2. Krønikebok 8

8
Salomo fullfører verket
1 # 1 Kong 9,10–28 Då dei tjue åra var gått som Salomo hadde brukt til å byggja Herrens hus og kongeborga, 2bygde han opp att dei byane som Hiram hadde gjeve han, og lét israelittar busetja seg der. 3#8,3 Hamat-Soba i aramearriket Soba. >1 Sam 14,47. Så drog Salomo til Hamat-Soba og tok byen. 4#8,4 Tadmor Palmyra i ørkenområdet nordaust for Damaskus. Han bygde opp att Tadmor i ørkenen og alle byane med lagerhus som han hadde bygd i Hamat. 5Like eins bygde han opp att Øvre Bet-Horon og Nedre Bet-Horon til festningsbyar med murar, portar og bommar, 6og Baalat og alle byane der Salomo hadde lagerhus, og alle dei byane der han hadde vognene og hestane sine. Han bygde òg alt han ønskte seg både i Jerusalem og i Libanon, i heile det riket han rådde over.
7Framleis var det att i landet hetittar, amorittar, perisittar, hevittar og jebusittar, folk som ikkje høyrde Israel til. 8#Jos 16,10 Salomo la pliktarbeid på etterkomarane av desse folka, så mange som endå var att i landet fordi israelittane ikkje hadde gjort ende på dei. Slik har det vore til denne dag. 9Men han sette ingen av israelittane til å gjera slavearbeid; dei var krigarar, offiserar, vognkommandantar og ryttarar. 10Arbeidsformennene til kong Salomo var to hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med arbeidsfolket.
11Salomo førte dotter til farao frå Davidsbyen opp til det huset han hadde bygd for henne. Han sa: «Det skal ikkje bu noka kvinne i huset til David, Israels-kongen. For det er heilagt, sidan Herrens paktkiste er komen dit.»
12Så ofra Salomo brennoffer til HerrenHerrens altar som han hadde bygd framfor forhallen. 13#2 Mos 23,14ff; 4 Mos 28,2ff#8,13 sabbatsdagane … lauvhyttefesten =festar og høgtider. Kvar dag ofra han så mykje som Moses hadde påbode, på sabbatsdagane og nymånedagane og på dei tre høgtidene i året: høgtida med usyra brød, vekefesten og lauvhyttefesten. 14#1 Krøn 24,1ff; 26,1ff Etter den forskrifta som David, far hans, hadde gjeve, fastsette han skiftordninga for prestane i tenesta deira, og tenesta for levittane og for dørvaktarane ved dei ulike portane, skift for skift. Tenesta for levittane var å syngja lovsongar og hjelpa prestane i tenesta etter som det trongst for kvar dag. For dette hadde David, gudsmannen, påbode. 15Dei veik ikkje av frå det som kongen hadde bode når det gjaldt prestane og levittane, korkje om skattkammera eller noko anna.
16No var heile Salomos verk fullført, frå den dagen grunnvollen til Herrens hus vart lagd, til det stod ferdig. Herrens hus var fullført.
17 # 8,17 Eilat >5 Mos 2,8. Sidan drog Salomo til Esjon-Geber og til Eilat, som ligg ved kysten i Edom-landet. 18#8,18 450 talentar ca. 15 390 kg. Hiram fekk nokre av mennene sine til å senda han skip med sjøfolk som var godt kjende på havet. Dei tok av stad til Ofir saman med mennene til Salomo. Der henta dei fire hundre og femti talentar gull, som dei førte til kong Salomo.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring