1. Samuelsbok 18
N11NN

1. Samuelsbok 18

18
Saul blir misunneleg på David
1 # 19,1; 20,17 Då David hadde snakka med Saul, vart Jonatan nær knytt til David og fekk han så kjær som sitt eige liv. 2Same dagen tok Saul David til seg og lét han ikkje meir få venda attende til heimen sin. 3#20,8.16; 23,18; 2 Sam 21,7 Og Jonatan gjorde ei pakt med David fordi han hadde fått han så kjær som sitt eige liv. 4Han tok av seg kappa og gav henne til David saman med stridskleda og sverdet, bogen og beltet.
5Sidan drog David ut i krigen, og han hadde lukka med seg kvar enn Saul sende han. Difor sette Saul han over stridsmennene sine. Heile folket såg opp til han, også mennene til Saul.
6 # Dom 11,34 # 18,6 triangelspel ukjent musikkinstrument. Namnet tyder på ein samanheng med talet «tre». Då hæren kom heim etter at David hadde felt filistaren, kom kvinnene syngjande og dansande ut frå alle byane i Israel for å møta kong Saul med trommer, glederop og triangelspel. 7#21,11; 29,5 Medan dei dansa, song kvinnene:
«Saul slo i tusental,
men David slo i titusental.»
8Då vart Saul brennande harm. Han lika desse orda ille og sa: «Dei gjev David æra for titusental, men meg berre for tusental. No manglar han berre kongsmakta!» 9Frå den dagen såg Saul skeivt til David.
10 # 16,14; 19,9f Dagen etter kom det ei vond ånd frå Gud over Saul. Han vart heilt frå seg inne i huset, og David spela på harpa, som han gjorde kvar dag. Saul hadde eit spyd i handa. 11Han kasta spydet mot David og tenkte: «No spiddar eg han til veggen.» Men David bøygde seg unna to gonger. 12Då vart Saul redd David; for Herren var med han, men Saul hadde han vike frå. 13Difor sende Saul han frå seg og sette han til førar for tusen mann. David førte hæren ut i kamp og heim att. 14#17,37+ David hadde lukka med seg i alt han tok seg føre, for Herren var med han. 15Då Saul såg at det gjekk godt for David, vart han endå meir redd han. 16Men heile Israel og Juda elska David, for det var han som førte dei ut i kamp og heim att.
17 # 25,28 Ein dag sa Saul til David: «Her er Merab, eldste dotter mi. Henne gjev eg deg til kone. Syn meg til gjengjeld at du er ein djerv mann og fører Herrens krigar.» For Saul sa til seg sjølv: «Eg vil ikkje leggja hand på han; det skal filistrane gjera.» 18David svara Saul: «Kven er vel eg i Israel, og kva er vel mi slekt og familien til far min, sidan eg skal bli svigerson til kongen?» 19Men på den tida då David skulle få Merab, dotter til Saul, vart ho gift bort til Adriel frå Mehola.
20Men Mikal, dotter til Saul, hadde vorte glad i David. Då Saul fekk vita det, tykte han godt om det. 21«Han skal få henne», tenkte Saul. «Ho skal bli ei snare for han så han kjem i filistarvald.» Difor sa Saul til David for andre gong: «Du skal bli svigerson min.»
22Så sa Saul til mennene sine: «Tal med David i løynd og sei: Kongen tykkjer vel om deg, og alle mennene hans held av deg. No kan du bli svigerson til kongen.» 23Då mennene til Saul kviskra dette i øyra på David, sa han: «Trur de det er så lett å bli svigerson til kongen? Eg er ein fattig og lågætta mann.» 24Mennene til Saul fortalde kongen kva David hadde svara. 25Då sa Saul: «Gå og sei til David at kongen ikkje vil ha noka anna festargåve enn forhuda av hundre filistrar; slik vil han hemna seg på fiendane sine.» For Saul rekna med at filistrane kom til å drepa David. 26Då mennene til Saul fortalde David kva Saul hadde sagt, var David glad for at han skulle bli svigerson til kongen. Og før tida var ute, 27braut David opp og drog av stad med folka sine. Han felte to hundre filistrar. Så tok han forhudene deira med seg, og dei vart talde opp for kongen, slik at han kunne bli svigerson til kongen. Då gav Saul han dotter si, Mikal, til kone. 28Men då Saul såg at Herren var med David, og skjøna at Mikal, dotter hans, elska han, 29då vart han endå reddare David. Sidan var Saul fienden til David all sin dag.
30Filistarhovdingane rykte ofte ut i kamp. Og kvar gong dei drog ut, gjekk det betre for David enn for alle dei andre mennene til Saul, og han vann seg eit stort namn.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.