1. Samuelsbok 19
N11NN

1. Samuelsbok 19

19
Saul står David etter livet
1Ein gong tala Saul med Jonatan, son sin, og med alle mennene sine om å få David drepen. Men Jonatan, son til Saul, var svært glad i David. 2Difor fortalde han dette til David og sa: «Saul, far min, tenkjer på å drepa deg. Ta deg i vare i morgon tidleg! Finn deg ein gøymestad og hald deg der! 3Så skal eg gå ut på marka der du er, og stå ved sida av far. Eg vil tala med han om deg, og merkar eg noko, skal eg seia deg det.» 4Jonatan tala Davids sak for Saul, far sin. Han sa: «Kongen må ikkje gjera urett mot David, tenaren sin, for han har ikkje gjort urett mot deg. Det han har gjort, har heller vore til stort gagn for deg. 5#17,50ff Han sette livet på spel og felte filistaren, og Herren lét heile Israel vinna ein stor siger. Du såg det sjølv og gledde deg. Kvifor vil du då la uskuldig blod renna og drepa David utan grunn?» 6Saul høyrde på Jonatan og svor: «Så sant Herren lever, han skal ikkje mista livet!» 7Då ropa Jonatan på David og fortalde han alt saman. Jonatan førte David fram for Saul, og David vart verande hos han som før.
8Men krigen heldt fram, og David drog ut og kjempa mot filistrane. Dei leid stort nederlag og flykta for han. 9#16,14; 18,10 Ein dag kom det ei vond ånd frå Herren over Saul medan han sat i huset sitt med spydet i handa og David spela på harpa. 10Saul prøvde å spidda David til veggen med spydet. Men David bøygde unna for Saul, og spydet fór i veggen. David flykta og kom seg unna same natta. 11#Sal 59,1 Saul sende nokre menn til Davids hus for å vakta på han og drepa han om morgonen. Men Mikal, kona til David, varsla han om det og sa: «Kjem du deg ikkje unna i natt, blir du drepen i morgon.» 12#Jos 2,15; Apg 9,25 Så firte ho han ned frå vindauget, og han flykta og kom seg bort. 13#19,13 terafar hebr. terafim. Små gudebilete eller heilage gjenstandar som familien eigde. Dei kunne m.a. nyttast når ein ville ta varsel. Jf. 1 Mos 31,19; Dom 18; Esek 21,26. Like etter tok ho terafane og la dei i senga. Ho la eit teppe av geiteragg ved hovudet deira og breidde sengeteppet over. 14Då utsendingane frå Saul kom for å henta David, sa ho: «Han er sjuk.» 15Så sende Saul dei same mennene for å sjå David, og sa: «Ber han hit til meg i senga. Han skal døy.» 16Men då mennene kom inn, fekk dei sjå terafane i senga med teppet av geiteragg ved hovudet. 17Saul sa til Mikal: «Kvifor har du narra meg slik og hjelpt fienden min til å sleppa unna?» Mikal svara: «Han sa til meg: Hjelp meg å sleppa bort, elles drep eg deg.»
18 # 19,18 Nevajot kan òg omsetjast «profethus». Då David hadde flykta og kome seg unna, drog han til Samuel i Rama og fortalde han korleis Saul hadde vore mot han. Så gjekk han og Samuel til Nevajot og slo seg til der. 19Då Saul fekk vita at David var i Nevajot ved Rama, 20sende han nokre menn dit for å henta han. Men då dei fekk sjå profetflokken, som var i profetisk glød, og Samuel, som stod framfor dei, kom Guds ande over utsendingane frå Saul, og dei vart gripne av profetisk glød, dei òg. 21#2 Kong 1,9ff Saul fekk vita om det og sende andre menn. Men det gjekk like eins med dei. Saul sende folk dit ein tredje gong, men dei kom i profetisk glød, dei òg. 22Til slutt gjekk han sjølv til Rama, og då han kom til den store brønnen i Seku, spurde han: «Kvar er Samuel og David?» Dei svara: «I Nevajot ved Rama.» 23#10,10ff Så gjekk han dit, til Nevajot ved Rama. Men Guds ande kom over han òg, og han gjekk i profetisk glød heile vegen til Nevajot ved Rama. 24#10,12 Saul reiv av seg kleda og stod framfor Samuel, gripen av profetisk glød liksom dei andre, heilt til han fall over ende. Og han vart liggjande naken heile dagen og heile natta. Difor seier folk: «Er Saul òg mellom profetane?»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.