2. Kongebok 5

5
Elisja lækjer Naaman
1 # 5,1 hudsjukdom >3 Mos 13,2. Naaman, hærføraren til aramearkongen, hadde mykje å seia hos herren sin og var høgt akta, for med hans hjelp hadde Herren gjeve aramearane siger. Mannen var ein stor krigar, men han hadde ein hudsjukdom.
2På eit plyndringstokt hadde aramearane ein gong ført bort ei ung jente frå Israel som fange. No tente ho hos kona til Naaman. 3Ein dag sa jenta til matmor si: «Om berre husbonden kunne koma til profeten i Samaria, skulle nok han fri han frå hudsjukdomen.» 4Naaman gjekk til herren sin og fortalde han kva jenta frå Israel hadde sagt. 5#5,5 ti talentar ca. 342 kg. 6000 sjekel ca. 68,4 kg. Då sa aramearkongen: «Dra du! Eg vil senda med deg eit brev til kongen i Israel.» Så drog han og tok med seg ti talentar sølv, seks tusen sjekel gull og ti klesskift.
6Naaman leverte brevet til kongen i Israel. Der stod: «Når du får dette brevet, ser du at eg har sendt Naaman, tenaren min, til deg for at du skal fri han frå den hudsjukdomen han lid av.» 7#1 Mos 30,2; 5 Mos 32,39; 1 Sam 2,6#5,7 reiv han sund kleda teikn på sorg eller audmjuking. =sørgjeskikkar. Då Israels-kongen hadde lese brevet, reiv han sund kleda sine og sa: «Er eg Gud så eg rår for liv og død, sidan han sender bod til meg og vil at eg skal fri ein mann frå hudsjukdomen hans? No kan de sjå og skjøna at han vil yppa strid med meg.» 8Men då gudsmannen Elisja fekk høyra at kongen hadde rive sund kleda sine, sende han bod til han og sa: «Kvifor har du rive sund kleda dine? Lat mannen koma til meg, så skal han få sanna at det finst ein profet i Israel.»
9Så kom då Naaman med hestar og vogner og stoppa ved døra til Elisjas hus. 10#Joh 9,7 Elisja sende ut ein mann for å seia: «Gå ned og vask deg sju gonger i Jordan! Så skal kroppen din bli frisk og du bli rein.» 11Då vart Naaman sint og fór sin veg. Han sa: «Eg trudde han sjølv ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Guds namn, føra handa att og fram over den sjuke staden og fri meg frå sjukdomen. 12Er ikkje Abana og Parpar, elvane ved Damaskus, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og bli rein?» Så snudde han og fór bort i fullt sinne.
13Men tenarane til Naaman kom og snakka med han. Dei sa: «Far, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg at du skal vaska deg og bli rein!» 14#Luk 4,27 Så gjekk Naaman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen til ein liten gut, og han vart rein.
15Så vende han attende til gudsmannen med heile følgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram for profeten og sa: «No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel. Ta no imot ei gåve frå tenaren din!» 16Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, han som eg tener: Eg tek ikkje imot noko.» Naaman bad han inntrengjande om å ta imot, men han ville ikkje. 17#5,17 mold Naaman vil byggja eit altar for Herren i Damaskus, på jord som er henta frå Israel. Då sa Naaman: «Når du ikkje vil, så lat tenaren din få så mykje mold som eit par muldyr kan bera. For eg vil aldri meir bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, berre til Herren. 18#5,18 Rimmon eit anna namn på stormguden Hadad, den viktigaste guden i Damaskus. Men ein ting må Herren tilgje meg: Når herren min, kongen, går inn i Rimmon-tempelet for å kasta seg ned og tilbe der og han stør seg på handa mi, så eg òg må kasta meg ned der i Rimmon-tempelet, då må Herren tilgje meg dette.» 19Elisja svara: «Far i fred!»
Då Naaman hadde gått frå han og var komen eit stykke på vegen, 20sa Gehasi, som var tenestegut hos gudsmannen Elisja, til seg sjølv: «No har husbonden min spart denne aramearen Naaman og ikkje teke imot det han hadde med seg. Så sant Herren lever: Eg vil springa etter han og få noko av han.» 21Dermed sette Gehasi av stad etter Naaman. Då Naaman såg at nokon kom springande etter han, hoppa han ned av vogna, gjekk imot han og spurde: «Er alt vel?» 22«Alt er vel», svara Gehasi, «men herren min har sendt meg med dette bodet: To unge profetsveinar frå Efraim-fjella er nett komne til meg. Lat dei få ein talent sølv og eit par klesskift!» 23Naaman svara: «Ver så snill å ta to talentar!» Han bad han inntrengjande og knytte to talentar sølv inn i to pungar. Så tok han to klesskift og gav til to av tenestegutane sine, som bar dei føre Gehasi. 24Men då dei kom opp til byhøgda, tok han det frå dei og gøymde det i huset. Så lét han mennene fara, og dei drog.
25Då Gehasi kom inn og gjekk bort til herren sin, sa Elisja til han: «Kvar kjem du frå, Gehasi?» «Eg har ikkje vore nokon stad», svara han. 26Men profeten sa til han: «Trur du ikkje eg var der i ånda då ein mann snudde seg frå vogna og gjekk til møtes med deg? Har du no teke imot pengar og klede, oliventre og vinmarker, småfe og storfe, slavar og slavekvinner? 27#2 Mos 4,6; 4 Mos 12,10; 2 Sam 3,29 Hudsjukdomen til Naaman skal for alltid hanga ved deg og ætta di.» Då Gehasi gjekk bort frå han, var huda hans kvit som snø av sjukdomen.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring