2. Kongebok 16

16
Ahas søkjer hjelp hos assyrarkongen
1 # 2 Krøn 28,1ff I det syttande styringsåret til Pekah, son til Remalja, vart Ahas, son til Jotam, konge i Juda. 2Han var tjue år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Ahas gjorde ikkje det som rett var i Herren hans Guds auge slik som David, stamfar hans, hadde gjort, 3#3 Mos 18,21; 2 Kong 8,18#16,3 lét … gå gjennom elden viser til ein religiøs skikk med barneofring. >5 Mos 18,10. Han følgde i fotefara til Israels-kongane. Han lét jamvel son sin gå gjennom elden. Dette var ein avskyeleg skikk som han fekk frå dei folkeslaga som Herren hadde drive vekk framfor israelittane. 4#17,10; Jer 2,20 Han ofra og tende offereld på haugane og høgdene og under kvart frodig tre.
5 # 15,37; Jes 7,1 På den tida drog aramearkongen Resin og Israels-kongen Pekah, son til Remalja, i krig mot Jerusalem. Dei kringsette Ahas, men greidde ikkje å gå til åtak. 6#14,22 Det var den gongen aramearkongen Resin vann Eilat tilbake til Aram og dreiv judearane ut av byen. Så kom det edomittar og busette seg i Eilat, og dei bur der den dag i dag.
7 # 2 Krøn 28,16 Då sende Ahas bod til assyrarkongen Tiglat-Pileser og sa: «Eg er din tenar og din son. Kom og berg meg frå aramearkongen og Israels-kongen som har reist seg mot meg.» 8#1 Kong 15,18ff Ahas tok sølvet og gullet som var i Herrens hus og i skattkammera i kongeborga, og sende det som gåve til kongen av Assur. 9#Am 1,5#16,9 Kir land i Mesopotamia, det opph. heimlandet til aramearane. Jf. Jes 22,6; Am 9,7. Og assyrarkongen høyrde på han. Han drog opp mot Damaskus og tok byen. Folket som budde der, førte han bort til Kir, og Resin drap han.
Omskifte i tempelet
10Kong Ahas drog til Damaskus og ville møta assyrarkongen Tiglat-Pileser. Då han fekk sjå det altaret som var der, sende han bod til presten Uria med bilete av altaret og ei teikning som i eitt og alt viste korleis det var laga. 11Og før kong Ahas kom att frå Damaskus, hadde presten Uria bygd altaret. Han hadde i eitt og alt følgt den skissa som kong Ahas hadde sendt frå Damaskus. 12Då kongen kom heim att frå Damaskus og fekk sjå altaret, gjekk han fram for det og ofra på det. 13Han brende sitt brennoffer og sitt grødeoffer og auste ut drikkofferet, og blodet av fredsoffera sine stenka han på altaret. 14Men bronsealtaret som stod for Herrens andlet, flytte han bort frå den staden det hadde hatt framfor tempelet, mellom det nye altaret og Herrens hus. Og han sette det på nordsida av det nye altaret.
15Kong Ahas gav presten Uria dette påbodet: «På det store altaret skal du brenna brennofferet om morgonen og grødeofferet om kvelden, både brennofferet for kongen og grødeofferet hans og brennofferet for heile folket og grødeofferet og drikkofferet deira. Du skal stenka alt blodet av brennofferet og slaktofferet på det store altaret. Men bronsealtaret skal eg bruka når eg tek varsel.» 16Og presten Uria gjorde i eitt og alt som kongen hadde pålagt han.
17 # 1 Kong 7,23ff Kong Ahas skar av tverrlistene på vognstativa og tok vekk vaskefata. Så tok han havet ned av bronseoksane som bar det, og sette det på eit underlag av stein. 18#16,18 sabbatsgangen den inngangen til tempelet som kongen nytta på sabbaten. Jf. Esek 46,1f. Av omsyn til assyrarkongen flytte han den overbygde sabbatsgangen og den ytre kongeinngangen som var i Herrens hus.
19Det som elles er å seia om Ahas og det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 20#18,1ff Så gjekk Ahas til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i Davidsbyen. Hiskia, son hans, vart konge etter han.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring