2. Krønikebok 18

18
Kong Ahab og profeten Mika
1 # 1 Kong 22,1–4 Josjafat fekk stor rikdom og ære, og han knytte slektsband til Ahab. 2#18,2 Ramot i Gilead >1 Kong 22,3. Nokre år seinare drog han ned til Ahab i Samaria. Ahab slakta ei stor mengd med småfe og storfe for han og dei mennene han hadde med seg, og overtala han til å dra opp mot Ramot i Gilead. 3#2 Kong 3,7 «Vil du gå med meg mot Ramot i Gilead?» sa Ahab, Israels-kongen, til Josjafat, Juda-kongen. Og han svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk. Vi går med deg i krigen.»
4 # 1 Kong 22,5–12; 2 Kong 3,11 Men sidan sa Josjafat til Israels-kongen: «Spør først Herren til råds!» 5Då samla Israels-kongen profetane, fire hundre mann, og spurde dei: «Skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far opp! Gud vil gje byen i kongens hender.» 6Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?» 7Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, men alltid vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!» 8Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»
9Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, sat i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjeplass ved byporten i Samaria, og alle profetane stod framfor dei og profeterte. 10Sidkia, son til Kenaana, laga seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.» 11Alle profetane profeterte like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i kongens hender.»
12 # 1 Kong 22,13–28 Sendebodet som hadde gått for å henta Mika, sa til han: «Høyr! Profetane seier med éin munn at det skal gå kongen vel. Lat no ditt ord vera som deira og spå godt, du òg!» 13Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det min Gud seier, må eg tala.» 14Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Han svara: «Far opp dit, så skal de ha lukka med dykk! Dei skal gjevast i dykkar hender.» 15Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»
16 # 4 Mos 27,17; Matt 9,36 Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreidd utover fjella som sauer utan gjetar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!» 17Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa til deg? Han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.»
18 # 18,18 himmelhæren =himmelske vesen. Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod på høgre og venstre sida hans. 19Då spurde Herren: «Kven vil lokka Ahab, Israels-kongen, så han fer opp mot Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så. 20Då gjekk ei ånd fram, stilte seg for Herrens andlet og sa: «Eg skal lokka han.» «Korleis?» spurde Herren. 21Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei løgnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du skal lokka han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!» 22Så har då Herren lagt ei løgnarånd i munnen på desse profetane dine. Herren har varsla ulukke for deg.
23 # Joh 18,22; Apg 23,2 Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og slo Mika på kinnet og sa: «Korleis har Herrens ande fare over frå meg for å tala gjennom deg?» 24Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du flyktar frå rom til rom for å gøyma deg.» 25Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til bykommandanten Amon og kongssonen Joasj 26#16,10 og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel! Lat han berre få små rasjonar med brød og vatn til eg kjem uskadd heim att.» 27Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folk!»
Ahab fell
28 # 1 Kong 22,29–40 Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead. 29Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg dei vanlege kleda dine.» Så kledde Israels-kongen seg ut, og dei drog ut i krigen. 30Aramearkongen hadde gjeve dette bodet til kommandantane for stridsvognene sine: «De skal ikkje kjempa mot høg eller låg, men berre mot Israels-kongen.» 31Då vognkommandantane fekk auge på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så omringa dei han og gjekk til åtak. Då sette Josjafat i å ropa høgt, og Herren hjelpte han. Gud lokka dei bort frå han. 32Då vognkommandantane såg at det ikkje var Israels-kongen, vende dei seg frå han.
33 # 35,23 Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjeplatene. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg vekk frå slaget! Eg er såra.» 34Kampen vart hardare og hardare utover dagen, og dei heldt Israels-kongen oppreist i vogna under striden mot aramearane til kvelden kom. Men då sola gjekk ned, døydde han.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på