2. Krønikebok 35
N11NN
35
Påskefesten blir feira
1 # 2 Kong 23,21–23; 2 Krøn 30,1 Så heldt Josjia påske for Herren i Jerusalem. Dei slakta påskelammet den fjortande dagen i den første månaden. 2Kongen sette prestane til dei oppgåvene dei skulle ha, og sette mot i dei til tenesta i Herrens hus. 3#1 Kong 6,1ff Og til levittane, som underviste heile Israel og var helga til Herren, sa han: «Set den heilage paktkista i det tempelet som Israels-kongen Salomo, son til David, har bygd. De skal ikkje bera henne på akslene lenger. No skal de tena Herren dykkar Gud og Israel, folket hans. 4#1 Krøn 24 Gjer dykk ferdige, familie for familie og skift for skift, slik som David, Israels konge, og Salomo, son hans, har føreskrive. 5Still dykk opp i heilagdomen etter den inndelinga i familiar som gjeld brørne dykkar av folket, og etter den familieinndelinga som gjeld for levittane. 6Så skal de slakta påskelammet. De skal helga dykk og gjera alt i stand for brørne dykkar, så det blir gjort slik Herren har sagt gjennom Moses.»
7 # 30,24 Josjia gav folket lam og kje frå småfeet, tretti tusen i talet, alt saman til påskeoffer for alle som var til stades, og like eins tre tusen oksar. Alt dette kom frå kongens eigen eigedom. 8Stormennene òg kom med frivillige gåver til folket og prestane og levittane. Hilkia, Sakarja og Jehiel, som hadde hovudansvaret for Guds hus, gav prestane to tusen seks hundre påskelam og tre hundre oksar. 9Og dei som var leiarar for levittane, Konanja, Sjemaja og Netanel, brørne hans, Hasjabja, Je'iel og Josabad, gav fem tusen påskelam og fem hundre oksar til levittane.
10Slik vart tenesta ordna. Prestane stilte seg på plassane sine, og levittane stilte seg opp skift for skift, slik kongen hadde påbode. 11Påskelamma vart slakta, og prestane tok blodet og stenka det, medan levittane flådde dyra. 12Det som skulle brukast til brennofferet, la dei til sides for å gje det til folket slik det var inndelt i familiar. Dei skulle ofra det til Herren slik det står skrive i Moseboka. Med oksane skulle dei gjera like eins. 13#2 Mos 12,8f Påskelammet steikte dei over elden slik det var føreskrive, og dei andre heilage gåvene kokte dei i gryter, kjelar og panner. Så skunda dei seg og bar det ut til heile folket. 14Sidan laga dei i stand til seg sjølve og til prestane. For prestane, Aron-sønene, heldt på med å bera fram brennoffer og feitt heilt til det vart natt. Difor laga levittane i stand til seg sjølve og til prestane, Aron-sønene. 15Songarane, Asaf-sønene, stod på plassane sine slik som David, Asaf, Heman og Jedutun, sjåaren til kongen, hadde fastsett, medan portvaktene stod ved kvar sin port. Ingen av dei trong gå frå tenesta si, for brørne deira, levittane, laga i stand til dei.
16Slik vart heile tenesta for Herren ordna den dagen så dei kunne halda påske og bera fram brennoffer på Herrens altar, slik kong Josjia hadde påbode. 17Dei israelittane som var til stades den gongen, heldt påske og feira høgtida med usyra brød i sju dagar. 18Ei slik påske hadde ikkje vore halden i Israel sidan dagane til profeten Samuel. Ingen av Israels kongar hadde halde ei slik påskehelg som den Josjia feira saman med prestane og levittane, alle judearane og dei israelittane som var til stades, og dei som budde i Jerusalem. 19Det var først i det attande styringsåret til Josjia at ei slik påske vart feira.
Kong Josjia døyr
20 # 2 Kong 23,28–30 Ei tid etter at alt dette hadde hendt og Josjia hadde sett tempelet i stand, drog Neko, kongen i Egypt, opp til strid ved Karkemisj ved Eufrat. Og Josjia drog ut imot han. 21Då sende Neko bod til han og sa: «Kva har eg med deg å gjera, Juda-konge? Det er ikkje mot deg eg dreg ut i dag, men mot det kongehuset som eg ligg i strid med. Og Gud har sagt at eg skal skunda meg. Slutt med å setja deg opp mot Gud, som er med meg! Elles kjem han til å gjera ende på deg.» 22Men Josjia trekte seg ikkje tilbake. Han kledde seg ut og ville kjempa imot han. Han høyrde ikkje på Nekos ord, som kom frå Guds munn, men drog ut til kamp på Megiddo-sletta.
23 # 18,33 Bogeskyttarane skaut på kong Josjia. Då sa kongen til mennene sine: «Før meg bort! Eg er hardt såra.» 24Då fekk mennene han ut av stridsvogna og over i den andre vogna hans. Dei køyrde han til Jerusalem, og der døydde han. Han vart gravlagd på gravplassen til fedrane sine, og heile Juda og Jerusalem sørgde over Josjia. 25Jeremia stemde i ei likklage over Josjia, og sidan har alle songarane og songarinnene sunge om Josjia i likklagene sine. Det vart ein fast skikk i Israel, og dei finst oppskrivne mellom likklagene.
26Det som elles er å seia om Josjia og den trufaste kjærleiken han viste, i samsvar med det som står skrive i Herrens lov, 27alt som er å seia om han frå først til sist, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk