2. Samuelsbok 2
N11NN

2. Samuelsbok 2

2
David blir konge over Juda
1 # 1 Sam 23,2; 30,8 Sidan spurde David Herren om råd: «Skal eg dra opp til ein av byane i Juda?» Herren svara: «Ja, dra opp!» Då spurde David: «Kvar skal eg ta vegen?» «Til Hebron», svara Herren. 2#1 Sam 25,42f Så drog David dit med dei to konene sine, Ahinoam frå Jisreel og Abigajil, ho som hadde vore gift med Nabal frå Karmel. 3Han tok òg med seg dei mennene som følgde han, kvar med sin huslyd. Og dei busette seg i landsbyane kring Hebron. 4#1 Sam 16,13; 31,12f Dit kom Juda-mennene og salva David til konge over Judas hus.
Då David fekk høyra at det var mennene i Jabesj i Gilead som hadde gravlagt Saul, 5sende han bodberarar til dei for å seia: «Velsigna er de av Herren fordi de var gode mot Saul, herren dykkar, og gravla han. 6Herren no visa dykk miskunn og truskap! Eg vil òg gjera vel mot dykk fordi de har gjort dette. 7Ta då mot til dykk og ver modige menn! Saul, herren dykkar, er død, men no har Judas hus salva meg til konge over seg.»
Krig mellom David og Sauls slekt
8 # 1 Sam 14,50 # 2,8 Isjbosjet «skam-mannen», kallenamn, ei forvansking av Esjbaal, «Baals mann». >4,4. Mahanajim by på grensa mellom Gads og Manasses område. Jf. Jos 13,26.30. Abner, son til Ner, som var hærføraren til Saul, tok Isjbosjet, son til Saul, og førte han til Mahanajim. 9#2,9 heile Israel alle stammane i nord, til skilnad frå Juda. Der gjorde han Isjbosjet til konge over Gilead, Asjer og Jisreel, over Efraim og Benjamin, ja, over heile Israel. 10Isjbosjet, son til Saul, var førti år gammal då han vart konge over Israel, og han styrte i to år. Det var berre Judas hus som heldt seg til David. 11I sju år og seks månader var David konge over Judas hus i Hebron.
12Abner, son til Ner, braut opp frå Mahanajim med mennene til Isjbosjet, son til Saul, og drog til Gibeon. 13Joab, son til Seruja, og mennene til David drog òg ut. Dei møttest ved Gibeon-dammen og slo seg ned på kvar si side av dammen. 14Då sa Abner til Joab: «Skal vi ikkje la nokre unge menn koma fram og halda våpenleik for oss?» «Jau, lat dei det», svara Joab. 15Så reiste dei seg og gjekk fram. Det var tolv i talet frå kvar side, tolv frå Benjamin, av mennene til Isjbosjet, son til Saul, og tolv av mennene til David. 16Dei greip kvarandre i hovudet og stakk sverdet i sida på kvarandre, og slik fall dei alle saman. Sidan har denne staden vore kalla Helkat-Hassurim, «Sverdegg-marka». Ho ligg ved Gibeon.
17Den dagen vart det ein veldig kamp. Abner og israelittane vart slegne av mennene til David. 18#1 Krøn 2,16; 27,7 Dei tre sønene til Seruja, Joab, Abisjai og Asael, var med der. Asael var lett på foten som ein gasell i marka. 19Han sette etter Abner og bøygde ikkje av til høgre eller venstre, men heldt seg heile tida i hælane på Abner. 20Abner snudde seg og sa: «Er det du, Asael?» «Ja», svara han. 21Då sa Abner til han: «Bøy av til kva side du vil, grip ein av unggutane og ta rustninga hans.» Men Asael ville ikkje slutta å forfølgja han. 22Endå ein gong ropa Abner til Asael: «Hald opp med å følgja etter meg! Kvifor skulle eg slå deg i bakken? Korleis skulle eg då kunna sjå Joab, bror din, i auga?» 23#3,27 Men han ville ikkje halda opp. Då støytte Abner spydskaftet inn i magen hans så det gjekk ut gjennom ryggen på han, og han fall om og døydde på staden. Alle som kom til den staden der Asael var fallen og døydde, stoppa opp der.
24Men Joab og Abisjai heldt fram med å forfølgja Abner. Då sola gjekk ned, var dei komne til Amma-haugen, som ligg beint imot Giah, på vegen til ørkenen ved Gibeon. 25Der samla benjaminittane seg i fylking bak Abner og stilte seg på toppen av ein haug. 26Abner ropa til Joab: «Skal sverdet aldri halda opp å eta? Skjønar du ikkje korleis dette kjem til å enda med sorg? Kor lenge vil du venta før du seier til krigsfolket ditt at dei skal slutta å forfølgja frendane sine?» 27Joab svara: «Så sant Gud lever: Hadde du ikkje sagt dette, ville folket først i morgon ha slutta å forfølgja brørne sine.» 28Så bles Joab i hornet, og alt krigsfolket hans stoppa. Dei forfølgde ikkje israelittane lenger og heldt ikkje fram med striden.
29 # 2,29 Araba-sletta dalsøkket der Jordan og Daudehavet ligg. gjekk gjennom fjellkløfta Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Ordet som er omsett «fjellkløft», finst berre her. Det kan vera eit stadnamn, «Bitron». Ei anna mogleg omsetjing er «gjekk heile føremiddagen». Abner og mennene hans gjekk over Araba-sletta heile natta. Dei sette over Jordan og gjekk gjennom fjellkløfta til dei kom fram til Mahanajim. 30Då Joab hadde halde opp med å forfølgja Abner, samla han krigsfolket. Forutan Asael mangla det nitten av mennene til David. 31Men Davids menn hadde drepe tre hundre og seksti benjaminittar av Abners krigsfolk. 32Dei tok Asael med seg og gravla han i grava til far hans i Betlehem. Joab og mennene hans gjekk heile natta og kom til Hebron då det grydde av dag.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk