2. Krønikebok 33

33
Juda-kongane Manasse og Amon
1 # 2 Kong 21,1–18 Manasse var tolv år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år. 2#5 Mos 18,9+ Manasse gjorde det som vondt var i Herrens auge, og tok etter alle avskyelege skikkar hos dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane. 3#2 Kong 18,4#33,3 himmelhæren =himmelske vesen. Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde rive ned, reiste altar for Baal-gudane og laga Asjera-pålar, og han tilbad og dyrka heile himmelhæren. 4#1 Kong 9,3 Sjølv i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem skal namnet mitt vera til evig tid.» 5I begge føregardane til tempelet bygde han altar for heile himmelhæren. 6#3 Mos 18,21+#33,6 lét … gå gjennom elden >28,3. Manasse lét sønene sine gå gjennom elden i Hinnom-dalen. Han dreiv med teikntyding, spådomskunster og trolldom, og han søkte råd hos åndemanarar og spåmenn. Manasse gjorde mykje som var vondt i Herrens auge, og gjorde han rasande.
7 # 7,12 Gudebiletet som Manasse fekk laga, sette han opp i Guds hus, sjølv om Gud hadde sagt til David og Salomo, son hans: «I dette tempelet og i Jerusalem, som eg har valt ut mellom alle Israel-stammane, vil eg la namnet mitt bu til evig tid. 8Og eg vil aldri meir la Israel vandra langt bort frå det landet som eg ville at fedrane deira skulle ha, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei, og lever etter heile den lova og alle dei forskrifter og bod som dei har fått gjennom Moses.» 9Men Manasse førte dei vill, dei som budde i Juda og Jerusalem, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rydda ut for israelittane.
10 # 24,19 Då tala Herren til Manasse og folket hans, men dei ville ikkje lyda etter. 11Difor lét Herren hærførarane til assyrarkongen koma mot dei. Dei fanga Manasse med krokar, batt han med bronselenkjer og førte han til Babel. 12Men då han var i naud, bad han om velvilje for Herren sin Guds andlet. Han audmjuka seg djupt for sine fedrars Gud. 13Han bad til han og vart bønhøyrd. Gud høyrde ropet hans om nåde og førte han tilbake til Jerusalem og kongeriket hans. Då skjøna Manasse at det er Herren som er Gud.
14 # 33,14 Ofel den eldste bydelen lengst sør i Jerusalem. Jf. Ofel-muren. >27,3. Etter dette bygde han ein ytre mur om Davidsbyen, vestafor Gihon, i dalen, fram til Fiskeporten og rundt Ofel, og han gjorde muren svært høg. Så sette han befalingsmenn i alle festningsbyane i Juda. 15Han tok bort frå Herrens hus dei framande gudane og gudebiletet. Like eins gjorde han med alle dei altara han hadde bygd på Herrens tempelberg og i Jerusalem. Han kasta dei utanfor byen. 16Så sette han i stand Herrens altar, og der bar han fram fredsoffer og takkoffer. Og han sa til judearane at dei skulle tena Herren, Israels Gud. 17Folket heldt likevel fram med å ofra på haugane, men berre til Herren sin Gud.
18Det som elles er å seia om Manasse og bøna hans til sin Gud og dei orda sjåarane tala til han i namnet til Herren, Israels Gud, det finst i krønikeboka til Israels-kongane. 19Om bøna hans og korleis han vart bønhøyrd, om all synda og truløysa hans, og om dei stadene der han bygde offerhaugar og reiste Asjera-pålar og gudebilete før han audmjuka seg, alt dette står skrive i krønikeboka til sjåarane hans. 20Manasse gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd på slottsområdet, og Amon, son hans, vart konge etter han.
21 # 2 Kong 21,19–26 Amon var tjueto år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. 22Amon gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik Manasse, far hans, hadde gjort. Amon ofra til alle dei gudebileta som Manasse, far hans, hadde laga, og dyrka dei. 23Men han audmjuka seg ikkje for Herren slik Manasse, far hans, hadde gjort. Denne Amon drog på seg endå meir skuld. 24#2 Kong 12,20 Mennene hans svor seg saman mot han, og dei drap han i hans eige hus. 25#2 Sam 1,14ff Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring