2. Krønikebok 14

14
Kong Asa i Juda
1 # 1 Kong 15,9–11 Så gjekk Abia til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Davidsbyen, og son hans, Asa, vart konge etter han. I hans dagar hadde landet ro i ti år. 2Asa gjorde det som godt og rett var i auga til Herren hans Gud. 3#5 Mos 7,5 Han fjerna altara for framande gudar og offerhaugane, slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. 4Han sa til judearane at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, og halda lova og boda. 5#3 Mos 26,30 Frå alle byane i Juda fjerna han offerhaugane og røykjelsesaltara. Og kongeriket hadde ro under han. 6#11,5 Asa bygde festningsbyar i Juda, for landet hadde ro. Ingen gjekk til krig mot han i desse åra, for Herren gav han fred.
7Asa sa til judearane: «Lat oss byggja ut desse byane og reisa murar rundt dei, med tårn og portar og bommar, medan landet enno ligg fritt framfor oss. For vi har søkt Herren vår Gud. Vi søkte han, og han gav oss fred på alle kantar.» Så tok dei til å byggja, og alt gjekk godt. 8Asa hadde ein hær på tre hundre tusen mann frå Juda, væpna med store skjold og spyd, og to hundre og åtti tusen mann frå Benjamin, som bar små skjold og skaut med boge. Alle var dei djerve krigarar.
9 # 14,9 Maresja by i låglandet. Jf. Jos 15,44. Ein gong drog kusjitten Serah ut mot judearane med ein hær på tusen gonger tusen mann og tre hundre stridsvogner. Då han var komen så langt som til Maresja, 10drog Asa ut mot han. Dei stilte seg opp til kamp i Sefata-dalen nær Maresja. 11#1 Sam 14,6 Då ropa Asa til Herren sin Gud og sa: «Herre, berre du kan hjelpa i kampen mellom den som er sterk og den som er svak. Hjelp oss, Herre, vår Gud! For vi set vår lit til deg, og i ditt namn har vi gått mot denne veldige styrken. Herre, du er vår Gud. Ikkje noko menneske kan stå seg mot deg!»
12Då lét Herren kusjittane lida nederlag for Asa og judearane, og kusjittane rømde. 13Asa og folket som var med han, forfølgde dei heilt til Gerar, og kusjittane fall til siste mann. Dei vart knuste av Herren og hans hær, og judearane tok eit overlag stort bytte. 14#17,10 Dei tok alle byane kring Gerar, for ei redsle for Herren var komen over folket der. Dei plyndra alle desse byane, for der var det mykje å plyndra. 15Dei gjekk òg til åtak på gjetartelta og førte bort ei mengd med sauer og kamelar. Så drog dei tilbake til Jerusalem.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring