2. Peter 2

2
Falske lærarar
1 # 5 Mos 13,1ff; Matt 24,11; Jud 4 # 2,1 kjøpt dei fri Uttrykket blir ofte brukt om slavar som vart kjøpte fri med løysepengar. =slektssamfunn og justis. Men det fanst òg falske profetar i folket, og på same måten skal det stå fram falske lærarar mellom dykk. Dei skal lura inn vranglære som fører til undergang, og til og med fornekta Herren som har kjøpt dei fri. Dermed fører dei ein brå undergang over seg sjølve. 2#Rom 2,24 Mange kjem til å følgja dei i deira skamlause liv, og for deira skuld blir sanningsvegen spotta. 3#1 Tess 2,5 Dei er grådige og fer med oppdikta ord for å få pengar ut av dykk. Men dei har alt lenge hatt dommen hangande over seg, og undergangen ligg og lurer på dei.
4 # Jud 6 For Gud sparte ikkje englar som hadde synda, men støytte dei ned i avgrunnen, der dei blir haldne i varetekt med lenkjer i mørkret heilt til dommen. 5#2,5 sju andre familien til Noah. Jf. 1 Mos 8,18; 1 Pet 3,20. Heller ikkje sparte han den gamle verda. Det var berre Noah, som forkynte rettferd, og sju andre han berga då han lét storflaumen koma over ei verd av ugudelege. 6#1 Mos 19,24f; Jud 7; Op 11,8#2,6 Sodoma og Gomorra grannebyar i Daudehavsområdet, brukte som symbol på synd og som åtvaring om dom. Byane Sodoma og Gomorra la han i oske og dømde dei til undergang; han gjorde dei til ei åtvaring for dei som seinare ville leva eit ugudeleg liv. 7#1 Mos 19,1ff Men han berga den rettferdige Lot, som leid når han såg kor skamlaust dei lovlause levde. 8Ja, denne rettferdige mannen, som budde midt imellom dei, pintest dag ut og dag inn i si rettferdige sjel når han såg og høyrde alle deira lovlause gjerningar.
9 # 1 Kor 10,13; Jud 6 Så veit då Herren å berga dei gudfryktige ut or prøvingar, men dei urettferdige held han i varetekt til straffa på dommens dag, 10#Jud 7f først og fremst dei som følgjer dei ureine lystene i sitt kjøt og blod og foraktar Herrens herredøme. Dei er frekke og eigenrådige og spottar dei himmelske maktene utan å skjelva. 11#Jud 9 Ikkje eingong englar, som står høgare i makt og styrke, kjem med spottande ord når dei ber fram klagemål frå Herren mot slike makter.
12 # Sal 49,13ff; Jud 10 Men desse menneska spottar det dei ikkje kjenner. Dei er som vitlause dyr, av naturen bestemte til å bli fanga og gå til grunne. Så skal dei òg gå til grunne i sitt forfall 13#Jud 12 og lida vondt som løn for sin urett. Det dei likar best, er å svira midt på lyse dagen. Dei er skamflekker til vanære for dykk når dei et saman med dykk og finn si glede i å fylla seg. 14Auga deira fråtsar i kvinner som byd seg fram, og dei er umettande på synd. Dei forfører veike sjeler, og hjartet deira har god øving i å skaffa seg vinning. Under forbanning er dei! 15#2,15 Bileam åtvarande eksempel. Jf. 4 Mos 22,5–24,25; Jud 11; Op 2,14. For dei har forlate den beine vegen og gått seg vill. Dei følgjer i same spor som Bileam, son til Bosor, han som elska urettmessig vinning. 16#4 Mos 22,28 Men han vart tala til rette for si misgjerning; eit stumt esel tala med menneskerøyst og hindra profeten i hans vitlause framferd.
17 # Jud 13 Slike menneske er kjelder utan vatn, dei er skodde som driv med vinden. Nattemørkret ventar dei. 18For dei talar store ord om det som ingen ting er, og med utskeiingar og lyster som kjem frå vårt kjøt og blod, lokkar dei menneske som nett har kome seg unna dei som fer vill. 19#Joh 8,34; Rom 6,16 Dei lovar fridom, men sjølve er dei slavar av forfallet. Det ein ligg under for, er ein òg slave av.
20 # Matt 12,45 For når nokon har kome fri frå det ureine i verda og har lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus, og dei så på nytt lèt seg fanga av det ureine og ligg under for det, då står det verre til enn før. 21#Luk 12,47f Det hadde vore betre for dei om dei aldri hadde lært å kjenna rettferds veg, enn at dei først kjende han og så vende seg bort frå det heilage bodet dei hadde fått overlate. 22#Ordt 26,11 Då har det gått med dei som det heiter så sant i ordtaket: «Hunden snur seg til sitt eige spy» og: «Ikkje før er grisen vaska, så velter han seg i søla».

Markert nå:

2. Peter 2: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring