1. Kongebok 8

8
Paktkista blir sett på plass
1 # 2 Krøn 5,2ff Så samla Salomo dei eldste i Israel og alle stammehovdingane, leiarane for familiane, hos seg i Jerusalem. Dei skulle føra Herrens paktkiste opp frå Davidsbyen, det er Sion. 2Og alle menn i Israel samla seg hos kong Salomo på festen i etanim månad, det er den sjuande månaden i året.
3Då alle dei eldste i Israel var komne, lyfte prestane kista, 4og dei førte Herrens paktkiste opp saman med teltheilagdomen og alt det heilage utstyret som var i teltet. Det var prestane og levittane som bar dei. 5Kong Salomo stod framfor kista saman med heile Israels forsamling, som hadde samla seg hos han. Dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen kunne telja eller rekna dei. 6#2 Mos 26,33f Så bar prestane Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelrommet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane. 7For kjerubane breidde vengene ut over staden der kista stod, så dei dekte både kista og berestengene ovanfrå. 8Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå Det heilage framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har dei vore til denne dag. 9#2 Mos 25,16.21 I kista fanst det ikkje anna enn dei to steintavlene som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med israelittane då dei drog ut frå Egypt.
10 # 2 Mos 40,34 # 8,10 skya >2 Mos 13,21. Då prestane gjekk ut av heilagdomen, fylte skya Herrens hus. 11Prestane kunne ikkje stå og gjera teneste på grunn av skya; for Herrens herlegdom fylte tempelet.
Salomos bøn ved tempelvigsla
12 # 2 Mos 20,21; 3 Mos 16,2; 2 Krøn 6,1 Då sa Salomo:
Herren har sagt
at han vil bu i ei mørk sky.
13 # Sal 132,14 Men no har eg bygd deg ein staseleg bustad,
ein stad der du kan bu i all tid.
14 # 2 Sam 6,18 Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels forsamling medan dei stod. 15Han sa: Velsigna er Herren, Israels Gud, som med si hand har fullført det han med sin munn lova David, far min, då han sa: 16#2 Sam 7,6ff#8,16 =Septuaginta har ein lengre tekst, lik den i 2 Krøn 6,6. «Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut frå Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israel-stammane for at det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Men eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.» 17#2 Sam 7,2ff; 1 Krøn 17,1ff David, far min, hadde i tankar å byggja eit hus for namnet til Herren, Israels Gud. 18Men Herren sa til David, far min: «Då du hadde i tankar å byggja eit hus for namnet mitt, var tanken god. 19Likevel, det er ikkje du som skal byggja huset, men son din, som er av ditt eige kjøt og blod. Han skal byggja huset for namnet mitt.» 20No har Herren halde det ordet han tala. Eg har følgt etter David, far min, og teke sete på Israels kongsstol, slik Herren har sagt, og eg har bygd huset for namnet til Herren, Israels Gud. 21#2 Mos 20,1ff; 5 Mos 31,26 Der har eg sytt for ein stad for paktkista som inneheld den pakta Herren gjorde med fedrane våre då han førte dei ut frå Egypt.
22Så stod Salomo fram for Herrens altar midt framfor heile Israels forsamling. Han breidde hendene ut mot himmelen 23#5 Mos 4,39 og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje oppe i himmelen eller her nede på jorda. Du held pakta og gjer godt mot tenarane dine når dei ferdast heilhjarta for ditt andlet. 24Du har halde den lovnaden du gav din tenar David, far min. Med di hand har du oppfylt det du lova med din munn, som det viser seg i dag. 25#2 Sam 7,16 Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav din tenar David, far min, då du sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt andlet, så sant sønene dine aktar på si ferd og vandrar for mitt andlet slik som du har gjort.» 26#2 Krøn 1,9 Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til din tenar David, far min!
27 # Jes 66,1; Jer 23,24; Apg 7,48f; 17,24 Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd! 28Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud! Høyr ropet frå tenaren din og den bøna han i dag bed for ditt andlet! 29#5 Mos 12,5.11; 1 Kong 9,3 Hald auga dine opne over dette huset natt og dag. Vak over den staden der du har lova at namnet ditt skal bu. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden! 30Ja, høyr den bøna om nåde som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Høyr dei i himmelen der du bur, høyr og tilgjev!
31 # 2 Mos 22,10ff Når ein mann skader nesten sin og det blir kravd at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset, 32#5 Mos 25,1 då må du høyra det i himmelen, gripa inn og skifta rett mellom tenarane dine. Døm den urettferdige skuldig og lat framferda hans koma att på han sjølv! Frikjenn den rettferdige og lat han få løn for si rettferd!
33Når Israel, folket ditt, blir slege av fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om til deg og prisar namnet ditt, bed og ropar til deg om nåde i dette huset, 34då må du høyra det i himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira. Før dei tilbake til det landet du gav fedrane deira.
35Når himmelen er stengd så det ikkje kjem regn fordi dei har synda mot deg, men dei så bed til deg, vende mot denne staden, prisar namnet ditt og vender om frå synda si fordi du har audmjuka dei, 36då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, landet du har gjeve folket ditt som eigedom.
37 # 8,37 kornsot og svartrust plantesjukdomar. Når det blir hunger og naud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornsot og svartrust, grashopper og larvar, når fienden kringset byane i landet – same kva slag plage og sjukdom det er – 38og så ein eller annan eller heile folket ditt, Israel, ber fram bøner og rop om nåde fordi dei kjenner at det stikk dei i hjartet, og breier ut hendene sine mot dette huset, 39#1 Sam 16,7; Sal 7,10; Jer 17,10 då må du høyra det i himmelen der du tronar. Tilgjev, grip inn og gjev kvar og ein att etter framferda hans, du som kjenner hjartet hans. For du er den einaste som kjenner hjartet i kvart menneske! 40Så skal dei frykta deg alle dei dagane dei lever i landet du gav fedrane våre.
41Det kan òg henda at framande som ikkje høyrer til Israel, folket ditt, kjem frå eit land langt borte for ditt namn skuld. 42For dei får nok høyra om ditt store namn, di sterke hand og din utstrekte arm. Når dei så kjem og bed, vende mot dette huset, 43#Jes 56,6f då må du høyra dei i himmelen der du tronar, og gjera alt det dei ropar til deg om! Slik skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal frykta deg liksom ditt eige folk, Israel, og sanna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygd.
44Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til Herren, vende mot den byen som du har valt deg ut, og mot det huset som eg har bygd for namnet ditt, 45då må du i himmelen høyra bønene deira og ropa om nåde og hjelpa dei til deira rett.
46 # Ordt 20,9; Fork 7,20; Rom 3,23; 1 Joh 1,8 Når folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – så blir du harm på dei og gjev dei i fiendens hand, som fører dei i fangenskap, til fiendelandet, anten det no er langt borte eller nær. 47#Sal 106,6; Dan 9,5 Men så går dei i seg sjølve i det landet der dei blir haldne i fangenskap, og vender om og bed til deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda, bore oss ille åt og gjort urett.» 48#5 Mos 30,1ff; Dan 6,11 Om dei då vender om til deg av heile sitt hjarte og heile sin hug der i fiendeland, hos dei som tok dei til fange, og bed til deg vende mot det landet du gav fedrane deira, mot byen som du har valt ut, og mot huset som eg har bygd for namnet ditt, 49då må du i himmelen der du tronar, høyra bønene deira og ropa deira om nåde og hjelpa dei til deira rett. 50Tilgjev folket ditt alle brota og syndene dei har gjort mot deg. Lat dei møta miskunn hos dei som held dei i fangenskap, så dei miskunnar seg over dei. 51#5 Mos 4,20 For dei er ditt folk og din eigedom, som du førte ut frå Egypt, midt ut av smelteomnen. 52Lat auga dine vera opne for dei bøner og rop om nåde som stig opp frå tenaren din og frå folket ditt, Israel, og høyr alltid på dei når dei ropar på deg. 53#2 Mos 19,5; 3 Mos 20,24; 5 Mos 7,6 For du, Herre Gud, har skilt dei ut som din eigedom frå alle folkeslag på jorda, slik du sa gjennom Moses, tenaren din, då du førte fedrane våre ut frå Egypt.
Tempelvigsla
54Då Salomo hadde enda heile denne bøna til Herren om nåde, reiste han seg opp framfor Herrens altar, der han hadde lege på kne med hendene utbreidde mot himmelen. 55#2 Sam 6,18; 1 Krøn 16,2 Ståande velsigna han heile Israels forsamling med høg røyst og sa: 56#Jos 21,44f; 23,14 Velsigna er Herren som har gjeve Israel, folket sitt, ro, så som han lova. Ikkje eitt av alle dei gode orda som han tala gjennom Moses, tenaren sin, har falle til jorda. 57#Sal 94,14 Måtte Herren vår Gud vera med oss slik han var med fedrane våre! Måtte han ikkje forlata oss og ikkje støyta oss frå seg, 58men bøya hjartet vårt til seg, så vi går på vegane hans og held dei boda, forskriftene og lovene som han la på fedrane våre. 59Måtte desse orda mine som eg har bede for Herrens andlet, vera nær Herren vår Gud dag og natt, så han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten dei treng dag for dag. 60#Jes 45,5f Då skal alle folk på jorda sanna at Herren er Gud, han og ingen annan. 61Hald dykk heilhjarta til Herren vår Gud, så de følgjer forskriftene hans og held boda, som de gjer i dag.
62 # 2 Krøn 7,4ff Så ofra kongen og heile Israel med han slaktoffer til Herren. 63Og Salomo bar fram fredsofferet for Herren. Det var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Slik vigsla kongen og alle israelittane Herrens hus. 64Same dagen helga kongen den midtre delen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennofferet, grødeofferet og feittstykka frå fredsofferet. For bronsealtaret som stod for Herrens andlet, var for lite til å rømma både brennofferet, grødeofferet og feittstykka frå fredsofferet.
65 # 8,65 Lebo-Hamat >4 Mos 13,21. På same tid heldt Salomo festen, og heile Israel med han. Det var ei stor forsamling som var komen saman heilt frå Lebo-Hamat til Egyptarbekken. I sju dagar og sju dagar til, i alt fjorten dagar, heldt dei høgtid for Herren vår Guds andlet. 66Den åttande dagen lét han folket fara. Dei bad farvel med kongen og drog heim, kvar til sitt, lukkelege og glade for alt det gode Herren hadde gjort mot David, tenaren sin, og Israel, folket sitt.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring