1. Samuelsbok 29

29
Akisj sender David heim
1 # 29,1 Afek >4,1. kjelda truleg En-Herod på Jisreel-sletta, ved foten av Gilboa-fjellet. Filistrane samla alle hærane sine ved Afek, medan israelittane slo leir ved kjelda i Jisreel. 2Filistarhovdingane drog fram i spissen for avdelingar på hundre og tusen mann. Sist kom David og mennene hans saman med Akisj. 3#27,7 Då sa feltherrane til filistrane: «Kva skal desse hebrearane her?» Akisj svara dei: «Er ikkje dette David, ein av mennene til Saul, Israels-kongen, han som har vore hos meg i over eitt år? Frå den dagen han gjekk over til meg og til no har eg ikkje funne noko å utsetja på han.» 4#1 Krøn 12,19 Men feltherrane vart arge på han og sa til han: «Send mannen bort! Han kan dra tilbake til den staden du har gjeve han. Han skal ikkje vera med oss i krigen, for han kunne venda seg mot oss midt i slaget. Korleis skulle han lettare vinna att godviljen hos herren sin enn om han kom med hovuda av mennene våre? 5#18,7 Er ikkje dette David, han som kvinnene song om medan dei dansa:
Saul slo i tusental,
men David har slege i titusental?»
6Akisj kalla då David til seg og sa til han: «Så sant Herren lever, du er ein ærleg mann. Eg ser gjerne at du går inn og ut hos meg i leiren, for eg har ikkje funne noko vondt hos deg frå den dagen du kom til meg og til no. Men hovdingane lit ikkje på deg. 7Dra no heim i fred, så du ikkje gjer noko som filistarhovdingane mislikar.» 8David sa til Akisj: «Kva gale har eg gjort? Har du hatt noko å utsetja på tenaren din frå den dagen eg kom i di teneste og til no, sidan eg ikkje får vera med og kjempa mot fiendane dine, herre konge?» 9#2 Sam 14,17.20; 19,27 Akisj svara David: «I mine auge er du god, som ein engel frå Gud. Men feltherrane til filistrane seier at dei ikkje vil ha deg med i krigen. 10Stå tidleg opp i morgon, både du og dei mennene til herren din som har følgt deg hit. Gjer dykk ferdige og dra av stad så snart det lysnar.»
11Morgonen etter stod David og mennene hans tidleg opp og fór attende til filistarlandet. Men filistrane drog opp til Jisreel.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring