2. Krønikebok 23

23
Atalja blir drepen
1 # 2 Kong 11,4–16 Men i det sjuande året tok Jojada mot til seg og gjorde ei pakt med nokre av hundremannsførarane. Det var Asarja, son til Jeroham, Ismael, son til Johanan, Asarja, son til Obed, Maaseja, son til Adaja, og Elisjafat, son til Sikri. 2Dei fór omkring i Juda og samla levittane frå alle byane i Juda og leiarane for familiane i Israel. Så kom dei til Jerusalem. 3#2 Sam 7,12f Der gjorde heile forsamlinga ei pakt med kongen i Guds hus. Og Jojada sa til dei: «Denne kongssonen skal vera konge, så som Herren har sagt om Davids søner. 4Dette skal de gjera: Ein tredjepart av dykk, dei prestane og levittane som kjem og gjer teneste på sabbaten, skal vakta dørene. 5Den andre tredjeparten skal vera ved kongeborga, den tredje ved Jesod-porten, og alt folket skal vera i føregardane til Herrens hus. 6Men ingen må koma inn i Herrens hus så nær som prestane og dei levittane som gjer teneste. Dei kan gå inn, for dei er helga. Men alt folket må halda seg etter Herrens ordning. 7Levittane skal stilla seg i ein ring rundt kongen, kvar mann med våpen i hand. Om nokon trengjer seg inn i tempelet, skal han døy. Dei må følgja kongen kvar han går og står.»
8Levittane og alle judearane gjorde i eitt og alt som presten Jojada gav ordre om. Kvar tok sine menn; dei tok både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing. For presten Jojada hadde ikkje late skifta fara heim. 9Presten Jojada gav hundremannsførarane dei spyda og skjolda, både store og små, som hadde høyrt kong David til, og som var i Guds hus. 10Og han stilte opp alt folket i ein ring rundt kongen, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av tempelet, nær ved altaret og sjølve tempelhuset. 11#5 Mos 17,18ff; 1 Sam 10,24; 1 Kong 1,25.39 Så førte Jojada og sønene hans kongssonen ut, sette krona på han og gav han kongesymbola. Dei ropa han ut til konge, salva han og ropa: «Leve kongen!»
12Då Atalja høyrde ropet frå folkemengda som sprang fram og hylla kongen, gjekk ho opp til folket i Herrens hus. 13#4 Mos 10,10#23,13 ved søyla si >2 Kong 11,14. reiv … sund kleda teikn på sorg eller audmjuking. =sørgjeskikkar. Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla si ved inngangen, og stormennene og hornblåsarane attmed han, medan heile folket jubla og bles i trompetar og songarane leidde lovsongen med instrumenta sine. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Svik, svik!» 14Men presten Jojada sende hundremannsførarane ut, dei som stod i spissen for hæren, og sa til dei: «Før henne ut mellom rekkjene! Følgjer nokon etter henne, skal han døy for sverd.» For presten hadde sagt: «De må ikkje drepa henne i Herrens hus.» 15#Neh 3,28; Jer 31,40 Så greip dei Atalja. Dei førte henne til Hesteporten, som leier inn til kongeborga, og der drap dei henne.
16 # 2 Kong 11,17–20; 15,12 Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom seg og folket og kongen: Dei skulle vera Herrens folk. 17Så gjekk heile folkemengda til Baal-tempelet og reiv det ned. Altara og gudebileta knuste dei, og Baal-presten Mattan drap dei framfor altara. 18#1 Krøn 24,3ff Til å ha tilsyn med Herrens hus sette Jojada dei prestane og levittane som David hadde delt inn i skift til å gjera teneste i tempelet, til å bera fram brennoffer for Herren som skrive står i Moselova, med glede og song slik David ville. 19Og han sette dørvaktarar ved portane til Herrens hus, så ikkje nokon som på eit eller anna vis hadde vorte urein, skulle koma inn dit. 20#Esra 9,2 Så tok han med seg hundremannsførarane, stormennene, leiarane i folket og heile folkemengda og førte kongen ned frå Herrens hus. Dei gjekk gjennom Øvreporten inn i kongeborga og sette kongen på trona. 21Heile folket jubla, og det var ro i byen. Men Atalja hadde dei drepe med sverd.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring