2. Krønikebok 19
N11NN
19
Josjafat syter for lov og rett
1Josjafat, Juda-kongen, vende uskadd heim att til Jerusalem. 2#16,7 Då steig sjåaren Jehu, son til Hanani, fram for kong Josjafat og sa: «Korleis kan du hjelpa den urettferdige og elska dei som hatar Herren? Det er difor Herrens vreide har kome over deg. 3#17,3–6 Men noko godt finst det hos deg. Du har fjerna Asjera-pålane frå landet og lagt heile ditt hjarte i å søkja Gud.»
4Josjafat budde no i Jerusalem. Derifrå drog han ut mellom folket frå Beer-Sjeba til Efraims fjelland. Han fekk dei til å venda attende til Herren, deira fedrars Gud. 5#5 Mos 16,18 Han innsette dommarar i landet, i alle festningsbyane i Juda, by for by. 6#5 Mos 1,17 Og han sa til dommarane: «Akta vel på kva de gjer! Det er ikkje for menneske de dømmer, men for Herren. Han er med dykk når de feller dom. 7#5 Mos 10,17+ Lat no frykt for Herren vera over dykk! Pass på kva de gjer, for hos Herren vår Gud finst det ingen urett. Han gjer ikkje skil på folk og lèt seg ikkje kjøpa.»
8 # 5 Mos 17,8f I Jerusalem òg sette Josjafat nokre av levittane og prestane og nokre av leiarane for familiane i Israel til å dømma på Herrens vegner og til å avgjera saker mellom innbyggjarane i Jerusalem. 9Han gav dei dette påbodet: «Slik skal de gjera med frykt for Herren, i truskap og med heilt hjarte: 10Kvar gong landsmennene dykkar, kva by dei så bur i, legg fram ei sak for dykk – anten det gjeld ei drapssak eller spørsmål om lov og bod, forskrifter og rettsreglar – då skal de åtvara dei så dei ikkje fører skuld over seg for Herren og hans vreide råkar både dykk og landsmennene dykkar. Slik må de gjera, elles fører de skuld over dykk. 11#15,7 Sjå, i alle saker som høyrer inn under Herren, skal øvstepresten Amarja vera leiar for dykk, og Sebadja, son til Ismael, fyrste for Judas hus, i alle saker som høyrer inn under kongen. Og levittane skal vera tilsynsmennene dykkar. Ver sterke og gå til verket! Må Herren vera med den som gjer det gode!»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk