1. Tessalonikar 4

4
Framsteg i heilagt liv og kjærleik
1 # Fil 4,9; 2 Tess 2,15; 3,6 Elles, sysken, bed vi dykk og legg dykk på hjartet i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til glede for Gud, og slik lever de alt no. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2For de veit kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3#3 Mos 19,2 For dette er Guds vilje: at de skal vera heilage, så de held dykk borte frå hor. 4#1 Kor 6,13.15; 7,2#4,4 kone Det gr. ordet tyder eigentleg «reiskap» eller «kar», jf. 2 Kor 4,7, men vart brukt som omskriving for «kone». Jf. 1 Pet 3,7. Kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5#Sal 79,6 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6Ingen må gjera bror sin urett eller lura han i dette. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjartet. 7#2 Tess 2,13f For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8#Esek 36,27; Luk 10,16 Den som avviser dette, han avviser difor ikkje eit menneske, men han avviser Gud, som gjev dykk sin heilage Ande.
9 # Jes 54,13; Jer 31,33f; Joh 13,34 # 4,9–10 syskenkjærleiken Tanken om kristne som =sysken er viktig hos Paulus og står sentralt i 1 Tess (1,4; 2,1.9.14.17; 3,7; 4,1.9.10.13; 5,1.4.12.14.25.26). Om syskenkjærleiken treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre. 10#Rom 12,10; Hebr 13,1; 1 Pet 1,22; 2 Pet 1,7; 1 Joh 3,10ff Og de viser denne kjærleiken mot alle syskena våre i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjartet, sysken, at de må gjera endå større framsteg i dette. 11#2 Tess 3,6ff; 1 Tim 2,2 De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har bode dykk, 12#Kol 4,5 så de kan gå sømeleg fram mellom dei som er utanfor, og ikkje treng be nokon om hjelp.
Når Herren kjem
13 # Ef 2,12 # 4,13 sovna inn Søvn og kvile er eit vanleg bilete på døden i den antikke verda. Jf. 2 Sam 7,12; 1 Kong 2,10; Matt 27,52; 1 Kor 11,30; 15,6.18.20.51. Vi vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om dei som har sovna inn, så de ikkje skal sørgja som dei andre, dei som er utan håp. 14#1 Kor 15,12ff For så sant Jesus døydde og stod opp, og det trur vi, så skal òg Gud ved Jesus føra dei som har sovna inn, saman med han. 15#1 Kor 15,23 Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som enno lever og blir att her heilt til Herren kjem, skal slett ikkje koma før dei som har sovna inn. 16#Matt 24,31+; 1 Kor 15,52 For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen, og dei døde i Kristus skal først stå opp. 17#Joh 14,3; 17,24 Så skal vi som har vorte att og enno lever, rykkjast bort saman med dei i skyene og møta Herren i lufta. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. 18Trøyst kvarandre og set mot i kvarandre med desse orda!

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring