2. Krønikebok 15

15
Kong Asa reinsar gudsdyrkinga
1 # 1 Kong 15,11–15 Guds ande kom over Asarja, son til Oded. 2#1 Krøn 28,9; 2 Krøn 24,20; Jes 55,6; Jer 29,13 Han steig fram for Asa og sa til han: «Høyr på meg, Asa og heile Juda og Benjamin! Herren er med dykk om de er med han. Søkjer de han, lèt han seg finna; men forlèt de han, forlèt han dykk. 3#Dom 2,11ff; 17,6; 21,25 I lang tid var Israel utan den sanne Gud, utan prestar til å undervisa dei og utan lov. 4#Dom 3,9.15; 10,10ff Men i si trengsle vende dei om til Herren, Israels Gud. Dei søkte han, og han lét seg finna. 5#Dom 5,6 På den tida var det ikkje trygt, korkje for den som drog ut eller for den som kom heim. For det var stor uro mellom folk i alle land. 6#Dom 12,4ff; 20,1ff Folkeslag vart knust mot folkeslag og by mot by; for Gud uroa dei med allslags trengsler. 7#Jer 31,16; Sak 8,9; 1 Kor 15,58 Men ver sterke og lat ikkje hendene siga! De skal få løn for det de gjer.»
8Då Asa høyrde desse orda, den profetien som Oded-profeten hadde bore fram, gjorde han seg sterk og fekk fjerna alle dei motbydelege gudane frå heile Juda og Benjamin og frå dei byane han hadde teke i Efraims fjelland. Og han vigsla på nytt Herrens altar, det som stod framfor forhallen i Herrens hus. 9Så samla han heile Juda og Benjamin og dei innflyttarane frå Efraim, Manasse og Simon som budde mellom dei. For det var mange frå Israel som hadde gått over til Asa då dei såg at Herren hans Gud var med han.
10I det femtande styringsåret til Asa, i den tredje månaden, samla dei seg i Jerusalem. 11Den dagen ofra dei til Herren sju hundre oksar og sju tusen sauer av det byttet dei hadde teke med seg. 12#Jos 24,25; 2 Kong 23,3 Og dei gjorde ei pakt om at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, av heile sitt hjarte og av heile si sjel. 13Og alle som ikkje søkte Herren, Israels Gud, skulle døy, gammal som ung, mann som kvinne. 14Med høg røyst svor dei til Herren under jubelrop, til lyden av trompetar og bukkehorn. 15Heile Juda gledde seg over eiden, for dei hadde svore han av heile sitt hjarte. Dei hadde søkt Herren av all god vilje, og han lét seg finna. Herren gav dei fred på alle kantar.
16Kong Asa tok jamvel frå Maaka, farmor si, dei rettane som følgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit fråstøytande bilete for Asjera. Han hogg biletet sund, knuste det og brende det i Kedron-dalen. 17#1 Kong 22,44; 2 Kong 12,3 Men offerhaugane i Israel vart ikkje nedlagde. Likevel var Asa heilhjarta så lenge han levde. 18Dei heilage offergåvene som far hans og han sjølv hadde gjeve, førte han til Guds hus. Det var både sølv og gull og anna tempelutstyr. 19Det var ikkje krig før i det trettifemte styringsåret til Asa.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på