1. Tessalonikar 1
N11NN

1. Tessalonikar 1

1
Helsing
1 # Apg 17,1ff; 2 Tess 1,1 # 1,1 Silvanus og Timoteus =Paulus' medarbeidarar. Tessalonika hamneby og hovudstad i den romerske provinsen Makedonia. =byar. Paulus, Silvanus og Timoteus helsar forsamlinga i Tessalonika, i Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. Nåde og fred vere med dykk!
Paulus gleder seg over forsamlinga
2 # Rom 1,8f; Ef 1,15; Fil 1,3f; Kol 1,3; 2 Tess 1,3; Filem 4 Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i bønene våre. 3#1 Kor 13,13; Kol 1,4f For vår Gud og Fars andlet hugsar vi stadig korleis trua dykkar viser seg i gjerning, kjærleiken i arbeid og vona til vår Herre Jesus Kristus i tolmod. 4#2 Tess 2,13 De er elska av Gud, sysken, og vi veit at de er utvalde. 5#1 Kor 2,4f; 4,20 For då evangeliet kom til dykk, var det ikkje berre med ord, men òg med kraft, ved Den heilage ande og med full overtyding. De veit kva vi gjorde hos dykk, for dykkar skuld. 6#Apg 17,5ff; 1 Kor 4,16+ Og de etterlikna oss, ja, de etterlikna Herren sjølv, då de under hard motgang tok imot Ordet med den glede som Den heilage ande gjev. 7#1,7 Makedonia og Akaia =romerske provinsar, som til saman dekkjer størstedelen av det noverande Hellas. Slik vart de eit føredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia. 8For frå dykk har Herrens ord fått lyda vidt utover. Ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader har dei høyrt om dykkar tru på Gud, så den treng ikkje vi seia noko om. 9#Apg 14,15; 1 Kor 12,2+ Dei fortel sjølve kva mottaking vi fekk hos dykk, korleis de vende om til Gud frå avgudane for å tena den levande, sanne Gud 10#Matt 3,7; Rom 5,9; 1 Tess 4,15f; 5,9; Tit 2,13 og venta på hans Son frå himmelen, han som Gud reiste opp frå dei døde, Jesus, som bergar oss frå den komande vreiden.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk