1. Kongebok 21

21
Nabots vingard
1 # 21,1 Jisreel >18,45. Ei tid etter hende dette: Nabot, ein mann i Jisreel, hadde ein vingard. Han låg ved sida av eit slott som høyrde Ahab, kongen i Samaria, til. 2Ahab tala med Nabot og sa: «Lat meg få vingarden din! Eg vil ha han til grønsakhage, for han ligg like ved huset mitt. Eg skal gje deg ein betre vingard i staden, eller om du så vil, gje deg det han er verd i pengar.» 3#3 Mos 25,23 Men Nabot svara Ahab: «Herren fri meg frå å gje deg fedrearven min!» 4Så gjekk Ahab heim, motlaus og bitter fordi Nabot frå Jisreel hadde svara han slik og sagt: «Eg gjev deg ikkje fedrearven min.» Han kasta seg på senga, vende andletet bort og ville ikkje eta.
5Då kom kona hans, Jesabel, inn og spurde: «Kvifor er du så mismodig og smakar ikkje mat?» 6Han svara: «Eg tala med Nabot frå Jisreel og sa til han: Sel meg vingarden din for pengar, eller om du vil, byt med meg i ein annan vingard. Men han svara: Eg vil ikkje gje deg vingarden min.» 7Då sa kona hans, Jesabel, til han: «No får du visa at det er du som er konge i Israel! Stå opp, få deg mat og ver ved godt mot! Eg skal syta for at du får vingarden til Nabot frå Jisreel.»
8Så skreiv Jesabel eit brev i Ahabs namn, sette seglet hans på og sende det til dei eldste og stormennene som budde i same byen som Nabot. 9#Ordt 1,10–15 I brevet skreiv ho: «Rop ut ei faste, og lat Nabot sitja øvst mellom folket! 10Set to vonde menn midt imot han, så dei kan vitna mot han og seia: Du har forbanna Gud og kongen. Før han så ut og stein han i hel!»
11 # Sal 94,21 Mennene i byen hans, dei eldste og stormennene i Jisreel, gjorde det Jesabel hadde sendt bod til dei om, slik som det stod i brevet ho hadde sendt dei. 12Dei ropa ut ei faste og lét Nabot sitja øvst mellom folket. 13#Sal 35,11; Matt 26,59ff Då kom dei to vondsinna mennene og sette seg midt imot han. Dei vitna mot han så folket høyrde det, og sa: «Nabot har forbanna Gud og kongen.» Og dei førte han ut av byen og steina han til døde. 14Så sende dei bod til Jesabel og sa: «Nabot har vorte steina. Han er død.»
15Så snart Jesabel fekk høyra at Nabot var steina til døde, sa ho til Ahab: «Stå opp og ta vingarden til Nabot frå Jisreel i eige, den som han nekta å selja deg for pengar! For Nabot lever ikkje lenger; han er død.» 16Då Ahab høyrde at Nabot var død, stod han opp og gjekk ned til vingarden for å ta han i eige.
17Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe: 18«Stå opp, gå ned og møt Ahab, Israels-kongen, som bur i Samaria! No er han i vingarden til Nabot; han er nett gått dit ned for å ta han i eige. 19#22,38; 2 Kong 9,25ff Tal til han og sei: Så seier Herren: Har du ikkje myrda, og no har du alt teke over eigedomen? Deretter skal du tala til han og seia: Så seier Herren: På den staden der hundane sleikte blodet til Nabot, skal dei sleikja ditt blod òg.» 20Ahab sa til Elia: «Har du funne meg no, uvenen min?» Han svara: «Ja, eg har funne deg. Fordi du har selt deg til å gjera det som er vondt i Herrens auge, 21#2 Kong 9,8ff fører eg no ulukke over deg. Så vil eg feia etter deg og rydda ut alle mannfolk i Ahab-ætta i Israel, både fange og fri. 22#15,29; 16,3.11 Eg vil gjera med di ætt som eg gjorde med ætta til Jeroboam, son til Nebat, og med ætta til Basja, son til Ahia. For du har gjort meg rasande og fått Israel til å synda. 23#2 Kong 9,33–36 Og om Jesabel har Herren sagt: Hundane skal eta opp Jesabel på Jisreel-vollen. 24#14,11; 16,4 Den av Ahab-ætta som døyr i byen, skal hundane eta opp; og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp.»
25Aldri har det vore ein slik konge som Ahab. Han selde seg til å gjera det som var vondt i Herrens auge, fordi Jesabel, kona hans, lokka han til det. 26Men det styggaste var at han følgde avgudane, heilt og fullt som amorittane hadde gjort, dei som Herren hadde drive bort for israelittane.
27 # 2 Kong 6,30 # 21,27 reiv … sekkestrie teikn på sorg eller audmjuking. =sørgjeskikkar. Då Ahab høyrde kva Elia sa, reiv han sund kleda sine, batt sekkestrie om kroppen og fasta. Han sov i sekkestrien og gjekk stilt omkring. 28Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe: 29#2 Kong 9,24ff «Har du sett at Ahab har audmjuka seg for meg? Fordi han audmjuka seg, vil eg ikkje la ulukka koma i hans tid. Men i tida til son hans vil eg la ulukka koma over hans hus.»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring