1. Peter 2
N11NN

1. Peter 2

2
Den levande steinen og det heilage folket
1 # Ef 4,22; Jak 1,21 Legg difor av all vondskap, svik og hykleri, misunning og baktale, 2#1 Kor 3,2; Hebr 5,12f og lengta som nyfødde born etter den reine mjølka som ordet er, så de kan veksa ved den til frelse. 3#Sal 34,9 For de har smaka at Herren er god.
4 # Jes 28,16; Apg 4,11; Ef 2,20 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og kosteleg for Gud. 5#Jes 61,6; Rom 12,1; 1 Kor 3,16+; Hebr 13,15f Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus. 6#Jes 28,16; Rom 9,33 For det heiter i Skrifta:
Sjå, på Sion legg eg ein hjørnestein,
utvald og kosteleg;
den som trur på han,
skal ikkje bli til skamme.
7 # Sal 118,22; Matt 21,42+ Så blir han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur,
har steinen som bygningsmennene vraka,
vorte hjørnestein,
8 # Jes 8,14; Luk 2,34; Rom 9,33; 1 Kor 1,23 ein snublestein og eit berg til fall.
Fordi dei ikkje er lydige mot Ordet, snublar dei. Slik var det òg fastsett at det skulle gå dei.
9 # 2 Mos 19,5f; 5 Mos 7,6; Jes 43,21; Ef 1,14; 5,8+; Op 1,6 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som Gud har vunne så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk frå mørkret og inn i sitt underfulle lys.
10 # Hos 1,6.9; 2,23; Rom 9,25f De som før ikkje var eit folk,
er no Guds folk.
De som før ikkje fann miskunn,
har no funne miskunn.
Å leva i verda
11 # Hebr 11,13; 1 Pet 1,1.17 Eg legg dykk på hjartet, mine kjære, de som er framande og utlendingar i verda, at de skal sky lystene i dykkar kjøt og blod som fører krig mot sjela. 12#Jes 10,3; Matt 5,16; 1 Pet 3,16#2,12 den dagen han kjem =Herrens dag. Lev rett mellom heidningane, så dei som baktalar dykk og kallar dykk vonde menneske, kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Gud den dagen han kjem.
13 # Ordt 8,15; Joh 19,11; Rom 13,1ff; 1 Tim 2,1f; Tit 3,1 For Herrens skuld skal de underordna dykk all styresmakt blant menneske, anten det er keisaren, den øvste, 14eller landshovdingane, som han har sendt for å straffa dei som gjer vondt, og rosa dei som gjer godt. 15#Tit 2,8; 1 Pet 3,16 For det er Guds vilje at de skal gjera det gode og slik stogga munnen på uforstandige og uvitande menneske. 16#Gal 5,13+ De er frie. Bruk berre ikkje fridomen som påskot til å gjera vondt, men til å tena Gud. 17#Ordt 24,21; Rom 12,10 De skal visa alle ære, elska syskenfellesskapet, ottast Gud og æra keisaren.
18 # Ef 5,22–6,9; 6,5+; Kol 3,18–4,1 # 2,18–3,7 inneheld ei såkalla =hustavle. De tenestefolk skal vera underordna herrane dykkar og ha ærefrykt for dei, ikkje berre dei gode og milde, men dei urimelege òg. 19#3,14ff For det er godt om nokon finn seg i ufortent liding fordi samvitet er bunde til Gud. 20#Matt 5,10; 1 Pet 3,14.17; 4,14f Om de toler straff når de har gjort noko gale, er det noko å skryta av? Men om de toler lidingar når de gjer det rette, då er det godt i Guds auge. 21#Matt 16,24; Joh 13,15 Det var dette de vart kalla til.
For Kristus leid for dykk
og gav dykk eit førebilete,
så de skulle følgja i hans fotspor.
22 # Jes 53,9; Joh 8,46+ Han gjorde inga synd,
og det fanst ikkje svik i hans munn.
23 # Jes 53,7; 1 Pet 3,9 Han svara ikkje med hån når han vart hånt,
han truga ikkje når han leid,
men overlét si sak til han som dømmer rettferdig.
24 # Jes 53,4f.12; Rom 6,2ff # 2,24 opp på treet ved krossfestinga. =dødsstraff. På sin eigen kropp bar han
syndene våre opp på treet,
så vi skulle døy bort frå syndene
og leva for rettferda,
og ved hans sår vart de lækte.
25 # Matt 9,36+; Joh 10,11+ # 2,25 tilsynsmann nemning som til vanleg blir brukt om leiarar i forsamlinga. =tenester. De var som sauer som hadde gått seg vill,
men no har de vendt om til han
som er hyrding og tilsynsmann for sjelene dykkar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk