1. Samuelsbok 15
N11NN
15
Herren vrakar Saul
1 # 10,1 Samuel sa til Saul: «Det var meg Herren sende for å salva deg til konge over folket hans, over Israel. Høyr no Herrens ord! 2#2 Mos 17,8ff; 4 Mos 24,20; 5 Mos 25,17ff Så seier Herren over hærskarane: Eg krev amalekittane til rekneskap for det dei gjorde mot israelittane då dei drog opp frå Egypt. Dei sperra vegen for dei. 3#Jos 6,17f; 10,28ff#15,3 Slå … med bann =bann. Dra no ut og slå amalekittane. Slå alt dei eig, med bann! Spar ingen. Drep menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar og sauer, kamelar og esel!» 4#15,4 Tela'im Telem, ein stad i Negev. Jf. Jos 15,24. Så kalla Saul folket til våpen og mønstra dei i Tela'im. Det var to hundre tusen fotfolk forutan ti tusen judearar.
5Då Saul kom til amalekitt-byen, la han seg i bakhald i det tørre elveleiet. 6#15,6 kenittane etterkomarar etter svigerfar til Moses (Dom 1,16). Jf. 4 Mos 24,21; Dom 4,11ff; 5,24ff. Til kenittane sa han: «Skil lag med amalekittane og dra bort, så eg ikkje gjer ende på dykk saman med dei. For de var gode mot israelittane då dei drog opp frå Egypt.» Då skilde kenittane lag med amalekittane.
7 # 15,7 Havila >1 Mos 2,11. Sjur >1 Mos 16,7. Saul slo amalekittane og forfølgde dei frå Havila til bortimot Sjur, som ligg like ved Egypt. 8Han fanga amalekittkongen Agag levande. Han slo alt folket med bann og hogg dei ned med sverd. 9#3 Mos 27,28f Men Saul og mennene hans sparte Agag og det beste av småfeet og storfeet, gjøfeet og lamma. Alt som var noko verdt, sparte dei og ville ikkje slå det med bann. Men alt som var verdlaust og ringt, bannlyste dei.
10Då kom Herrens ord til Samuel: 11#1 Mos 6,7+ «Eg angrar at eg gjorde Saul til konge, for han har vendt seg bort frå meg og ikkje gjort som eg har sagt.» Då vart Samuel harm og ropa til Herren heile natta. 12#15,12 Karmel ikkje det kjende fjellet med dette namnet (1 Kong 18,19ff), men ein by vest for Daudehavet, sør for Hebron. Morgonen etter stod han tidleg opp for å møta Saul. Då vart det meldt til Samuel: «Saul kom til Karmel, og der reiste han eit minnesmerke over seg sjølv. Så braut han opp og drog nedover til Gilgal.»
13Då Samuel kom til Saul, sa Saul til han: «Velsigna er du av Herren! Eg har gjort som Herren har sagt.» 14Men Samuel sa: «Kva er det for breking som læt for øyra mine, og kva er det for rauting eg høyrer?» 15«Det er nokre dyr dei har teke frå amalekittane», svara Saul. «Krigsfolket sparte det beste av småfeet og storfeet for å ofra det til Herren din Gud, men resten har vi bannlyst.» 16Då sa Samuel til Saul: «Hald opp! Eg skal fortelja deg kva Herren har sagt til meg i natt.» «Sei det!» svara Saul. 17#9,21; 10,1.21ff Samuel sa: «Sjølv om du er liten i eigne auge, er du likevel overhovud for Israels stammar! Herren salva deg til konge over Israel. 18Han sende deg i veg og sa: Gå og bannlys amalekittane, desse syndige, og kjemp mot dei til du har gjort ende på dei! 19Kvifor lydde du ikkje Herrens ord, men kasta deg over byttet og gjorde det som var vondt i Herrens auge?» 20Saul svara: «Eg lydde Herrens ord og gjekk den vegen Herren sende meg. Eg førte Agag, amalekittkongen, hit og slo amalekittane med bann. 21Men krigsfolket tok småfe og storfe av byttet, det beste av det som var bannlyst, og ville ofra det til Herren din Gud her i Gilgal.»
22 # Jes 1,11+; Hos 6,6+ Då sa Samuel:
«Har Herren si glede i brennoffer og slaktoffer
like mykje som i lydnad mot Herrens ord?
Nei, å lyda er betre enn slaktoffer,
å høyra etter er betre enn feitt av vêrar.
23Trass er som spådomssynd,
og stridlynde er som avgudsdyrking.
Fordi du har vraka Herrens ord,
har han vraka deg som konge.»
24Då sa Saul til Samuel: «Eg har synda, for eg har brote Herrens bod og dine ord. Eg var redd folket og gav etter for dei. 25Men tilgjev no mi synd og ver med meg attende, så eg kan tilbe Herren26Men Samuel svara: «Eg vil ikkje vera med deg attende. For du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg. Du skal ikkje lenger vera konge over Israel.» 27Dermed snudde Samuel seg og ville gå. Men Saul greip tak i kanten på kappa hans, så ho rivna. 28#28,17; 1 Kong 11,11 Då sa Samuel til han: «I dag har Herren rive kongedømet over Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du. 29#4 Mos 23,19 Han som er Israels ære, lyg ikkje og angrar ikkje. For han er ikkje eit menneske, ein som angrar.» 30Saul svara: «Eg har synda. Men syn meg likevel den æra framfor dei eldste i folket mitt og heile Israel. Ver med meg attende så eg kan tilbe Herren din Gud.» 31Då følgde Samuel Saul attende, og Saul tilbad Herren.
32Sidan sa Samuel: «Før Agag, amalekittkongen, hit til meg.» Skjelvande gjekk Agag fram for han og sa: «Sanneleg, beisk er døden!» 33Samuel svara:
«Som sverdet ditt reiv borna bort frå mødrene,
skal di mor bli barnlaus, meir enn andre kvinner.»
Så hogg Samuel Agag ned for Herrens andlet i Gilgal.
34 # 7,17; 10,26 Deretter gjekk Samuel til Rama, og Saul drog heim att til Sauls Gibea. 35Til sin dødsdag såg Samuel aldri Saul att, for han sørgde over Saul.
Men Herren angra at han hadde gjort Saul til konge over Israel.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk