1. Samuelsbok 1
N11NN

1. Samuelsbok 1

1
Samuel blir fødd
1 # 1 Krøn 6,27.33ff # 1,1 Ramatajim Rama i Efraim (jf. v. 19); i NT blir byen kalla Arimatea, Matt 27,57. I Ramatajim-Sufim i Efraim-fjella budde ein mann som heitte Elkana. Far hans heitte Jeroham og var son til Elihu, son til Tohu, son til Suf frå Efraim-stammen. 2Elkana hadde to koner. Den eine heitte Hanna og den andre Peninna. Peninna hadde born, men Hanna var barnlaus. 3#2 Mos 23,17; Dom 21,19#1,3 Sjilo >Jos 18,1. År etter år drog denne mannen opp frå heimbyen sin til Sjilo for å be og ofra til Herren over hærskarane. Der var dei to sønene til Eli, Hofni og Pinhas, prestar for Herren. 4#5 Mos 12,18 Når Elkana heldt offermåltid, gav han Peninna, kona si, og alle sønene og døtrene hennar kvart sitt stykke av offerkjøtet, 5#1 Mos 29,31+ men Hanna fekk dobbelt så mykje. For det var Hanna han elska, endå Herren hadde lukka morslivet hennar. 6#1 Mos 16,4f Men medkona krenkte og terga henne støtt og ville gjera henne motlaus fordi Herren hadde lukka morslivet hennar. 7Slik gjekk det år etter år. Kvar gong Hanna drog opp til Herrens hus, terga Peninna henne. Då gret ho og ville ikkje eta. 8Men Elkana, mannen hennar, sa til henne: «Kvifor græt du, Hanna, og kvifor et du ikkje? Kvifor er hjartet ditt så fullt av sorg? Er ikkje eg meir for deg enn ti søner?»
9 # 1,9 ete og drukke halde offermåltid (jf. v. 4). Ein gong dei hadde ete og drukke i Sjilo, reiste Hanna seg og steig fram for Herrens andlet. Presten Eli satt på stolen sin ved dørstolpen til Herrens tempel. 10I si hjartesorg bad ho til Herren og gret sårt. 11#4 Mos 6,5+; Luk 1,48#1,11 aldri koma rakekniv Jf. nasirearlovnaden, 4 Mos 6,1–8. Tilknytinga til nasirearlovnaden er endå tydelegare i =Septuaginta, som har teksten «Vin og sterk drikk skal han ikkje drikka, og det skal aldri koma …». >1,22. Ho gav ein lovnad og sa: «Herre over hærskarane! Sjå til di tenestekvinne i hennar naud. Kom meg i hug og gløym ikkje tenestekvinna di, men lat meg få ein son. Så vil eg gje han til Herren for heile hans levetid, og det skal aldri koma rakekniv på hovudet hans.» 12Slik bad Hanna lenge for Herrens andlet, og Eli følgde munnen hennar med auga. 13For Hanna bad stilt, i hjartet sitt. Berre leppene hennar rørte seg, røysta høyrdest ikkje. Difor trudde Eli ho var full, 14og han sa til henne: «Kor lenge vil du visa deg full? Sjå til å få rusen av deg!» 15«Nei, herre», svara Hanna, «eg er ei kvinne som ber på ei tung sorg. Vin eller annan sterk drikk har eg ikkje drukke. Men eg har tømt hjartet mitt for Herrens andlet. 16Hald ikkje tenestekvinna di for ei dårleg kvinne! For heile tida tala eg ut av mi store sorg og naud.» 17Då sa Eli: «Gå bort i fred! Israels Gud skal gje deg det du har bede han om.» 18Hanna svara: «Måtte du sjå med velvilje på tenestekvinna di!» Så gjekk ho sin veg, åt og var ikkje lenger så sorgfull.
19Morgonen etter stod dei tidleg opp og tilbad Herren. Så gav dei seg på heimveg og kom til Rama. Og då Elkana igjen var saman med Hanna, kona si, kom Herren henne i hug. 20#1 Mos 16,11#1,20 Samuel Namnet minner om «Gud har høyrt» på hebr. Før året var ute, vart ho med barn og fødde ein son. Ho kalla han Samuel; «for eg har bede Herren om han», sa ho.
21Elkana drog opp att med heile sitt hus for å bera fram det årlege slaktofferet og lovnadsofferet for Herren, 22#1,22 Eit handskrift frå =Qumran har vidare «og eg vil gjera han til nasirear for alltid, så lenge han lever». Jf. 1,11. men Hanna vart ikkje med. Ho sa til mannen sin: «Når guten er avvand, vil eg ta han med, så han kan førast fram for Herren og sidan vera der all si tid.» 23«Gjer som du tykkjer best», svara mannen hennar, Elkana. «Ver heime til du har vant han av! Måtte Herren setja sitt ord i verk!» Så heldt kvinna seg heime og amma sonen til han var avvand.
24 # 4 Mos 15,8ff # 1,24 ein efa ca. 36 l. 1,24–25 ein treårsgammal okse Omsetjinga følgjer =Septuaginta og eit handskrift frå =Qumran. =Masoretteksten har «tre oksar». Guten … guten Omsetjinga følgjer =Septuaginta. Då ho hadde vant han av, tok ho han med opp til Herrens hus i Sjilo. Ho hadde med seg ein treårsgammal okse, ein efa mjøl og ein skinnsekk med vin. Guten {{var med dei, og dei førte han fram for Herren. Og far hans slakta slaktofferet, slik han gjorde kvart år for Herren. 25Han førte fram}} guten og slakta oksen. Hanna, mor hans, kom fram for Eli med guten. 26«Tru meg, herre!» sa ho. «Så sant du lever, herre, eg er den kvinna som stod her hos deg og bad til Herren. 27Denne guten var det eg bad om, og Herren har gjeve meg det eg bad om. 28No gjev eg han tilbake til Herren for heile hans levetid. Han skal høyra til Herren.» Så bøygde dei seg og tilbad Herren der.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk