2. Johannes 1
1
Helsing
1 #
1 Pet 5,1; 3 Joh 1 # 1 Den eldste ein leiar i forsamlinga. =tenester. den utvalde frua forsamlinga. Den eldste helsar den utvalde frua og borna hennar, som eg i sanning elskar, ja, ikkje berre eg, men alle som har lært sanninga å kjenna. 2Henne elskar vi fordi sanninga bur i oss og vil vera med oss til evig tid. 3#1 Tim 1,2Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og frå Jesus Kristus, hans Son, vere med oss – i sanning og kjærleik.
Sanning og kjærleik
4 #
3 Joh 3f Eg vart inderleg glad då eg møtte nokre av borna dine og såg at dei går fram i sanninga, slik vår Far har gjeve oss påbod om. 5#Matt 22,37ff; 1 Joh 2,7.24; 3,11Og no legg eg deg på hjartet, frue, ikkje eit nytt bod som eg skriv til deg, men eitt vi har hatt frå første stund: at vi skal elska kvarandre. 6#Joh 14,15.23f; 1 Joh 5,3Og dette er kjærleiken: at vi går fram etter hans bod. Dette bodet har de høyrt frå første stund, og etter det skal de gå fram.
Falske lærarar
7 #
1 Joh 2,18f+; 4,1 # 7 Antikrist «mot-Kristus», tittel på ein hovudmotstandar av Kristus. For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Dette er forføraren, Antikrist! 8#8 de har arbeidd for Mange handskrifter har «vi har arbeidd for».Vakta dykk, så de ikkje mistar det de har arbeidd for, men får den fulle løna.
9 #
1 Joh 2,23; 4,15 Den som ikkje blir verande i Kristi lære, men går ut over den, er òg utan Gud. Den som blir verande i læra, har fellesskap både med Sonen og med Faderen. 10#Matt 10,13f; Apg 19,9; Rom 16,17+Kjem det nokon til dykk og ikkje har denne læra, skal de ikkje ta han inn i huset og ikkje ønskja han velkomen! 11For den som ønskjer han velkomen, blir medskuldig i alt det vonde han gjer.
Sluttord
12 #
3 Joh 13f Eg har enno mykje meir eg kunne skriva til dykk, men eg vil ikkje seia det med papir og blekk. For eg håpar å få koma til dykk og tala med dykk, andlet til andlet, så gleda vår kan vera fullkomen.
13 # 13 Borna til syster di dei kristne i forsamlinga som brevet er sendt frå. Borna til syster di, ho som er utvald, helsar deg.
Markert nå:
2. Johannes 1: Bibel2011
Marker
Del
Kopier

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.