2. Samuelsbok 17
N11NN
17
1Sidan sa Ahitofel til Absalom: «Lat meg få velja ut tolv tusen mann! Eg vil ta i veg og setja etter David i natt. 2Så kjem eg over han medan han er trøytt og motlaus, og set støkk i han. Då kjem heile hæren som er hos han, til å rømma. Det er berre kongen eg vil drepa. 3#17,3 som når ei brur … ute etter Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Omsetjinga følgjer her =Septuaginta. Sidan fører eg heile hæren tilbake til deg som når ei brur blir ført til brudgomen sin. Det er då berre éin mann du er ute etter; resten av hæren får vera uskadd.» 4Både Absalom og alle dei eldste i Israel tykte dette var eit godt råd. 5#16,16 Men Absalom sa: «Send bod etter arkitten Husjai, så vi får høyra kva han òg har å seia.»
6Då Husjai kom, fortalde Absalom kva Ahitofel hadde sagt, og spurde: «Skal vi gjera som han seier eller ikkje? Sei kva du meiner!» 7Husjai svara: «Det er ikkje noko godt råd Ahitofel har gjeve denne gongen.» 8#Ordt 17,12; Hos 13,8 Han heldt fram: «Du veit at far din og mennene hans er modige krigarar. Dei rasar som ei binne i skogen når ein har teke ungane frå henne. Far din er ein røynd krigar. Han legg seg ikkje til å sova saman med hæren. 9No held han seg nok gøymd i ei hòle eller ein annan stad. Om nokon av våre fell i det første åtaket, kjem det til å gå rykte om at det har vore eit stort mannefall mellom dei som følgjer Absalom. 10Sjølv ein krigar med hjarte som ei løve vil mista motet, for heile Israel veit at far din er ein helt, og at det er modige menn som er med han. 11Difor gjev eg dette rådet: Lat heile Israel, frå Dan til Beer-Sjeba, samla seg om deg, talrikt som sanden utmed havet. Dra sjølv med dei i kamp! 12Når vi så kjem over han einkvan staden der han held til, kastar vi oss over han som når dogga fell på marka. Ingen skal overleva, korkje han sjølv eller nokon av mennene som er med han. 13Og trekkjer han seg tilbake til ein by, skal heile Israel slå reip om byen og dra han ned i elveleiet, så det ikkje finst ein småstein att der han stod.» 14#15,31; Job 5,12f Då sa Absalom og alle israelittane: «Rådet frå arkitten Husjai er betre enn rådet frå Ahitofel.» Men det var Herren som hadde laga det så at det gode rådet frå Ahitofel ikkje vart følgt. For Herren ville føra ulukke over Absalom.
David slepp unna Absalom
15Så sa Husjai til Sadok og Abjatar, prestane, kva Ahitofel hadde rådd Absalom og dei eldste i Israel til å gjera, og kva råd han sjølv hadde gjeve. 16«Skund dykk, send bod til David!» sa han. «Gjev han melding om dette og sei at han ikkje må vera natta over ved vadestadene i ørkenen, men setja over elva straks! Elles er det ute både med kongen og alle dei som følgjer han.»
17 # 17,17 Rogel-kjelda rett sør for den staden der Hinnom-dalen og Kedron-dalen møtest. Jonatan og Ahimaas heldt seg ved Rogel-kjelda. Ei tenestejente kom ofte med bod til dei, og så bar dei bodet til kong David. For dei våga ikkje å gå inn i byen og visa seg der. 18Men denne gongen var det ein unggut som fekk auge på dei, og han sa det til Absalom. Då skunda dei seg av stad, begge to, og dei kom til Bahurim. Der gjekk dei inn på garden til ein mann som hadde ein brønn i tunet, og den klatra dei nedi. 19#Jos 2,4ff Kona i huset tok eit teppe og breidde over brønnopninga. Ho strødde korn oppå, så ingen kunne merka noko. 20Då så mennene til Absalom kom inn i huset til kona og spurde etter Ahimaas og Jonatan, svara ho: «Dei gjekk over bekken.» Så leita mennene, men fann dei ikkje og fór attende til Jerusalem. 21Så snart dei var gått, kom Jonatan og Ahimaas opp or brønnen. Dei gjekk til kong David med bodet og sa: «Ta ut og set fort over elva!» Så fortalde dei kva råd Ahitofel hadde gjeve. 22David og alle som var med han, braut då opp og sette over Jordan. Som dagen rann, sakna dei ikkje ein einaste mann; alle hadde kome seg over elva.
23Då Ahitofel såg at rådet hans ikkje vart følgt, sala han eselet sitt og reid heim til sin eigen by. Han ordna med alt i huset sitt, og så hengde han seg. Slik døydde Ahitofel, og han vart gravlagd i grava til far sin.
David i Mahanajim
24David var komen til Mahanajim då Absalom sette over Jordan med alle israelittane. 25Absalom hadde gjort Amasa til hærførar i staden for Joab. Amasa var son til ein ismaelitt som heitte Jitra og var gift med Abigal, dotter til Nahasj og syster til Seruja, mor til Joab. 26Israelittane og Absalom slo leir i Gilead.
27 # 9,4; 19,31ff; 1 Kong 2,7 # 17,27 Lo-Debar >9,4. Med det same David nådde fram til Mahanajim, kom Sjobi, son til Nahasj frå Rabba i Ammon, og Makir, son til Ammiel frå Lo-Debar, og Barsillai frå Rogelim i Gilead. 28Dei kom med sengeutstyr, skåler og kar, og dei hadde med seg kveite, bygg, mjøl, steikt korn, bønner, linser, 29honning, smør, sauekjøt og ost av kumjølk. Det sette dei fram for David og folket som var med han, så dei fekk eta. For dei tenkte at mennene hadde vorte både svoltne, trøytte og tørste i øydemarka.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk