2. Krønikebok 5

5
Paktkista blir sett på plass
1 # 1 Kong 7,51 No var det fullført, alt arbeidet som Salomo hadde gjort på Herrens hus. Og Salomo flytte dit alt det som David, far hans, hadde helga. Sølvet og gullet og alt utstyret la han inn i skattkammera i Guds hus. 2#1 Kong 8,1–9 Så samla Salomo dei eldste i Israel og alle stammehovdingane, leiarane for familiane, i Jerusalem. Dei skulle føra Herrens paktkiste opp frå Davidsbyen, det er Sion. 3Og alle menn i Israel samla seg hos kongen på festen, som var i den sjuande månaden.
4Då alle dei eldste i Israel var komne, lyfte levittane kista, 5og dei førte paktkista opp saman med teltheilagdomen og alt det heilage utstyret som var i teltet. Det var levittprestane som bar dei. 6Kong Salomo stod framfor kista saman med heile Israels forsamling, som hadde samla seg hos han. Dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen kunne telja eller rekna dei. 7Så bar prestane Herrens paktkiste og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelrommet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane. 8Kjerubane breidde vengene ut over staden der kista stod, så dei dekte både kista og berestengene ovanfrå. 9Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå Det heilage framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har ho vore til denne dag. 10#2 Mos 25,16.21 I kista fanst det ikkje anna enn dei to tavlene som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med israelittane då dei drog ut frå Egypt.
11 # 1 Kong 8,10f; 1 Krøn 24,1ff Så gjekk prestane ut av heilagdomen. For alle prestane som fanst der, hadde helga seg, same kva avdeling dei høyrde til, 12og alle levittsongarane, både Asaf, Heman og Jedutun og sønene og brørne deira stod der på austsida av altaret, kledde i lin, med symbalar, harper og lyrer, og i lag med dei hundre og tjue prestar som bles i trompetar. 13#2 Krøn 7,3; Esra 3,10ff; Sal 136,1ff; Luk 1,50#5,13 ei sky >2 Mos 13,21. På éin gong sette trompetblåsarane og songarane i med éi røyst for å takka og lova Herren til lyden av trompetar, symbalar og andre musikkinstrument. Dei lova Herren: «For han er god, evig varer hans miskunn.» Då vart tempelet, Herrens hus, fylt av ei sky. 14#2 Mos 40,34; 2 Krøn 7,2; Esek 43,5 Prestane kunne ikkje stå og gjera teneste for skya skuld; for Herrens herlegdom fylte Guds hus.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring