2. Kongebok 12
N11NN
12
Tempelet blir sett i stand
1 # 2 Krøn 24,1ff Det var i det sjuande styringsåret til Jehu at Joasj vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Beer-Sjeba. 2Så lenge han levde, gjorde Joasj det som rett var i Herrens auge, slik presten Jojada hadde lært han. 3#1 Kong 15,14 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram å ofra og tenna offereld på haugane.
4 # 2 Mos 30,12ff; 3 Mos 27,2ff; 4 Mos 18,15ff Joasj sa til prestane: «Alle dei heilage gåvene som kjem inn til Herrens hus i form av gangbar mynt – det som kvar einskild skal betala i skatt eller vil gje etter eige ønske – alt skal førast til Herrens hus, 5og prestane skal ta imot, kvar frå sine underordna. Så skal dei setja tempelet i stand, alle stader der det er skadd.»
6Men i det tjuetredje året Joasj var konge, hadde prestane enno ikkje sett tempelet i stand der det var skadd. 7Då kalla kong Joasj presten Jojada og dei andre prestane til seg og sa: «Kvifor bøter de ikkje brestene i Herrens hus? No skal de ikkje lenger ta imot pengar frå dykkar underordna, men gje dei frå dykk så tempelet kan setjast i stand.» 8Prestane gjekk med på at dei ikkje skulle ta imot pengar av folket. Men så skulle dei heller ikkje setja i stand tempelet.
9Presten Jojada tok ei kiste, bora hòl i loket og sette henne på høgre sida av altaret. Når folk kom til tempelet, la prestane som heldt vakt ved inngangen, alle pengane som kom inn til Herrens hus, i kista. 10Når dei såg at det var mange pengar i kista, kom skrivaren til kongen og overpresten. Dei samla og talde opp pengane som fanst i Herrens hus. 11#22,4ff Så vog dei opp pengane og gav dei til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei til tømmermennene og bygningsmennene som arbeidde på tempelet, 12til murarane og steinhoggarane. Dei brukte dei òg til å kjøpa tre og hoggen stein så dei kunne setja Herrens hus i stand att. Slik dekte dei alle utgiftene med å halda tempelet i stand. 13Men dei pengane som kom inn til tempelet, vart ikkje brukte til å laga sølvbollar, lysesakser, offerskåler eller trompetar eller noko anna utstyr av gull eller sølv. 14Pengane vart gjevne til arbeidsleiarane, som sytte for å setja Herrens hus i stand. 15Ingen heldt rekneskap med dei som tok imot pengane og gav dei til handverkarane, for dei fór ærleg fram. 16#3 Mos 5,15ff; 4 Mos 5,8ff Pengar frå skuldofferet og frå syndofferet gjekk ikkje til Herrens hus. Dei fekk prestane.
17På den tid gjekk aramearkongen Hasael til åtak på Gat og tok byen. Så sette han seg føre å fara opp mot Jerusalem. 18#1 Kong 15,18; 2 Kong 16,8; 18,15; 2 Krøn 24,23ff Då tok Joasj, Juda-kongen, alle dei heilage tinga som forfedrane hans, Juda-kongane Josjafat, Joram og Ahasja, hadde helga til tempelet, og det han sjølv hadde helga. Saman med alt gullet som fanst i skattkammera, både i Herrens hus og i kongeborga, sende han det til Hasael, aramearkongen. Han drog då bort frå Jerusalem.
19Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 20#Dom 9,6; 2 Kong 14,19; 15,10.25#12,20 Millo-huset Jf. Millo. >2 Sam 5,9. Mennene hans reiste seg mot kongen og fekk til ei samansverjing. Dei drap Joasj i Millo-huset då han var på veg ned mot Silla. 21Dei kongsmennene som slo han i hel, var Josakar, son til Sjimat, og Josabad, son til Sjomer. Dei gravla han hos fedrane hans i Davidsbyen, og Amasja, son hans, vart konge etter han.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk