2. Korintar 11
N11NN

2. Korintar 11

11
Paulus og dei falske apostlane
1Eg skulle ønskja de ville tola litt dårskap frå meg! Ja, de får tola det! 2#Jes 62,5; Hos 2,2.19f; Matt 9,15; Joh 3,29; Ef 5,23ff; Op 19,7 For eg vaktar dykk med Guds brennande sjalusi. Eg har lova dykk bort til Kristus, og berre til han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein jomfru. 3#1 Mos 3,1ff Men eg er redd at liksom ormen narra Eva med sine listige knep, slik skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4#Gal 1,6ff For de toler svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot. 5#12,11 Men eg meiner at eg ikkje på nokon måte er mindre enn desse superapostlane. 6#1 Kor 1,17; 2,1ff; Ef 3,4 Om eg kanskje er ulærd i talekunst, er eg ikkje utan kunnskap, og den har eg alltid og i alle stykke lagt fram for dykk.
7 # 1 Kor 9,12.18 Gjorde eg kanskje ei synd då eg forkynte Guds evangelium for dykk utan betaling, og slik audmjuka meg sjølv så de kunne opphøgjast? 8#Fil 4,10.15 Andre forsamlingar har eg nærast plyndra; eg tok løn av dei så eg kunne gjera teneste hos dykk! 9#12,13#11,9 brørne … frå Makedonia Etter Fil 4,15 fekk Paulus støtte frå forsamlinga i Filippi, som låg i Makedonia. Jf. Apg 18,5. Og då eg var hos dykk, var eg ikkje ei bør for nokon av dykk når det var noko eg trong; for brørne som kom frå Makedonia, gav meg det eg mangla. Alltid passa eg på å ikkje vera ei bør for dykk, og det skal eg framleis gjera. 10#1 Kor 9,15 Så visst som Kristi sanning bur i meg, denne ros skal ingen i heile Akaia ta frå meg! 11Kvifor? Fordi eg ikkje elskar dykk? Det veit Gud at eg gjer.
12Men det eg har gjort, det vil eg òg gjera heretter. For det finst nokre som gjerne vil finna ein grunn til å skryta av at dei er som eg, men den grunnen skal eg ta frå dei. 13#2,17; Fil 3,2; Op 2,2 Dei er falske apostlar, trulause arbeidarar som gjev seg ut for å vera Kristi apostlar. 14Og det er ikkje å undrast på, for Satan sjølv skaper seg om til ein lysengel. 15Og då er det ikkje merkeleg at tenarane hans skaper seg om til tenarar for rettferda. Men løna dei får til sist, skal svara til gjerningane deira.
Paulus må lida fordi han er apostel
16 # 12,6 På nytt seier eg: Ingen må tru at eg er frå sans og samling. Men om de gjer det, så lat meg vera vitlaus, så eg òg kan skryta litt. 17Det eg seier, det seier eg ikkje fordi Herren vil det; eg seier det i eit slag vanvit. 18#Fil 3,4 Men sidan det er så mange som gjer seg stolte av sine menneskelege fordelar, vil eg òg vera stolt. 19De som er så kloke, toler vel folk som har mista vitet. 20For de toler då at dei gjer dykk til slavar, at dei utnyttar dykk og fangar dykk, ser ned på dykk og slår dykk i andletet. 21Med skam må eg vedgå at vi i så måte har vore altfor veike!
Men det dei andre vågar – no talar eg i vanvit – det kan vel eg òg våga. 22#Apg 23,6; 26,5; Rom 11,1; Fil 3,5 Er dei hebrearar? Det er eg òg. Er dei israelittar? Eg òg. Er dei av Abrahams ætt? Eg òg. 23#1 Kor 4,9ff+; 15,10#11,23–29 >4,8. Er dei Kristi tenarar? Eg seier i mitt vanvit: Eg er det endå meir. Eg har hatt større strev, vore oftare i fengsel, fått langt fleire slag og mange gonger vore i dødsfare. 24#11,24 dei førti slaga på eitt nær Trettini slag var vanleg straff hos jødane. Jf. 5 Mos 25,2f. Av jødane har eg fem gonger fått dei førti slaga på eitt nær. 25#Apg 14,19; 16,22 Tre gonger vart eg piska, ein gong steina, tre gonger leid eg skipbrot, og ein gong dreiv eg eit heilt døgn omkring på havet. 26#Apg 9,23; 14,5; 20,3; 27,9f Ofte var eg på reiser, i fare på elvar, i fare mellom røvarar, i fare mellom landsmenn, i fare mellom utlendingar, i fare i byar, i fare i øydemark, i fare på hav, i fare mellom falske sysken, 27#6,5 i slit og strev, ofte i nattevaking, i svolt og tørste, ofte fastande og utan klede i kulden. 28I tillegg til alt det andre har eg det som dagleg ligg på meg, omsorga for alle forsamlingane. 29#Rom 9,2f; 1 Kor 9,22 Kven er veik utan at eg òg blir veik? Kven fell ifrå utan at det brenn i meg?
30 # 12,5 Om eg likevel skal vera stolt, vil eg vera stolt av veikskapen min. 31Gud, vår Herre Jesu Far, han som er velsigna i all æve, han veit at eg ikkje lyg! 32#Apg 9,23ff#11,32 kong Aretas Aretas 4., som rådde over det arabiske handelsfolket nabatearane frå 9 f.Kr. til 40 e.Kr. I Damaskus sette landshovdingen til kong Aretas ut vakter fordi han ville gripa meg. 33Men eg vart firt ned i ei korg frå ei luke i bymuren og slapp ut av hendene hans.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk