2. Kongebok 4

4
Krukka i Sarepta
1Ei kvinne som var enkje etter ein av profetlæresveinane, ropa ein gong til Elisja: «Tenaren din, som var mannen min, er død. Og du veit at tenaren din frykta Herren. Men no kjem ein som han skulda pengar, og vil ta begge sønene mine til slavar.» 2#1 Kong 17,12 Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!» Ho svara: «Tenestekvinna di har ikkje anna i huset enn ei lita krukke med olje.» 3Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tomme kar som du kan få tak i. 4Så skal du gå inn og stengja døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!»
5Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei gav henne kara, og ho slo i. 6Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp med å renna. 7#4,7 gudsmannen profeten Elisja. Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som blir att.»
Kvinna frå Sjunem og sonen hennar
8 # 4,8 Sjunem by på Jisreel-sletta, i Jissakars område. Jf. Jos 19,18. Ein dag gjekk Elisja over til Sjunem. Der var det ei velståande kvinne som inntrengjande bad han om å eta hos seg. Og sidan tok han inn der og fekk seg mat kvar gong han fór forbi. 9Ein gong sa ho til mannen sin: «Høyr her! Eg veit at han som støtt kjem innom oss, er ein heilag gudsmann. 10Lat oss laga eit lite takkammer til han og setja inn ei seng, eit bord, ein stol og ein lysestake. Så kan han ta inn der når han kjem til oss.»
11Ein dag profeten kom dit, tok han inn i takkammeret og la seg der. 12Så sa han til Gehasi, tenaren sin: «Rop på denne Sjunem-kvinna!» Tenaren ropa på henne, og ho kom bort til han. 13Elisja sa til han: «Sei til henne: Høyr, du har hatt mykje bry for vår skuld. Kva kan vi gjera for deg? Kan vi leggja inn eit godt ord for deg hos kongen eller hærføraren?» Men ho svara: «Eg bur då midt iblant mitt eige folk.» 14«Kva kan eg då gjera for henne?» spurde profeten. Gehasi svara: «Ho har ingen son, og mannen hennar er gammal.» 15Då sa Elisja: «Rop på henne!» Han ropa på henne, og ho kom og vart ståande i døropninga. 16#1 Mos 18,10.14 Profeten sa: «Når tida er inne, skal du ha ein son i armane.» Men ho svara: «Nei, herre, du som er ein gudsmann, lyg for tenestekvinna di!»
17Kvinna vart med barn, og då tida var inne, fekk ho ein son, slik Elisja hadde sagt henne. 18Guten voks opp, og ein dag gjekk han ut til far sin og onnefolket. 19Då sa han til faren: «Hovudet mitt, hovudet mitt!» Då sa faren til tenesteguten: «Ber han heim til mor hans!» 20Han tok og bar han heim til mora, og guten sat på fanget hennar til middag; då døydde han. 21Ho gjekk opp og la han på senga til gudsmannen. Så lét ho att døra og gjekk ut.
22Kona ropa på mannen sin og sa: «Send meg ein av tenestegutane med eit esel! Eg må skunda meg til gudsmannen, og så kjem eg att.» 23#4,23 nymånedag =festar og høgtider. Han spurde: «Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då verken nymånedag eller sabbat.» Ho svara: «Uroa deg ikkje!» 24Så sala ho eselet og sa til tenesteguten: «Driv det av garde, og stopp meg ikkje medan eg rid, utan at eg bed deg om det.»
25 # 2,25 Så tok kvinna i veg og kom til gudsmannen på Karmel-fjellet. Då han såg henne langt borte, sa han til Gehasi, tenaren sin: «Sjå, der kjem kvinna frå Sjunem! 26Spring straks til møtes med henne og sei: Står det bra til med deg og mannen din og guten?» «Ja, det står bra til», svara ho. 27Då ho kom opp på fjellet til gudsmannen, tok ho om føtene hans. Gehasi gjekk fram og ville skuva henne bort. Men gudsmannen sa: «Lat henne vera! Ho ber ei bitter sorg, men Herren har løynt det for meg og har ikkje late meg få vita det.» 28Kvinna sa: «Har eg bede deg om ein son, herre? Eg sa då at du ikkje måtte gje meg falske voner.»
29 # Luk 10,4 Då sa Elisja til Gehasi: «Spenn beltet om livet, ta staven min i handa og gå av stad! Møter du nokon på vegen, så helsa ikkje på han, og helsar nokon på deg, så svara han ikkje! Du skal leggja staven min over andletet til guten.» 30Mor til guten sa: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg går ikkje frå deg!» Då stod profeten opp og følgde henne.
31Gehasi fór føre dei og la staven over andletet til guten. Men det var ikkje ein lyd å høyra, ikkje eit livsteikn å sjå. Så gjekk han tilbake, og då han møtte Elisja, fortalde han at guten ikkje hadde vakna. 32Då Elisja kom fram til huset, låg guten død i senga. 33#Apg 9,40 Han gjekk inn og stengde døra så han vart åleine med guten. Han bad til Herren, 34#1 Kong 17,21; Apg 20,10 og så steig han opp i senga og la seg over guten med munnen mot hans munn, auga mot hans auge og hendene mot hans hender. Då Elisja bøygde seg ned over han, vart kroppen til guten varm. 35Elisja reiste seg opp att og gjekk ein gong att og fram i huset. Så steig han opp i senga att og bøygde seg over guten. Då naus guten sju gonger og slo auga opp.
36 # Luk 7,15; Hebr 11,35 Elisja ropa på Gehasi og sa: «Rop på Sjunem-kvinna vår!» Han ropa på henne, og ho kom inn til han. Då sa profeten: «Ta guten din!» 37Ho kom og kasta seg ned for føtene hans og bøygde seg med andletet mot jorda. Så tok ho guten sin og gjekk ut.
Død i gryta
38Elisja vende attende til Gilgal. På den tid var det hungersnaud i landet. Ein gong medan profetsveinane sat hos han, sa han til tenaren sin: «Set over den store gryta og kok mat til profetlæresveinane!» 39Ein av dei gjekk då ut på marka for å sanka urter. Han fann nokre villranker og plukka kappa full av nye skot. Då han kom tilbake, skar han dei opp og hadde dei i gryta, utan at nokon visste om det. 40Dei auste opp så mennene kunne få eta. Men då dei smaka på maten, skreik dei opp og ropa: «Det er død i gryta, gudsmann!» Og dei kunne ikkje eta det. 41Då sa Elisja: «Hent litt mjøl!» Det hadde han opp i gryta og sa: «Aus no opp til folket, så dei får eta.» Då var det ikkje lenger noko skadeleg i gryta.
Brødunderet
42 # 4 Mos 18,12f # 4,42 Baal-Sjalisja truleg ein stad nær Lod (Lydda). Ein dag kom det ein mann frå Baal-Sjalisja. Han hadde med seg brød til gudsmannen, tjue byggbrød som var baka av førstegrøda. Nyhausta korn hadde han òg i skreppa. Då sa Elisja: «Gjev det til folket så dei får eta.» 43#Matt 14,17; 15,33; Joh 6,9 Men tenaren hans sa: «Korleis kan eg setja fram dette for hundre mann?» «Gjev det til folket så dei får eta», tok Elisja opp att. «For så seier Herren: Dei skal eta og få meir enn nok.» 44#Matt 14,20; 15,37; Joh 6,12f Så sette han det fram for dei. Dei åt, og det vart meir enn nok, som Herren hadde sagt.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring