2. Kongebok 20

20
Sjukdomen til kong Hiskia
1 # 2 Krøn 32,24; Jes 38,1ff På den tida vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja, son til Amos, til han og sa: «Så seier Herren: Få orden på ditt hus, for du skal døy og ikkje leva lenger.» 2#Sal 30,3 Då vende Hiskia andletet mot veggen og bad til Herren. 3«Å, Herre», sa han, «hugs at eg har vandra i sanning og med heilt hjarte for ditt andlet og gjort det som er godt i dine auge.» Og Hiskia gret høgt.
4Jesaja var endå ikkje komen ut av den midtre borggarden før Herrens ord kom til han igjen: 5#19,20 «Gå tilbake og sei til Hiskia, fyrsten over folket mitt: Så seier Herren, Gud åt David, stamfar din: Eg har høyrt di bøn og sett tårene dine. No gjer eg deg frisk att. Om to dagar kan du gå opp til Herrens hus. 6#19,34; Sal 61,7 Eg legg endå femten år til levedagane dine. Eg skal berga deg og denne byen frå handa til assyrarkongen. Og eg vil verna denne byen for mi eiga skuld og for min tenar Davids skuld.» 7#Jes 38,21 Så sa Jesaja: «Hent ei fikenkake!» Dei gjorde det, og då dei la fikenkaka på det verkjande såret, friskna kongen til.
8 # 1 Mos 24,12–14; Jes 7,10–14 Hiskia spurde Jesaja: «Kva skal eg ha til teikn på at Herren vil gjera meg frisk att, så eg om to dagar kan gå opp til Herrens hus?» 9Jesaja svara: «Dette skal du ha til teikn frå Herren på at han vil halda det han har lova: Skal skuggen på soluret gå ti strekar fram eller ti strekar tilbake?» 10Hiskia sa: «Det er lett for skuggen å strekkja seg ti strekar fram. Nei, skuggen skal gå ti strekar tilbake!» 11Då ropa profeten Jesaja til Herren, og han lét skuggen på soluret til Ahas gå ti strekar tilbake, like langt som han før hadde gått fram.
Sendeboda frå kongen av Babel
12 # Jes 39,1 På den tid sende Babel-kongen Merodak Baladan, son til Baladan, brev og gåver til Hiskia. For han hadde høyrt at han hadde vore sjuk. 13Hiskia vart glad då sendeboda kom. Han viste dei heile huset der han hadde skattane sine, sølvet og gullet, parfymen og den finaste oljen, våpenhuset og alt som fanst i skattkammera hans. Det var ikkje den ting i heile hans slott og rike som Hiskia ikkje viste dei.
14Då kom profeten Jesaja til kong Hiskia og spurde han: «Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå?» «Dei kom frå eit land langt borte», svara Hiskia, «frå Babel.» 15«Kva fekk dei sjå i slottet ditt?» spurde profeten. Hiskia svara: «Alt det som finst i slottet mitt, fekk dei sjå. Det var ikkje den ting i skattkammera mine som eg ikkje viste dei.»
16Då sa Jesaja til Hiskia: «Høyr Herrens ord! 17#24,13ff Sjå, dagar skal koma då alt som er i slottet ditt, det som fedrane dine har samla til denne dag, skal førast bort til Babel. Ingen ting skal bli att, seier Herren. 18#Dan 1,3ff Dei skal ta nokre av sønene dine, av dei som stammar frå deg, og som du er opphav til, og gjera dei til hoffmenn i slottet til kongen av Babel.» 19Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er det ordet frå Herren som du har tala.» Han sa til seg sjølv: «Freden er nok trygg så lenge eg lever.»
20 # 2 Krøn 32,30 # 20,20 dammen og tunnelen Då Hiskia var konge, vart det laga ein tunnel som førte vatn frå Gihon-kjelda i Kedron-dalen (jf. 1 Kong 1,33) til ein ny dam, Siloa-dammen. Jf. Luk 13,4; Joh 9,7.11. Ei betre vasstilførsel var avgjerande når det gjaldt å verja byen. Det som elles er å seia om Hiskia og alle dei storverk han gjorde, korleis han laga dammen og tunnelen og leidde vatnet inn i byen, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 21Hiskia gjekk til kvile hos fedrane sine, og son hans, Manasse, vart konge etter han.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring