1. Timoteus 4
N11NN

1. Timoteus 4

4
Vranglære i dei siste tider
1 # 2 Tess 2,3; 2 Tim 3,1ff; 2 Pet 3,3; 1 Joh 2,18; Jud 18 Anden seier med klåre ord at i dei siste tider skal somme falla frå trua. Dei skal halda seg til ånder som fører vill, og til lære som kjem frå demonar 2#4,2 fått samvitet avsvidd Biletet er truleg henta frå medisinsk praksis i samtida: Samvitet er fjerna, slik legane brukte å brenna bort sjuke kroppsdelar. Men det kan òg skriva seg frå handelslivet: Motstandarane er «brennemerkte i samvitet», slik slavar kunne bli brennemerkte av eigaren. og blir boren fram av hyklarar og løgnarar som har fått samvitet avsvidd. 3#1 Kor 10,30f; Kol 2,20ff Dei forbyd folk å gifta seg og krev at ein skal halda seg frå visse slag mat, den som Gud har skapt til å bli motteken med takk av dei som trur og kjenner sanninga. 4#1 Mos 1,31; Rom 14,14+ For alt det Gud har skapt, er godt, og ikkje noko skal forkastast når det blir motteke med takk, 5for det blir helga med Guds ord og bøn.
Ansvaret for forsamlinga
6 # 2 Tim 2,15; 4,3+ Når du lærer syskena dette, er du ein god Kristi Jesu tenar. Då nærer du deg av det ordet som skaper tru og av den gode læra som du har følgt. 7#1,4+#4,7 dei ugudelege mytane >1,4. Men vis frå deg dei ugudelege mytane, som berre er tomt snakk. Øv deg heller i gudsfrykt. 8#6,6 For kroppsleg øving er nyttig til noko, men gudsfrykta er nyttig til alt. Ho ber i seg lovnad både for dette livet og for det som kjem. 9#1,15 Det er eit truverdig ord, vel verdt å ta imot. 10#2,3f#4,10 kjempar Mange gamle manuskript har «blir kritiserte». Difor er det vi strevar og kjempar. For vi har sett vårt håp til den levande Gud, han som er frelsar for alle menneske, men først og fremst for dei som trur. 11Dette skal du gje påbod om når du underviser.
12 # Tit 2,7.15 Lat ingen sjå ned på deg fordi du er ung, men ver eit førebilete for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik. 13#4,13 skriftlesinga opplesing av tekstar frå GT i gudstenesta, kanskje òg av Jesus-ord og brev til forsamlingane. Ta deg særskilt av skriftlesinga, formaninga og opplæringa, heilt til eg kjem. 14#Apg 6,6; 1 Tim 1,18; 2 Tim 1,6 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg. 15Legg vinn på alt dette, lev i det, så alle kan sjå at du gjer framsteg.
16Gjev akt på deg sjølv og på læra! Hald fram med det! For gjer du det, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.