1. Samuelsbok 20

20
David og Jonatan
1David flykta frå Nevajot ved Rama. Han kom til Jonatan og sa: «Kva har eg gjort? Kva vondt og gale har eg gjort mot far din sidan han vil ta livet av meg?» 2Jonatan svara: «Langt ifrå! Du skal ikkje døy! Far min gjer då aldri noko, stort eller smått, utan at han lèt meg få vita det. Kvifor skulle han då løyna dette for meg? Slik er det ikkje.» 3Men David svara med ein eid: «Far din veit godt at du ser på meg med velvilje. Difor tenkjer han: Dette må ikkje Jonatan få vita, det ville gjera han vondt. Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Det er berre eit steg mellom meg og døden.» 4Då sa Jonatan til David: «Alt det du ønskjer, vil eg gjera for deg.» 5#4 Mos 28,11 David svara: «I morgon er det nymåne. Då skulle eg sitja til bords med kongen. Men lèt du meg gå, gøymer eg meg ute på marka til tredje kvelden. 6Skulle så far din sakna meg, må du seia: David bad meg om lov til å fara heim til Betlehem i all hast, for der held heile slekta den årlege offerfesten sin. 7Seier han då: Det er godt, så kan tenaren din vera trygg. Men fer han opp i sinne, kan du vera viss på at han har sett seg føre å gjera meg noko vondt. 8Ver god mot meg, for du har late meg gjera venskapspakt med deg for Herrens andlet. Men har eg gjort meg skuldig i noka synd, så drep meg du! Kvifor skulle du vel føra meg til far din?» 9Jonatan svara: «Det skal aldri henda deg! Skjønar eg at far min har sett seg føre å gjera deg noko vondt, skal eg nok seia deg det.» 10Då spurde David: «Kven skal varsla meg dersom far din gjev eit uforsonleg svar?» 11Jonatan sa: «Kom, lat oss gå ut på marka!» Så gjekk dei to ut på marka.
12Der sa Jonatan til David: «Ved Herren, Israels Gud: I morgon eller i overmorgon på denne tida skal eg ha funne ut kva far min har i tankane. Anten det då ser bra ut for deg eller ikkje, skal eg senda bod til deg og la deg få vita det. 13#Rut 1,17Herren la det gå meg ille både no og sidan dersom far min finn for godt å føra ulukke over deg utan at eg varslar deg og hjelper deg til å koma unna, så du kan fara din veg i fred. Herren vere med deg som han har vore med far min. 14Så lenge eg lever, må du vera god mot meg slik Herren er det. Og når eg døyr, 15må du aldri halda opp med å vera god mot mitt hus! Når Herren har rydda ut alle Davids fiendar frå jorda, 16måtte då namnet til Jonatan ikkje bli utrydda, men leva saman med Davids hus! Må Herren ta hemn over Davids fiendar!» 17#18,3 Så stadfeste Jonatan endå ein gong sin eid til David, for han var glad i han; han hadde David like kjær som sitt eige liv.
18Sidan sa Jonatan til han: «I morgon er det nymåne, og du kjem til å bli sakna når plassen din er tom. 19#20,19 Etsel-steinen ukjend stad. Men i overmorgon skal du gå ned til den staden der du gøymde deg den dagen ugjerninga skulle gjerast, og halda deg nær Etsel-steinen. 20Så skal eg skyta tre piler mot den eine sida av han, som om eg skaut mot eit mål, 21og senda guten min av stad for å finna pilene. Seier eg då til guten: Pilene ligg på denne sida av deg, hent dei! – så kan du koma fram. Då kan du vera trygg; så sant Herren lever, det er ingen fare. 22Men seier eg til ungguten: Pilene ligg bortanfor deg, – så dra din veg! For då sender Herren deg bort. 23Den lovnaden vi har gjeve kvarandre, eg og du, den skal Herren vera eit vitne på for alltid.» 24Så gøymde David seg ute på marka.
Saul blir sint på Jonatan
Nymånedagen kom, og kongen sette seg til bords og skulle eta. 25Han sat der han var van å sitja, i høgsetet oppmed veggen. Jonatan sette seg rett imot han, og Abner sat ved sida av Saul. Men plassen til David stod tom. 26Saul sa ikkje noko den dagen, for han tenkte: «Det har vel hendt han noko så han ikkje er rein; han har ikkje fått reinsa seg enno.» 27Men då plassen til David stod tom også andre dagen, dagen etter nymåne, då sa Saul til Jonatan, son sin: «Kvifor er ikkje Isai-sonen komen til måltidet korkje i går eller i dag?» 28Jonatan svara: «David bad meg inntrengjande om lov til å dra til Betlehem. 29Kjære, lat meg få fara, sa han, for slekta vår held offerfest der i byen, og bror min har bede meg koma. Om du ser på meg med velvilje, så lat meg få fara heim og helsa på slektningane mine! – Difor er han ikkje komen til kongens bord.» 30Då vart Saul rasande på Jonatan og sa til han: «Du son til ei dårleg og trassig kvinne! Var det ikkje det eg visste at du har valt deg ut denne Isai-sonen til skam for deg sjølv og til skam for nakenskapen til mor di! 31Så lenge Isai-sonen lever på jorda, står korkje du eller kongedømet ditt trygt. Send bod og hent han hit til meg, for han skal døy!» 32«Kvifor skal han døy?» spurde Jonatan. «Kva gale har han gjort?» 33#18,11 Men Saul lyfte spydet og ville renna det gjennom han. Då skjøna Jonatan at far hans ville drepa David. 34Han reiste seg frå bordet i brennande harme og smaka ikkje mat den andre nymånedagen. Så vondt hadde Jonatan av David, for far hans hadde audmjuka han.
David skil lag med Jonatan
35Morgonen etter gjekk Jonatan ut på marka til den tid han hadde avtala med David, og han hadde ein liten gut med seg. 36Han sa til guten: «Spring og finn pilene som eg skyt!» Medan guten sprang av stad, skaut han pila forbi han. 37Og då guten kom til staden der ho låg, den pila Jonatan hadde skote, ropa Jonatan etter han: «Ligg ikkje pila bortanfor deg?» 38Og så ropa han: «Skund deg, ver snar, stå ikkje der!» Guten tok opp pila og kom til herren sin. 39Han skjøna ingen ting. Det var berre Jonatan og David som visste kva dette gjaldt.
40Så gav Jonatan våpna sine til guten som var med han, og sa til han: «Gå inn til byen med dette!» 41Då guten hadde gått, kom David fram frå sørsida av steinen. Han kasta seg til jorda; tre gonger bøygde han seg. Så kyste dei kvarandre og gret, dei to. David storgret. 42Og Jonatan sa til David: «Gå bort i fred! For vi to har svore kvarandre i Herrens namn at Herren for alltid skal vera vitne om lovnaden mellom meg og deg og mellom mi slekt og di slekt.» 43Så braut David opp og gjekk sin veg, og Jonatan gjekk tilbake til byen.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring