1. Samuelsbok 17
N11NN

1. Samuelsbok 17

17
David og Goliat
1 # 17,1 Soko, Aseka byar i vestskråninga av Juda. Filistrane samla hærane sine til kamp. Dei kom saman ved Soko i Juda og slo leir ved Efes-Dammim, mellom Soko og Aseka. 2#17,2 Ela-dalen dal sør for Soko og Aseka med namn etter ela-treet, truleg eit pistasjtre. Saul og israelittane samla seg òg. Dei slo leir i Ela-dalen og gjorde seg klare til kamp mot filistrane. 3Filistrane stod oppstilte i den eine fjellskråninga og israelittane i den andre. Berre dalen var mellom dei.
4 # 17,4 seks alner og eit fingerspenn. ca. 3,25 m. Eit handskrift frå =Qumran og =Septuaginta har «fire alner og eit fingerspenn», ca. 2,25 m. fingerspenn avstanden frå tommelen til veslefingeren hos eit vakse menneske, ca. 25 cm. Då kom det fram frå rekkjene ein mann som utfordra til tvikamp. Han heitte Goliat og var frå Gat. Han var seks alner og eit fingerspenn høg. 5#17,5 skjelbrynje brynje av lêr, forsterka med metallstykke, som låg over kvarandre lik skjel. 5000 sjekel ca. 60 kg. På hovudet hadde han ein bronsehjelm, og han var kledd i ei skjelbrynje av bronse. Ho vog fem tusen sjekel. 6På leggene hadde han bronsespjelkar, og på ryggen bar han ein sabel av bronse. 7#2 Sam 21,19; 1 Krøn 20,5#17,7 600 sjekel ca. 7 kg. Skaftet på spydet hans var tjukt som ein vevbom, og spydspissen var av jern og vog seks hundre sjekel. Skjoldberaren gjekk føre han. 8Goliat stilte seg opp og ropa til Israels-hæren: «Kvifor dreg de ut og gjer dykk klare til strid? Er ikkje eg ein filistar og de Sauls tenarar? Vel ut ein mann og send han ned til meg! 9Kan han kjempa med meg og fella meg, skal vi vera slavane dykkar. Men vinn eg over han og feller han, skal de vera våre slavar og tena oss.» 10Og filistaren heldt fram: «I dag har eg hånt Israels hær. Send hit ein mann, så skal vi kjempa mot kvarandre.» 11Då Saul og alle israelittane høyrde kva filistaren sa, vart dei svært redde og mista motet.
12 # 16,1 David var son til Isai, som høyrde til Efrat-slekta frå Betlehem i Juda. Denne mannen hadde åtte søner. På Sauls tid var Isai gammal og skral. 13Dei tre eldste sønene hans hadde følgt Saul i krigen. Den eldste av desse tre sønene som hadde gått i krigen, heitte Eliab, den andre Abinadab og den tredje Sjamma. 14David var den yngste. Dei tre eldste hadde følgt Saul. 15Men David gjekk ofte heim att frå Saul for å gjeta småfeet til far sin i Betlehem.
16Morgon og kveld kom filistaren fram. I førti dagar baud han seg fram til kamp. 17#17,17 ein efa ca. 36 l. Då sa Isai til David, son sin: «Ta med ein efa av dette steikte kornet og desse ti brøda og skund deg til brørne dine i leiren! 18Og desse ti ostestykka skal du ha med til tusenmannsføraren. Finn ut korleis det står til med brørne dine, og få med deg eit teikn frå dei! 19#17,19 Ela-dalen >v. 2. Dei og alle dei andre israelittane er hos Saul i Ela-dalen og fører krig mot filistrane.»
20Morgonen etter stod David tidleg opp og overlét småfeet til ein gjetar. Så tok han det han skulle ha med, og gjekk i veg slik Isai hadde sagt han. Då han kom til leiren, gjekk hæren nett ut og stilte seg opp, og krigsropet ljoma. 21Både israelittane og filistrane stilte seg opp, front mot front. 22David la sakene sine frå seg hos vaktaren som hadde tilsyn med krigsutstyret. Så sprang han bort til hæren, fann brørne sine og helsa på dei. 23Medan han snakka med dei, steig tvikjemparen, filistaren Goliat frå Gat, fram frå rekkjene med filistrar. Han ropa dei same orda som tidlegare, og no høyrde David det òg. 24Alle israelittane flykta for Goliat straks dei fekk sjå han. Dei var svært redde. 25Og dei sa seg imellom: «Ser de den karen som kjem fram der? Han kjem for å håna Israel. Den som feller han, vil kongen gje stor rikdom og dotter si med, og slekta hans skal vera friteken for skatt i Israel.» 26#Dom 5,9+ David spurde dei mennene som stod saman med han: «Kva var det han skulle få, den mannen som feller filistaren og tek ei slik vanære bort frå Israel? Kven er han vel, denne uomskorne filistaren som vågar å håna hæren til den levande Gud?» 27Folket tok opp att det som var sagt: Det og det skal han få som feller han. 28Eliab, eldste bror til David, høyrde kva han tala med mennene om. Han vart sint på David og sa: «Kvifor er du komen hit ned? Kven har du fått til å gjeta den vesle saueflokken uti ørkenen? Eg veit kor frekk og vond du er. Du er berre komen hit for å sjå på slaget.» 29«Kva gale har eg no gjort?» svara David. «Det var då berre eit spørsmål!» 30Så vende han seg frå bror sin og spurde ein annan om det same. Og folket gav han same svaret som første gongen.
31Det spurdest snart kva David hadde sagt, og det vart kunngjort for Saul, som sende bod etter han. 32David sa til Saul: «Ingen må mista motet! Tenaren din skal gå og kjempa med denne filistaren.» 33Men Saul svara: «Du kan ikkje gå mot filistaren og kjempa med han; du er då berre ungguten, og han har vore krigar heilt ifrå ungdomen.» 34Då sa David: «Tenaren din har gjett småfeet for far sin. Kom det då ei løve eller ein bjørn og tok eit fe frå flokken, 35sprang eg etter udyret, slo det og reiv feet ut or gapet på det. Og reiste det seg mot meg, treiv eg det i skjegget og slo det i hel. 36Både løve og bjørn har tenaren din felt, og det skal gå denne uomskorne filistaren som dei; for han har hånt den levande Guds hær.» 37#18,12; 20,13 Og David la til: «Herren, som har berga meg frå løve og bjørn, han skal nok òg berga meg frå denne filistaren.» Då sa Saul til David: «Gå, måtte Herren vera med deg.» 38Så lét han David få sine eigne klede, sette ein bronsehjelm på hovudet hans og hadde på han ei brynje. 39David batt sverdet til Saul utanpå kleda og prøvde å gå, men til fånyttes. For han hadde aldri prøvd det før. «Eg greier ikkje å gå med dette på meg», sa han til Saul, «eg er ikkje van med det.» Så la han det av seg 40og tok heller staven sin i handa, valde seg ut fem glatte steinar frå elvefaret og la dei i gjetartaska som han bar over aksla. Slyngja hadde han i handa. Så gjekk han fram mot filistaren.
41Imedan kom filistaren nærare og nærare David, og skjoldberaren gjekk føre han. 42#16,12 Då filistaren såg fram for seg og fekk auge på David, fnyste han forakteleg av han. For David var berre ungguten, raudleitt og vakker å sjå til. 43«Trur du eg er ein hund, sidan du kjem imot meg med kjeppar?» ropa filistaren til David. Og han forbanna David ved gudane sine. 44«Kom hit til meg», sa han, «så skal eg gje kjøtet ditt til fuglane under himmelen og dyra på marka.» 45David svara: «Du kjem mot meg med sverd, spyd og sabel, men eg kjem mot deg i namnet til Herren over hærskarane, han som er Gud for Israels hær, han som du har hånt. 46I dag vil Herren gje deg i mi hand. Eg skal slå deg i hel og hogga hovudet av deg. Og liket ditt og lika av filistarhæren skal eg i dag gje til fuglane under himmelen og til villdyra på jorda. Så skal heile jorda skjøna at Israel har ein Gud. 47#Hos 1,7 Og alt dette folket som er samla, skal skjøna at det ikkje er med sverd og spyd Herren gjev siger. Det er Herren som rår for krigen, og han skal gje dykk over i våre hender.»
48Då filistaren tok til å gå bort imot David att, sprang David brått fram føre hæren for å møta han. 49Han stakk handa ned i veska og tok opp ein stein. Den kasta han med slyngja så han råka filistaren i panna. Steinen gjekk djupt inn i panna hans, og han stupte med andletet mot jorda. 50Slik vann David over filistaren med slyngje og stein. Han felte filistaren og slo han i hel, endå han ikkje hadde noko sverd i handa. 51David sprang bort til filistaren, tok sverdet hans, drog det ut or slira og drap han. Så hogg han hovudet av han.
Då filistrane såg at kjempa deira var død, flykta dei. 52Men israelittane og judearane storma fram med høge krigsrop og forfølgde dei til Gat og til portane i Ekron. Det låg falne filistrar langs vegen frå Sjaarajim heilt til Gat og Ekron.
53Då forfølgde ikkje israelittane filistrane lenger, men drog tilbake og plyndra leiren deira. 54David tok hovudet til filistaren og hadde det med seg til Jerusalem, men våpna hans la han i teltet sitt.
55Då Saul såg David gå fram mot filistaren, sa han til Abner, hærføraren sin: «Abner, kven er den ungguten son til?» Abner svara: «Så sant du lever, konge, det veit eg ikkje.» 56Kongen sa: «Finn ut kven den ungguten er son til.» 57Då David kom att etter at han hadde felt filistaren, tok Abner han og førte han fram for Saul. Han heldt endå hovudet til filistaren i handa. 58Og Saul spurde: «Kven er du son til, unge mann?» David svara: «Eg er son til din tenar Isai i Betlehem.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.