Alle merka seg dette, og dei syntest godt om det. Alt det kongen gjorde, syntest folket godt om. 37Den dagen skjøna alle, ja, heile Israel, at det ikkje var kongen som stod bak drapet på Abner, son til Ner. 38Kongen sa til mennene sine: «De skjønar vel at i dag er det falle ein hovding og stormann i Israel. 39#3,39 Seruja-sønene Joab og Abisjai. Jf. 2,18. Enno er eg for veik, sjølv om eg er salva til konge. Og desse mennene, Seruja-sønene, er for sterke for meg. Gjev Herren må løna ugjerningsmannen for det vonde han har gjort!»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk