2. Krønikebok 32

32
Kong Sanheribs åtak på Juda
1 # 2 Kong 18,13–37; 19,14–19.35–37; Jes 36,1–22; 37,8–38 Etter at Hiskia trufast hadde utført alt dette, rykte Sanherib, kongen av Assur, inn i Juda. Han kringsette festningsbyane der og sa at han ville ta dei med makt. 2Då Hiskia fekk sjå at Sanherib var komen og ville gå til krig mot Jerusalem, 3samrådde han seg med stormennene og krigsheltane sine om å tetta for vatnet i kjeldene utanfor byen, og dei støtta han i det. 4Det samla seg då mykje folk, og dei tetta att alle kjeldene og elva som renn gjennom landet. Dei sa: «Kvifor skulle kongen av Assur koma og finna rikeleg med vatn?»
5 # 25,23 # 32,5 Millo >2 Sam 5,9. Kongen styrkte makta si. Han bygde opp att heile den delen av muren som var nedriven, og reiste tårn på han. Han førte opp ein ny mur utanfor den gamle, og han gjorde Millo i Davidsbyen sterkare. Han fekk laga ei mengd med våpen og skjold. 6Så sette han hærførarar over folket, samla dei hos seg på plassen framfor byporten og tala oppmuntrande til dei: 7#2 Kong 6,16; 1 Joh 4,4 «Ver modige og sterke! Ver ikkje redde og lat dykk ikkje skremma av assyrarkongen og heile den hæren han har med seg. For den som er med oss, er større enn den som er med han. 8#Sal 20,8; Jer 17,5–7 Berre menneskeleg styrke er med han, men Herren vår Gud er med oss. Han skal hjelpa oss og føra våre krigar.» Og folket vart styrkt av orda til Hiskia, Juda-kongen.
9Etter dette sende Sanherib, kongen av Assur, som låg ved Lakisj med heile stridsmakta si, nokre av mennene sine til Jerusalem, til Hiskia, Juda-kongen, og alle judearane som var i Jerusalem. Dei skulle seia:
10«Så seier Sanherib, kongen av Assur: Kva er det de set dykkar lit til, sidan de blir verande når Jerusalem er kringsett? 11Hiskia villeier dykk, og han vil la dykk døy av svolt og tørste når han seier: ‘Herren vår Gud skal berga oss frå handa til kongen av Assur.’ 12Har ikkje denne Hiskia teke bort hans offerhaugar og altar og sagt til folket i Juda og Jerusalem: ‘Berre framfor eitt altar skal de bøya dykk og tilbe, og berre på det skal de tenna offereld’? 13Veit de ikkje kva eg og fedrane mine har gjort med folka i alle andre land? Kunne gudane til desse folkeslaga berga landa sine frå mi hand? 14Kven av alle gudane til desse folkeslaga som fedrane mine slo med bann og utrydda, har kunna berga folket sitt frå mi hand? Og så skulle guden dykkar kunna berga dykk! 15Lat ikkje Hiskia få narra dykk! Lat han ikkje villeia dykk på denne måten! Tru han ikkje! For ingen gud hos noko folkeslag eller rike har kunna berga folket sitt frå mi hand eller frå fedrane mine. Korleis kan då dykkar gud berga dykk frå mi hand?»
16Dette og mykje meir tala mennene hans mot Herren Gud og mot Hiskia, tenaren hans. 17Sanherib skreiv òg brev for å håna Herren, Israels Gud, og han spotta han slik: «Likså lite som gudane til folkeslaga rundt om i landa har berga folka sine frå mi hand, likså lite skal guden til Hiskia kunna berga sitt folk.» 18Så ropa dei med høg røyst på judeisk til folket i Jerusalem som stod på muren. Dei ville setja skrekk i dei og skremma dei, så dei kunne ta byen. 19#Sal 115,4 Dei tala om Jerusalems Gud på same vis som om gudane hos andre folk på jorda, dei som er laga av menneskehand.
20 # 2 Kong 19,4.15ff Kong Hiskia og profeten Jesaja, son til Amos, bad og ropa til himmelen. 21Og Herren sende ein engel som gjorde ende på alle tapre krigarar, hovdingar og stormenn i leiren til assyrarkongen, så han med skam laut fara heim att til landet sitt. Og då han gjekk inn i huset til guden sin, kom nokre av hans eigne etterkomarar og hogg han ned med sverd. 22Slik frelste Herren Hiskia og dei som budde i Jerusalem, frå Sanherib, kongen av Assur, og frå alle andre fiendar, og gav dei ro på alle kantar. 23Det var mange som kom til Jerusalem med gåver til Herren og med verdfulle ting til Hiskia, Juda-kongen. Han var høgt æra hos alle folkeslag etter dette.
Siste styringsåra til Hiskia
24 # 2 Kong 20,1–21; Jes 38,1–8; 39 På den tid vart Hiskia dødssjuk. Då bad han til Herren, og han svara han og gjorde eit under. 25Men Hiskia var ikkje takksam for den velgjerninga som han hadde røynt; hjartet hans vart hovmodig. Då kom det vreide over han og over Juda og Jerusalem. 26Men Hiskia audmjuka seg, endå så hovmodig han var, og det same gjorde dei som budde i Jerusalem. Difor kom ikkje Herrens vreide over dei så lenge Hiskia levde.
27Hiskia skaffa seg stor rikdom og ære. Han laga seg skattkammer for sølv og gull og dyre steinar, balsamolje, skjold og allslags kostesame ting. 28Han bygde lagerhus til avlinga av korn, ny vin og fin olje og fjøs til bufe av alle slag, og han la seg til buskap på båsen. 29Han bygde byar og fekk seg småfe og storfe i mengd, for Gud hadde gjeve han stor rikdom. 30#32,30 Gihon-kjelda >1 Kong 1,33. leidde vatnet nedover Jf. 2 Kong 20,20. Det var Hiskia som tetta att det øvre utløpet av Gihon-kjelda og leidde vatnet nedover mot vest til Davidsbyen. I alt han tok seg føre, hadde Hiskia lukka med seg. 31#5 Mos 8,2 Slik var det òg den gongen det kom sendemenn frå stormennene i Babel. Dei var sende til han for å spørja om det underet som hadde hendt i landet den gongen Gud forlét han for å setja han på prøve og finna ut kva som budde i hjartet hans.
32Det som elles er å seia om Hiskia og truskapen hans, det står skrive i syna til profeten Jesaja, son til Amos, og i boka om Juda- og Israels-kongane. 33Hiskia gjekk til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i skråninga mellom gravene til Davids etterkomarar. Alle som budde i Juda og Jerusalem, viste han stor ære då han døydde. Manasse, son hans, vart konge etter han.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring