2. Krønikebok 3
N11NN

2. Krønikebok 3

3
Salomo byggjer tempelet
1 # 2 Sam 24,18ff; 1 Kong 6,1–38; 1 Krøn 21,18ff Så tok Salomo til å byggja Herrens hus i Jerusalem, på Moria-fjellet, der Herren hadde synt seg for David, far hans, på den staden David hadde gjort i stand, på treskjeplassen til jebusitten Ornan. 2Han tok til med bygginga i den andre månaden i det fjerde styringsåret sitt.
3 # 3,3 60 alner, 20 alner ca. 30 m og 10 m. Dette er måla Salomo fastsette då han skulle byggja Guds hus: Lengda var seksti alner og breidda tjue alner etter gammalt mål. 4#3,4 20 alner ca. 10 m. hundre og tjue Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Forhallen som låg framfor tempelet, var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og høgda var hundre og tjue. Han kledde hallen med reint gull innvendig. 5Sjølve tempelbygningen kledde han med sypresstre som han la fint gull over og sette palmar og kjeder på. 6#3,6 Parvajim stad nord i Arabia, kjend for gullet sitt. Han kledde tempelet med edle steinar for å gjera det vakkert, og gullet han brukte, var Parvajim-gull. 7Han la gull på heile tempelet, både bjelkane, tersklane, veggene og dørene, og på veggene graverte han inn kjerubar.
8 # 3,8 600 talentar ca. 20 520 kg. Så laga han Det høgheilage. Det var tjue alner langt, like langt som breidda av tempelet, og tjue alner breitt. Han kledde det med seks hundre talentar fint gull. 9#3,9 50 sjekel ca. 570 g. Spikrane var av gull og vog femti sjekel. Loftsromma kledde han òg med gull. 10#2 Mos 25,18 I Det høgheilage laga han to utskorne kjerubar som vart dekte med gull. 11#3,11 20 alner, 5 alner ca. 10 m og 2,5 m. Vengene på kjerubane var til saman tjue alner lange. Den eine kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang og rakk bort til tempelveggen. Den andre vengen var òg fem alner og rørte ved vengen til den andre kjeruben. 12Den andre kjeruben hadde òg ein veng som var fem alner lang og rakk bort til veggen. Den andre vengen var òg fem alner og rørte ved vengen til den første kjeruben. 13Dei utstrekte vengene til desse kjerubane var altså i alt tjue alner. Kjerubane stod oppreiste på føtene med andleta vende mot tempelhallen.
14 # 2 Mos 26,31 Så laga han forhenget av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og av fint lin, og han sette kjerubar på det. 15#1 Kong 7,15–22#3,15 35 alner, 5 alner ca. 17,5 m og 2,5 m. Framfor tempelet laga han to søyler; dei var trettifem alner lange, og søylehovudet var fem alner høgt. 16Han laga lenkjer som likna halskjeder, og sette dei øvst på søylene. Så laga han hundre granateple som han feste til kjedene. 17#3,17 Jakin, Boas >1 Kong 7,21. Sidan reiste han søylene framfor tempelet, ei på høgre og ei på venstre sida. Den til høgre kalla han Jakin og den til venstre Boas.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk