2. Krønikebok 7
N11NN

2. Krønikebok 7

7
Vigslinga av tempelet
1 # 2 Mos 40,34; 3 Mos 9,24; 1 Kong 8,62–66; 18,38; Esek 43,5 Då Salomo hadde enda bøna si, fór det eld ned frå himmelen. Elden åt opp brennofferet og slaktoffera, og Herrens herlegdom fylte huset. 2Prestane kunne ikkje gå inn i Herrens hus. For Herrens hus var fylt av Herrens herlegdom. 3#Sal 136,1ff Då alle israelittane såg elden og Herrens herlegdom koma ned over huset, fall dei på kne på steinhellene med andletet mot jorda og tilbad og lova Herren: «For han er god, evig varer hans miskunn.»
4Så ofra kongen og heile folket slaktoffer til Herren. 5Det offeret som kong Salomo då bar fram, var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Slik vigsla kongen og heile folket Guds hus. 6Prestane stod klare til teneste, levittane stod med Herrens musikkinstrument i hendene, dei som kong David hadde laga for å lovprisa Herren med orda: «Evig varer hans miskunn.» Med dei lovsong David Herren. Midt imot levittane bles prestane i trompetar, medan alle israelittane stod.
7Så helga Salomo den midtre delen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennoffera og feittstykka frå fredsofferet. For bronsealtaret som Salomo hadde laga, kunne ikkje rømma både brennofferet, grødeofferet og feittstykka. 8#Jos 13,3ff#7,8 Lebo-Hamat >4 Mos 13,21. I sju dagar feira Salomo høgtida den gongen, og heile Israel med han. Det var ei stor forsamling som var komen saman heilt frå Lebo-Hamat til Egyptarbekken. 9#3 Mos 23,36#7,9 høgtida lauvhyttefesten. Den åttande dagen heldt dei ei høgtidssamling. For dei hadde feira vigslinga av altaret i sju dagar, og høgtida hadde dei feira i sju dagar. 10På den tjuetredje dagen i den sjuande månaden lét kongen folket fara heim att. Dei var lukkelege og glade for det gode Herren hadde gjort mot David og Salomo og mot Israel, folket sitt.
Guds svar på Salomos bøn
11 # 1 Kong 9,1–9 No hadde Salomo fullført både Herrens hus og kongeborga. Alt det han hadde sett seg føre å gjera med Herrens hus og sitt eige hus, hadde lukkast for han. 12#6,20+ Då synte Herren seg for han om natta og sa til han: Eg har høyrt bøna di, og eg har valt ut denne staden til offertempel for meg. 13No kan det henda at eg stengjer himmelen så det ikkje kjem regn, og byd grashoppene eta opp landet eller sender pest mellom folket mitt. 14Dersom då dette folket som namnet mitt er nemnt over, audmjukar seg og bed, søkjer meg og vender seg bort frå sine vonde vegar, skal eg høyra dei frå himmelen, tilgje syndene deira og lækja landet. 15No vil eg halda auga opne og øyra vende mot kvar bøn som stig opp frå denne staden. 16Eg har valt ut dette huset og helga det så namnet mitt skal vera der til evig tid. Auga mine og hjartet mitt skal alltid vera vende mot det. 17Og du, så sant du ferdast for mitt andlet som David, far din, gjorde, og så sant du gjer alt det eg har sagt deg, og held forskriftene og lovene mine, 18#2 Sam 7,12; 1 Kong 2,4 då skal eg tryggja din kongsstol, etter den pakta eg gjorde med David, far din, då eg sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt til å råda over Israel.» 19Men vender de dykk bort og forlèt dei forskriftene og boda som eg har gjeve dykk, så de tek til å dyrka andre gudar og tilbe dei, 20#Jos 23,16+ då skal eg rykkja dykk opp av det landet eg har gjeve dykk. Og dette huset som eg har helga til namnet mitt, vil eg kasta bort frå mitt andlet. Eg gjer det til eit ordtak og eit spottord mellom alle folk. 21#Jer 22,8 Om dette huset er aldri så ruvande, skal alle som fer framom, bli forfærde og spotta og spørja: «Kvifor har Herren gjort slik med dette landet og dette huset?» 22Og då skal folk svara: «Det er fordi dei forlét Herren, deira fedrars Gud, han som førte dei ut frå Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka. Difor har han ført all denne ulukka over dei.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk