2. Korintar 5

5
1 # Job 4,19; 2 Pet 1,13f # 5,1 teltet eit bilete på kroppen som forgjengeleg, jf. v. 6. Telt blir òg assosiert med oppbrot. For vi veit at om det blir nedrive, dette teltet som er vårt jordiske hus, så har vi i himmelen ein bygning som er frå Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender. 2#Rom 8,23#5,2 himmelske bustad den nye kroppen etter oppstoda. Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å bli overkledde med vår himmelske bustad. 3#5,3 når vi slik er kledde Nokre gr. handskrifter har «når vi blir avkledde». For når vi slik er kledde, skal vi ikkje bli ståande nakne. 4#1 Kor 15,53 Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi ønskjer ikkje å bli avkledde, men påkledde, så det dødelege kan bli oppslukt av livet. 5#1,22+ Den som har gjort oss i stand til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant. 6#Hebr 11,13 Difor er vi alltid ved godt mot, endå vi veit at så lenge vi er heime i kroppen, er vi borte frå Herren. 7#1 Kor 13,12 For vi vandrar i tru, utan å sjå. 8#Fil 1,23 Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå kroppen og heim til Herren. 9Difor, anten vi er heime eller har flytt bort, set vi vår ære i å vera til glede for han. 10#Matt 25,31ff; Apg 17,31; Rom 2,16; 14,10 For vi må alle fram for Kristi domstol, så kvar og ein kan få si løn for det han har gjort gjennom livet i kroppen, anten godt eller vondt.
Forsoningstenesta
11 # 4,2 Fordi vi veit kva det er å ha ærefrykt for Herren, prøver vi å vinna menneske. Men livet vårt ligg ope for Gud, og eg håpar at det òg ligg ope for dykk, slik at de kjenner oss. 12#3,1 Vi prøver ikkje no igjen å koma med lovord om oss sjølve, men vi gjev dykk høve til å vera stolte av oss, så de kan ha noko å svara dei som skryter av det dei er i det ytre og ikkje i hjartet. 13#11,16; 12,11 For har vi vore i ekstase, så var det for Gud. Og er vi ved sans og samling, så er det for dykk. 14For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døydd. 15#Rom 14,7f; 1 Tim 2,6 Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.
16Så kjenner vi ikkje lenger nokon berre på menneskevis. Og har vi før kjent Kristus på menneskevis, så kjenner vi han ikkje lenger slik. 17#Gal 6,15; Ef 4,24 Nei, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, noko nytt har vorte til! 18#Rom 5,10 Men alt dette er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg og gav oss forsoningstenesta. 19#Rom 3,24f; Kol 1,19f Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han tiltrudde oss ordet om forsoninga. 20#Jes 52,7; Luk 10,16 Så er vi no sendebod for Kristus, og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud! 21#Rom 1,16f; 8,3+; 1 Pet 2,22.24#5,21 rettferdige for Gud rettferda som kjem frå Gud, og som mennesket tek imot i trua på Jesus. Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal bli rettferdige for Gud i han.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring