1. Kongebok 22
N11NN

1. Kongebok 22

22
Profeten Mika, son til Jimla
1Aramearane og israelittane heldt seg no i ro i tre år; det var ingen krig mellom dei. 2#2 Krøn 18,2ff Tredje året drog Josjafat, kongen i Juda, ned til kongen i Israel. 3#22,3 Ramot viktig by i Austjordanlandet som kongane i Israel og Aram kjempa om gong etter gong. Jf. 2 Kong 8,28. Då sa Israels-kongen til mennene sine: «De veit vel at Ramot i Gilead høyrer til oss? Og så gjer vi ingenting for å ta byen tilbake frå aramearkongen!» 4#2 Kong 3,7 Og til Josjafat sa han: «Vil du gå med meg i krig mot Ramot i Gilead?» Josjafat svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»
5 # 2 Kong 3,11; Jer 21,2 Men sidan sa Josjafat til Israels-kongen: «Spør først Herren til råds!» 6Då samla Israels-kongen profetane, om lag fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far opp! Herren vil gje byen i kongens hender.» 7Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?» 8Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!» 9Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»
10Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, sat i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjeplass ved byporten i Samaria, og alle profetane stod framfor dei og profeterte. 11Sidkia, son til Kenaana, laga seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til du får gjort ende på dei.» 12Alle profetane profeterte like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i kongens hender.»
13Sendebodet som hadde gått for å henta Mika, sa til han: «Høyr her! Dei andre profetane profeterer med éin munn at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira og spå godt, du òg!» 14#4 Mos 22,38 Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det Herren seier til meg, det må eg tala.» 15Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far opp dit, så skal du ha lukka med deg! Herren vil gje byen i hendene på kongen.» 16Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»
17 # 4 Mos 27,17; Matt 9,36 Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreidd utover fjella som sauer utan gjetar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!» 18Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa til deg? Han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.»
19 # Jes 6,1f # 22,19 himmelhæren =himmelske vesen. Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod omkring han, somme på høgre og somme på venstre sida. 20Då spurde Herren: «Kven vil lokka Ahab så han fer opp mot Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så. 21Då gjekk ei ånd fram, stilte seg for Herrens andlet og sa: «Eg skal lokka han.» «Korleis?» spurde Herren. 22Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei løgnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du skal lokka han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!» 23Så har då Herren lagt ei løgnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Herren har varsla ulukke for deg.
24Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og slo Mika på kinnet og sa: «Korleis har Herrens ande fare over frå meg for å tala gjennom deg?» 25Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du flyktar frå rom til rom for å gøyma deg.» 26Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til bykommandanten Amon og kongssonen Joasj 27#2 Krøn 16,10; Jer 37,15 og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel! Lat han berre få små rasjonar med brød og vatn til eg kjem uskadd heim att.» 28Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folk!»
Ahab fell
29 # 2 Krøn 18,28ff Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead. 30Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg dei vanlege kleda dine.» Så kledde Israels-kongen seg ut og drog ut i krigen. 31#20,16.24 Aramearkongen hadde gjeve dette bodet til dei trettito kommandantane for stridsvognene sine: «De skal ikkje kjempa mot kven som helst, korkje høg eller låg, men berre mot Israels-kongen.» 32Då vognkommandantane fekk auge på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så vende dei seg mot han og gjekk til åtak. Då sette Josjafat i å ropa høgt. 33Då vognkommandantane såg at det ikkje var Israels-kongen, vende dei seg frå han.
34Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjeplatene. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg vekk frå slaget! Eg er såra.» 35#2 Krøn 18,34 Kampen vart hardare og hardare utover dagen, og dei heldt kongen oppreist i vogna under striden mot aramearane. Men då kvelden kom, døydde han. Og blodet frå såret rann ned i botnen av vogna. 36Ved solnedgang gjekk det eit rop gjennom leiren: «Kvar mann heim til sin by og sitt land!» 37Slik døydde kongen, og dei førte han til Samaria og gravla han. 38#21,19 Og då dei skylde vogna ved Samaria-dammen, sleikte hundane blodet hans medan dei prostituerte kvinnene bada der. Det gjekk som Herren hadde sagt.
39 # 22,39 elfenbeinshuset staseleg hus, prydd med elfenbeinsrelieff. Jf. Am 3,15. Det som elles er å seia om Ahab og alt det han utretta, om elfenbeinshuset han reiste og alle byane han bygde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane. 40Så gjekk Ahab til kvile hos fedrane sine, og Ahasja, son hans, vart konge etter han.
Kong Josjafat i Juda
41Då Ahab hadde vore konge i Israel i fire år, vart Josjafat, son til Asa, konge i Juda. 42Han var trettifem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilhi. 43Josjafat følgde i eitt og alt den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens auge. 44#15,14; 2 Kong 12,3 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket heldt fram med å slakta og brenna røykjelse på haugane. 45Josjafat heldt fred med kongen i Israel.
46Det som elles er å seia om Josjafat, om dei storverk han gjorde og krigane han førte, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 47Resten av dei tempelprostituerte mennene, dei som var att frå den tid Asa, far hans, levde, jaga han ut av landet.
48Den gongen var det ingen konge i Edom. Ein statthaldar styrte der.
49 # 22,49 Tarsis-skip >10,22. Esjon-Geber Jf. 9,26. Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle segla til Ofir etter gull. Men dei kom aldri dit, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber. 50#2 Krøn 20,35–37 Den gongen sa Ahasja, son åt Ahab, til Josjafat: «Lat mine folk segla saman med dine på skipa.» Men det ville ikkje Josjafat.
51Så gjekk Josjafat til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i byen til David, far sin. Joram, son hans, vart konge etter han.
Kong Ahasja i Israel
52Då Josjafat hadde vore konge i Juda i sytten år, vart Ahasja, son til Ahab, konge over Israel i Samaria. Han styrte i Israel i to år. 53Ahasja gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han følgde den same vegen som far hans og mor hans hadde følgt, og som Jeroboam, son til Nebat, hadde følgt, han som fekk Israel til å synda. 54Han dyrka Baal og tilbad han og gjorde Herren, Israels Gud, rasande, heilt og fullt som far hans hadde gjort.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk