2. Kongebok 2

2
Elia blir oppteken til himmelen
1 # 2,1 Gilgal i Efraim. >5 Mos 11,30. Den gongen Herren tok Elia opp til himmelen i ein storm, gjekk det slik til: Elia og Elisja gjekk saman ut frå Gilgal. 2Elia sa til Elisja: «Ver her! For Herren sender meg til Betel.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei ned til Betel. 3Profetlæresveinane i Betel kom ut til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit òg det. Tei berre stilt!»
4Så sa Elia til han: «Ver her, Elisja! For Herren sender meg til Jeriko.» Han svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei til Jeriko. 5Profetlæresveinane der i byen kom bort til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det. Tei berre stilt!»
6No sa Elia til han: «Ver her! For Herren sender meg til Jordan.» Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei vidare saman. 7Femti av profetlæresveinane følgde etter dei. Dei vart ståande midt imot Elia og Elisja langt borte, medan dei to stilte seg opp ved Jordan.
8 # 2 Mos 14,21; Jos 3,16 Elia tok kappa si, rulla henne saman og slo på vatnet. Då skilde vatnet seg, og begge gjekk over på tørre botnen. 9#5 Mos 21,17 Medan dei gjekk over, sa Elia til Elisja: «Sei meg, kva kan eg gjera for deg før eg blir teken frå deg?» Elisja sa: «Lat meg få ånda di i dobbelt mål!» 10Elia svara: «Det er vanskeleg, det du ber om. Men ser du meg når eg blir teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.»
11 # 1 Mos 5,24 Medan dei gjekk der og snakka saman, kom det brått ei eldvogn med eldhestar føre og skilde dei frå kvarandre. Og Elia fór opp til himmelen i stormen. 12#2,12 Min far Slik tala gjerne ein læresvein til meisteren sin. Jf. Matt 23,9. Då Elisja såg dette, ropa han: «Min far, min far! Israels vogner og ryttarar!» Då han ikkje kunne sjå han lenger, tok han tak i kleda sine og reiv dei i to stykke. 13#1 Kong 19,19 Så tok han opp kappa til Elia, som hadde falle av han. Han gjekk tilbake og stilte seg ved bredda av Jordan. 14Der tok han kappa som hadde falle av Elia, slo på vatnet og sa: «Kvar er Herren, Elias Gud?» Elisja slo òg på vatnet så det skilde seg, og han gjekk over.
15Profetlæresveinane frå Jeriko som stod midt imot han, såg dette og sa: «Ånda til Elia kviler over Elisja.» Og dei kom imot han og kasta seg til jorda for han. 16Så sa dei: «Det er femti sterke menn her hos tenarane dine. Lat dei gå av stad og leita etter meisteren din! Kanskje Herrens ande har lyft han opp og sleppt han ned på eit av fjella eller i ein dal.» Han svara: «De skal ikkje senda nokon.» 17Men dei trygla og bad han heilt til han gav etter og sa: «Så send dei ut!» Så sende dei ut femti mann som leita etter Elia i tre dagar, men dei fann han ikkje. 18Dei kom tilbake til Elisja, som hadde vorte verande i Jeriko. Og han sa til dei: «Var det ikkje det eg sa, at de ikkje skulle gå?»
Elisja gjer under i Jeriko og Betel
19 # 2 Mos 15,23ff Mennene i Jeriko sa til Elisja: «Som du ser, herre, ligg byen fint til. Men vatnet er dårleg, og jorda gjev ikkje grøde.» 20Då sa han: «Hent eit nytt fat til meg og ha salt oppi det!» Dei gjorde det. 21Og så gjekk han ut til den staden der vatnet strøymde fram, kasta salt nedi og sa: «Så seier Herren: No gjer eg dette vatnet friskt. Det skal aldri meir valda død eller øydeleggja avling.» 22Sidan har vatnet vore friskt, heilt til denne dag. Det gjekk som Elisja hadde sagt.
23Frå Jeriko drog profeten opp til Betel. Medan han var på vegen, kom nokre smågutar ut av byen. Dei gjorde narr av han og ropa: «Kom deg vekk, din snauskalle! Kom deg vekk, din snauskalle!» 24Då han snudde seg og fekk sjå dei, forbanna han dei i Herrens namn. Og to bjørnar kom ut or skogen og reiv i hel førtito av borna.
25Frå Betel drog Elisja til Karmelfjellet, og så vende han attende til Samaria.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring