2. Korintar 8
N11NN
8
Innsamlinga til forsamlinga i Jerusalem
(Kap. 8–9)
Forsamlingane i Makedonia, eit føredøme
1 # Apg 24,17; Rom 15,25ff; 1 Kor 16,1; Gal 2,10 Vi vil no kunngjera dykk, sysken, kva nåde Gud har vist forsamlingane i Makedonia. 2For sjølv om dei har vore hardt prøvde i si naud, har den overstrøymande gleda og djupe fattigdomen deira gjort dei rike og villige til å gje. 3#9,7 Dei gav etter evne, det kan eg vitna, ja, over evne, og det frivillig. 4Inderleg bad dei om å få vera med på gåva saman med oss i denne tenesta for dei heilage. 5Og dei gav ikkje berre slik som vi håpa. Nei, seg sjølve gav dei, først til Herren og så til oss, som Gud vil det. 6Difor bad vi Titus om å gjera ferdig den gåva han alt hadde byrja på hos dykk.
7 # 1 Kor 1,5 De har overflod av alt, av tru og tale, av kunnskap og iver og av kjærleiken frå oss, den som no bur i dykk. Så må de òg la overfloda visa seg i denne gåva. 8Eg seier ikkje dette som eit påbod, men eg nemner iveren hos dei andre for å prøva om kjærleiken dykkar er ekte. 9#Matt 8,20; Fil 2,6f De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike. 10#1 Kor 16,1f Eg seier mi meining om dette; det kan vera til nytte for dykk, de som i fjor ikkje berre gjekk inn i arbeidet, men òg la godviljen til. 11No gjeld det å fullføra verket. Liksom de var villige til å gå i gang, må de no vera villige til å fullføra, alt etter kor mykje de har. 12#Mark 12,42–44 For når den gode viljen er til stades, skal han verdsetjast etter det ein har, og ikkje etter det ein ikkje har. 13For det er ikkje slik meint at andre skal få hjelp, og at de skal ha det trongt; det skal vera likt. 14Denne gongen er det de som har overflod og kan hjelpa dei som lid naud. Ein annan gong har dei overflod og kan hjelpa dykk når de lid naud. Så blir det likt, 15#2 Mos 16,18 slik det står skrive:
Den som fekk mykje,
hadde ikkje meir enn han trong,
og den som fekk lite,
mangla ingen ting.
Titus og utsendingane frå forsamlingane
16Men Gud vere takk som har vekt den same omsorg for dykk i hjartet til Titus. 17Han sa ja då eg bad han, og vart så ivrig at han no reiser til dykk etter eige ønske. 18Saman med han sender vi den broren som får ros i alle forsamlingane for sitt arbeid for evangeliet. 19Ja, ikkje berre det, forsamlingane har valt han til å følgja oss når vi reiser med denne gåva og kjem med henne til Herrens ære, og som teikn på vår gode vilje. 20På den måten kan ingen lasta oss for noko i samband med den store summen som vi har hand om. 21#Ordt 3,4; Rom 12,17 For vi legg vinn på å gjera det som godt er, ikkje berre for Herren, men òg for menneske. 22Saman med desse to sender vi endå ein bror. Mange gonger og på mange måtar har han vist oss kor ivrig han er, og ettersom han har stor tiltru til dykk, er han endå meir ivrig etter å koma i gang.
23Når det gjeld Titus, så kom i hug at han er min medhjelpar og medarbeidar hos dykk. Dei andre brørne, dei er utsendingar frå forsamlingane, til ære for Kristus. 24#7,14 Vis dei no den kjærleiken de har, og lat dei og alle forsamlingane få sjå at det er med rette eg har rosa dykk.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk