2. Krønikebok 30

30
Folket held påske
1 # 2 Kong 23,21; 2 Krøn 35,1 Hiskia sende bod ikring i heile Israel og Juda, han skreiv òg brev til Efraim og Manasse, om at dei skulle koma til Herrens hus i Jerusalem og halda påske for Herren, Israels Gud. 2#4 Mos 9,10f Kongen, stormennene og heile forsamlinga i Jerusalem hadde vorte samde om å halda påske i den andre månaden. 3Dei kunne ikkje gjera det til rett tid, for det var ikkje prestar nok som hadde helga seg, og folket var enno ikkje samla i Jerusalem. 4Både kongen og heile forsamlinga tykte det var rett å gjera det såleis. 5#2 Mos 12,2+ Difor sette dei seg føre å senda ut ei kunngjering i heile Israel, frå Beer-Sjeba til Dan, om at folk skulle koma og halda påske i Jerusalem for Herren, Israels Gud. For det var få som hadde halde påske etter forskriftene.
6Etter kongens ordre drog ilbod omkring i heile Israel og Juda med breva frå kongen og stormennene:
«Israelittar, vend om til Herren, Abrahams, Isaks og Israels Gud, så skal han venda seg til den resten av dykk som har sloppe unna handa til assyrarkongen. 7Ver ikkje som fedrane og brørne dykkar! Dei var trulause mot Herren, sine fedrars Gud. Då gav han dei over til øydelegging, som de sjølve ser. 8Ver no ikkje stivnakka som fedrane dykkar! Gjev Herren handa og kom til heilagdomen hans, som han har helga for alle tider. Ten Herren dykkar Gud, så den brennande vreiden hans kan venda seg frå dykk. 9#Jer 3,12 For om de vender om til Herren, skal brørne og borna dykkar møta miskunn hos dei som held dei fanga, så dei får koma tilbake til dette landet. For Herren dykkar Gud er nådig og miskunnsam. Han vender ikkje sitt andlet bort frå dykk, så sant de vender om til han.»
10 # 36,16 Ilboda drog frå by til by gjennom Efraims og Manasses land og heilt til Sebulon. Men folk berre lo av dei og hånte dei. 11Likevel var det somme frå Asjer, Manasse og Sebulon som audmjuka seg og kom til Jerusalem. 12I Juda òg var Guds hand verksam, så folket heilhjarta gjorde det som kongen og stormennene hadde påbode etter Herrens ord.
13Det samla seg mykje folk i Jerusalem for å feira høgtida med usyra brød i den andre månaden. Det vart ei svært stor forsamling. 14Dei gjekk i gang med å fjerna dei altara som fanst i Jerusalem. Og alle røykjelsesaltara tok dei og kasta i Kedron-dalen. 15Så slakta dei påskelammet den fjortande dagen i den andre månaden. Prestane og levittane var skamfulle, og dei helga seg og kom med brennoffer til Herrens hus. 16Dei stod på plassane sine, slik det var føreskrive i lova til gudsmannen Moses. Og prestane stenka blodet som levittane gav dei.
17Det var mange i forsamlinga som ikkje hadde helga seg. Difor slakta levittane påskelamma for alle som ikkje var reine, for å helga dei til Herren. 18For ein stor del av folket, mange frå Efraim, Manasse, Jissakar og Sebulon, hadde ikkje reinsa seg. Likevel åt dei påskelammet, i strid med forskriftene. Hiskia bad for dei og sa: «Herren er god, han vil gje forsoning 19til kvar den som av heile sitt hjarte søkjer Gud Herren, sine fedrars Gud, sjølv om han ikkje oppfyller krava som gjeld for reinleik i heilagdomen.» 20Og Herren høyrde bøna til Hiskia og lækte folket.
21Israelittane som var i Jerusalem, feira høgtida med usyra brød i sju dagar med stor glede. Og levittane og prestane lova Herren av all kraft dag etter dag. 22Hiskia rosa alle dei levittane som hadde vist god forstand i Herrens teneste. I sju dagar feira dei høgtida. Dei slakta fredsoffer og takka Herren, sine fedrars Gud. 23Men så vart heile forsamlinga samd om å halda høgtid endå i sju dagar. Desse sju dagane feira dei òg med glede.
24Hiskia, kongen i Juda, gav forsamlinga tusen oksar og sju tusen sauer, og stormennene gav tusen oksar og ti tusen sauer. Og ei mengd med prestar helga seg. 25Heile Juda-forsamlinga gledde seg saman med prestane og levittane og alle som var komne saman frå Israel. Det gjorde innflyttarane òg, anten dei var komne frå Israel eller dei budde i Juda. 26Gleda var stor i Jerusalem, for noko slikt hadde ikkje hendt i Jerusalem sidan den tid då Salomo, son til David, var konge i Israel. 27Prestane og levittane reiste seg og velsigna folket. Røysta deira vart høyrd, og bøna deira nådde opp til himmelen, til hans heilage bustad.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring