2. Samuelsbok 19
N11NN
19
1Joab fekk melding om at kongen gret og sørgde over Absalom. 2Den dagen vart sigersgleda til sorg for heile folket; for dei òg fekk snart vita at kongen sørgde over sonen sin. 3Den dagen sneik mennene seg inn i byen slik folk snik seg bort i skam fordi dei har rømt frå krigen. 4#15,30; 18,33 Kongen heldt kappa for andletet og ropa høgt: «Absalom, son min! Absalom, son min, son min!»
5Då gjekk Joab inn i huset til kongen og sa til han: «I dag har du ført skam over alle mennene dine, dei som i dag har berga både livet ditt og livet til sønene og døtrene, konene og følgjekonene dine. 6Du elskar dei som hatar deg, og hatar dei som elskar deg. For i dag har du vist at du ikkje bryr deg om førarane eller stridsmennene dine. Eg skjønar no at om Absalom hadde levd i dag og alle vi andre var døde, så hadde du tykt det var som det skulle vera. 7Stå no opp og gå ut og tal venleg til mennene dine! For eg sver ved Herren at går du ikkje ut, kjem ikkje ein mann til å bli verande hos deg natta over. Og det ville vera ei større ulukke for deg enn alle dei andre ulukkene som har kome over deg frå du var ung og til no.» 8#18,17 Då reiste kongen seg og sette seg i porten. Alt folket fekk vita at kongen sat i porten, og dei kom og gjekk fram for han.
David kjem tilbake til Jerusalem
Israelittane hadde rømt, kvar til sitt. 9#3,18; 5,25 Då tok folket i alle Israel-stammane til å gå i rette med kvarandre. Dei sa: «Det var kongen som berga oss frå fiendane våre og fria oss frå filistarhand. No har han rømt landet for Absalom. 10Men Absalom, som vi salva til konge over oss, er fallen i krigen. Kvifor gjer de då ingenting for å henta kongen heim att?» 11Kong David fekk vita kva alle israelittane tala om. Då sende han bod til prestane Sadok og Abjatar med desse orda: «Tal til dei eldste i Juda og sei: Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att? 12De er då brørne mine, av same kjøt og bein som eg. Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att? 13#17,25; 1 Krøn 2,16f Og til Amasa skal de seia: Er ikkje du av same bein og kjøt som eg? Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje du heretter skal vera min hærførar i staden for Joab.» 14Slik vann han hjartet til judearane, alle som ein. Dei sende bod til kongen og sa: «Kom att, både du og alle mennene dine!»
Sjimi møter David
15Så gav kongen seg på heimveg, og han kom til Jordan. Judearane var alt komne til Gilgal for å ta imot han og føra han over Jordan.
16Sjimi, son til Gera, som høyrde til Benjamin-stammen og var frå Bahurim, skunda seg nedover saman med judearane for å møta kong David. 17#9,2.10; 16,5 Han hadde med seg tusen mann frå Benjamin. Siba, som var i teneste i Sauls hus, kom med dei femten sønene og tjue tenarane sine. Dei hadde skunda seg til Jordan før kongen kom dit. 18No sette dei over vadestaden for å hjelpa kongefamilien over og stå til teneste for dei. Med det same kongen skulle fara over Jordan, fall Sjimi, son til Gera, ned for han 19#16,5ff og sa: «Herre, krev meg ikkje til rekneskap! Gløym, herre konge, det vonde tenaren din gjorde den dagen du drog bort frå Jerusalem. Tenk ikkje meir på det, konge! 20#19,20 Josefs hus her om alle stammane i nord, medrekna Benjamin-stammen, som Sjimi høyrde til. Jf. v. 16. For eg, tenaren din, veit at eg har synda. Men i dag er eg den første av Josefs hus som kjem ned for å møta deg, herre konge.» 21Då tok Abisjai, son til Seruja, til orde og sa: «Må ikkje Sjimi lata livet, han som har forbanna Herrens salva?» 22#1 Sam 11,13; 2 Sam 16,10 Men David svara: «Kva har eg med dykk å gjera, Seruja-søner. Kvifor er de imot meg i dag? I dag skal ingen mann mista livet i Israel. For no veit eg at eg er konge over Israel.» 23Så sa kongen til Sjimi: «Du skal ikkje døy.» Og det svor han på.
Mefibosjet
24 # 9,6 Mefibosjet, etterkomaren til Saul, var òg komen ned og ville møta kongen. Han hadde ikkje stelt føtene og ikkje stelt barten og ikkje vaska kleda frå den dagen kongen drog bort og til han kom trygt tilbake. 25Då han kom frå Jerusalem og møtte kongen, sa kongen til han: «Kvifor vart du ikkje med meg, Mefibosjet?» 26#4,4; 9,3 «Tenaren min narra meg, herre konge», svara han. «Eg bad han sala eselet mitt, så eg kunne ri på det og følgja kongen; du veit eg er halt. 27#14,17.20 I staden baktala han meg, herre konge. Men du er som ein Guds engel, herre konge. Gjer som du tykkjer best. 28#9,11 For heile huset til far min har ikkje fortent noko anna enn døden av deg, herre konge. Likevel har du sett tenaren din mellom dei som et ved ditt bord. Kva meir har eg då å krevja eller å klaga til kongen for?» 29#9,10; 16,4 Kongen svara: «Du treng ikkje seia meir. Mitt ord er at du og Siba skal dela jordeigedomen.» 30Då sa Mefibosjet til kongen: «Han kan gjerne få alt saman, sidan du er komen vel heim att, herre konge.»
Avskil med Barsillai
31 # 17,27 Barsillai frå Gilead var komen ned frå Rogelim og hadde følgt kongen til Jordan. Der ville han ta avskil med han. 32Barsillai var ein gammal mann, åtti år. Det var han som hadde sytt for mat og drikke til kongen i Mahanajim, for han var svært rik. 33Kongen sa til Barsillai: «Ver med meg, så skal eg syta for deg hos meg i Jerusalem.» 34Men Barsillai svara: «Eg har vel ikkje så mange dagar og år att å leva at eg skulle fara med kongen opp til Jerusalem? 35Eg er no åtti år gammal. Kan eg lenger skilja mellom godt og vondt? Kan tenaren din kjenna smaken på det han et og drikk? Eg høyrer ikkje lenger røysta av songarar og songarinner. Kvifor skulle så tenaren din vera til bry for deg, herre konge? 36Tenaren din vil følgja kongen eit lite stykke over Jordan. Kvifor skulle du løna meg så godt for det, konge? 37#19,37 Kimham truleg son til Barsillai. Lat heller tenaren din fara heim att, så eg kan døy i min eigen by, der far min og mor mi har si grav. Men her er Kimham, tenaren din. Lat han få vera med deg, herre konge, og gjer med han som du synest.» 38Då sa kongen: «Kimham kan vera med meg, og eg skal gjera med han som du synest. Alt du ønskjer, skal eg gjera for deg.» 39Heile hæren sette over Jordan. Og då kongen var klar til å gå over, kyste han Barsillai til avskil og velsigna han. Så fór Barsillai heim att. 40Kongen drog over til Gilgal, og Kimham var med han. Heile Juda-folket og halvparten av Israelsfolket følgde kongen over.
Israel og Juda
41Men no kom alle israelittane til kongen og sa: «Kvifor har brørne våre, judearane, teke kongen og ført han og hans hus og alle Davids menn over Jordan?» 42Då tok alle judearane til orde og svara israelittane: «Fordi kongen står oss nærast. Kvifor er de harme for dette? Har vi levd på kongen eller hatt nokon føremon av han?» 43Israelittane svara: «Vi eig ti gonger så mykje i kongen som de, i David òg. Kvifor set de oss til sides? Var det ikkje vi som først tala om å henta kongen vår heim att?» Men judearane nytta endå hardare ord enn israelittane.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk