1. Timoteus 2

2
Forskrifter for gudstenesta
1 # Fil 4,6 Framfor alt legg eg dykk på hjartet å bera fram bøn og påkalling, forbøn og takk for alle menneske. 2#Jer 29,7; Rom 13,1f+ Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer. 3Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over, 4#Esek 18,23; 2 Pet 3,9 han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.
5 # Hebr 9,15; 12,24 For Gud er éin,
og éin mellommann er det mellom Gud og menneske,
mennesket Kristus Jesus,
6 # Matt 20,28; 1 Kor 6,20; Fil 2,5ff; 1 Pet 1,8 # 2,6 løysepenge summen ein måtte betala for å fria ut ein person som elles var skuldig til døden, eller for å kjøpa fri ein slave. =slektssamfunn og justis. han som gav seg sjølv som løysepenge for alle.
Det var vitnemålet då tida var komen,
7 # Rom 9,1; 11,13; 2 Tim 1,11 # 2,7 herold Ein herold hadde til oppgåve å ropa ut kunngjeringar på offentlege stader. Ordet kan òg omsetjast «forkynnar». og for det vart eg sett til herold og apostel. Eg seier sanninga, eg lyg ikkje. Eg er ein lærar for folkeslag i tru og sanning.
8 # 2,8 lyfta reine hender Det var vanleg i antikken å be med hendene lyfte mot himmelen, og til bøn høyrde reinleik både i bokstaveleg og biletleg tyding. Eg vil at mennene alle stader skal lyfta reine hender når dei held bøn, utan sinne og strid. 9#1 Pet 3,3f På same måten vil eg at kvinnene skal ha ei fin framferd. Dei skal pynta seg med måte og forstand, ikkje med alle slags flettingar, gullsmykke, perler eller dyre klede, 10#5,10 men med gode gjerningar, slik det sømer seg for kvinner som vil leva gudfryktig. 11#1 Mos 3,16; 1 Kor 11,3; 14,34; Ef 5,22; Tit 2,5 Når ei kvinne tek imot læra, skal ho vera stille og underordna seg i eitt og alt. 12Eg tillèt ikkje ei kvinne å undervisa eller bestemma over mannen; ho skal vera stille. 13#1 Mos 2,18.21f For Adam vart skapt først, og så Eva. 14#1 Mos 3,6; 2 Kor 11,3 Og det var ikkje Adam som lét seg lokka. Men kvinna lét seg lokka og braut bodet. 15#5,14 Men ho skal bli frelst gjennom barnefødselen – berre dei viser forstand og held fast på tru, kjærleik og helging.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring