2. Peter 1

1
Helsing
1 # 1,1 Simeon Peter apostelen Peter. apostel ein utsending med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. Blir oftast brukt om dei 12 læresveinane Jesus valde ut. Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel, helsar dei som har fått den same dyrebare tru som vi gjennom rettferda frå vår Gud og frelsar Jesus Kristus. 2#1 Pet 1,2; Jud 2 Nåde og fred vere med dykk i rikt mål ved at de kjenner Gud og Jesus, vår Herre!
Trua skal utfalda seg i livet
3 # 2 Kor 4,6 Ja, alt vi treng for å leva i gudsfrykt, har hans guddomlege makt gjeve oss i gåve ved at vi kjenner han som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke. 4#Ef 4,22.24 Dermed har han gjeve oss dei største og mest dyrebare lovnader. Ved dei skulle de få del i guddomleg natur når de har kome dykk fri frå forfallet, som kjem frå lystene i verda.
5 # Gal 5,6.22 Set difor all dykkar iver inn på å la trua gå i følgje med eit rett liv, og det rette livet med innsikt, 6#1 Kor 9,24f innsikta med måtehald, måtehaldet med tolmod, tolmodet med gudsfrykt, 7#Rom 12,10; 1 Tess 4,9f; Hebr 13,1; 1 Pet 1,22; 1 Joh 3,10ff gudsfrykta med syskenkjærleik og syskenkjærleiken med kjærleik til alle. 8#Tit 3,14 For når alt dette finst hos dykk og får veksa, då blir de ikkje uverksame eller utan frukt, de som kjenner vår Herre Jesus Kristus. 9#1 Joh 2,9.11 Men har du ikkje dette, er du nærsynt, ja, blind; du har gløymt at du er reinsa for dine gamle synder.
10Difor, sysken, må de setja endå meir inn på å halda fast ved dykkar kall og utveljing. For gjer de dette, skal de aldri falla. 11Då skal inngangen til vår Herre og frelsar Jesu Kristi evige rike stå vidopen for dykk.
Kristi herlegdom og profetordet
12 # Rom 15,15; Jud 5 Difor vil eg alltid minna dykk om dette, endå de kjenner til det og er grunnfeste i den sanninga som har kome til dykk. 13#1,13 dette teltet kroppen. Eg meiner at det er rett å halda dykk vakne med slike påminningar, så lenge eg bur i dette teltet. 14#Joh 21,18f; 2 Kor 5,1 For eg veit at teltet mitt snart skal takast ned, det har vår Herre Jesus Kristus late meg vita. 15Og eg vil gjera alt eg kan for at de alltid skal minnast dette, også etter at eg er gått bort.
16 # Luk 9,32; Apg 4,20 For vi følgde ikkje klokt uttenkte mytar då vi kunngjorde for dykk vår Herre Jesu Kristi makt og hans kome. Nei, vi var augnevitne og såg hans guddomlege velde. 17#Matt 3,17+; Luk 9,28ff For han fekk ære og herlegdom frå Gud, sin Far, den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» 18Vi høyrde sjølve denne røysta koma frå himmelen då vi var saman med han på det heilage fjellet.
19 # Op 2,28 Difor står profetordet så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å halda fast på. Det er ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i hjarta dykkar. 20Men framfor alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. 21#2 Tim 3,16; 1 Pet 1,11 For aldri vart noko profetord bore fram ved menneskevilje, men drivne av Den heilage ande tala menneske ord frå Gud.

Markert nå:

2. Peter 1: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring