2. Korintar 7
N11NN
7
1 # 1 Joh 3,3 Mine kjære, når vi har desse lovnadene, så lat oss reinsa oss frå all ureinskap på kropp og sjel og fullføra vår helging med gudsfrykt.
Glede over at forsamlinga angrar
2 # 12,17 Gjer rom for oss i hjartet dykkar! Ingen av dykk har vi gjort urett, ingen har vi skadd, ingen har vi utnytta. 3#3,2; 6,11ff Dette seier eg ikkje for å dømma, for eg har alt sagt at de er i hjartet vårt, så vi både skal døy i lag og leva i lag. 4Stor er mi tiltru til dykk, og eg er storleg stolt av dykk. Eg har vorte rikeleg trøysta og har ei overflod av glede midt i all vår naud.
5 # 2,13 For då vi kom til Makedonia, vart det heller ikkje lettare for oss. Vi møtte berre motgang; strid omkring oss og angst inne i oss. 6#Jes 49,13; 2 Kor 1,3f Men Gud, som trøystar dei nedbøygde, han trøysta oss med at Titus kom. 7Ja, ikkje berre med at han kom, men òg med den trøysta han hadde fått hos dykk. Han fortalde korleis de lengta og sørgde, og kor brennande ivrig de står saman med meg. Dette gledde meg endå meir.
8 # 7,8 brevet mitt >2,3. Om eg gjorde dykk sorgfulle med brevet mitt, så angrar eg ikkje. Først angra eg nok, for eg såg at brevet gjorde dykk sorgfulle, om så berre ei lita stund. 9Men no er eg berre glad, ikkje fordi eg gjorde dykk sorgfulle, men fordi sorga dreiv dykk til omvending. For dette var ei sorg etter Guds vilje; difor har vi ikkje gjort dykk nokon skade. 10#Matt 27,3ff Sorg som er etter Guds vilje, fører til omvending og frelse, og det angrar ingen. Men sorg som er av denne verda, fører til død. 11For denne sorga etter Guds vilje, sjå for ein iver ho har skapt! Sjå berre kor de forsvarar dykk, og kor opprørte de er, kor de ottast, og kor de lengtar, kor brennande de er, og kor de refsar! På alle måtar har de stått fram som uskuldige i denne saka. 12Då eg skreiv til dykk, var det ikkje på grunn av han som hadde gjort urett, heller ikkje på grunn av han som hadde lide urett, men for at de sjølve, for Guds andlet, skulle bli klåre over kor ivrig de står saman med meg.
13Alt dette gav oss trøyst og mot. Og i tillegg til denne trøysta gledde det meg endå meir å sjå kor glad Titus var. De har alle vore med og gjort han roleg til sinns. 14Så når eg har skrytt av dykk til han, har eg ikkje vorte til skamme. Nei, liksom vi alltid har tala sant til dykk, har våre rosande ord til Titus òg vist seg å vera sanning. 15#2,9#7,15 respekt og ærefrykt Uttrykket har bakgrunn i jødisk andaktsliv og står for den rette haldninga overfor Gud. Hjartet hans er fylt av ein endå større kjærleik til dykk no når han tenkjer på kor lydige de alle var, korleis de tok imot han med respekt og ærefrykt. 16Eg gleder meg over at eg i eitt og alt kan lita på dykk.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk