1. Kongebok 19
N11NN

1. Kongebok 19

19
Elia på Horeb
1 # 18,40 Ahab fortalde Jesabel om alt det Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetane med sverd. 2Då sende ho ein mann til Elia med det bodet: «Gudane la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje i morgon på denne tid lèt det gå med ditt liv slik det gjekk med livet til profetane.» 3Då vart Elia redd og skunda seg av stad for å berga livet. Han kom til Beer-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han tenesteguten sin bli att. 4#Jona 4,3#19,4 gyvelbusk busk som veks i ørkenen. Han gjev dårleg skugge fordi han er bladlaus. Sjølv gjekk han ei dagsreise ut i ørkenen. Han kom til ein gyvelbusk, sette seg under han og bad om å få døy. «No er det nok, Herre!» sa han. «Ta livet mitt! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.»
5Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. I det same rørte ein engel ved han og sa: «Stå opp og et!» 6Og då han såg seg om, fekk han auge på ein brødleiv, baka på glødande steinar, og ei krukke med vatn ved hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att. 7Men Herrens engel kom ein gong til, rørte ved han og sa: «Stå opp og et! Elles blir vegen for lang for deg.» 8#2 Mos 3,1; 24,18; 34,28ff Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter til han kom til Guds-fjellet, Horeb. 9#2 Mos 33,22 Der gjekk han inn i ei hòle og sov der om natta.
Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: «Kvifor er du her, Elia?» 10#18,22; Sal 69,10; Rom 11,3 Han svara: «Eg har vist brennande iver for Herren, allhærs Gud. For israelittane har forlate pakta di, altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.» 11#2 Mos 34,6 Då sa Herren: «Gå ut og still deg opp på fjellet for Herrens andlet, så vil Herren gå forbi!» Føre Herren kom ein stor og sterk storm som kløyvde fjell og knuste knausar, men Herren var ikkje i stormen, etter stormen eit jordskjelv, men Herren var ikkje i jordskjelvet, 12#Job 4,6 etter jordskjelvet ein eld, men Herren var ikkje i elden, etter elden – lyden av ei skir stille. 13#2 Mos 3,6; 33,20ff Då Elia høyrde den, drog han kappa føre andletet, gjekk ut og stilte seg i hòleopninga.
Då bar det imot han ei røyst som sa: «Kva vil du her, Elia?» 14Han svara: «Eg har vist brennande iver for Herren, allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di. Altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.» 15#2 Kong 8,13 Då sa Herren til han: «Gå tilbake den vegen du kom, og ta så vegen gjennom ørkenen til Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane! 16#2 Kong 9,2f#19,16 Abel-Mehola >Dom 7,22. Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg. 17Det skal gå så at den som slepp unna sverdet til Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet til Jehu, skal Elisja drepa. 18#Rom 11,4 Men eg vil la sju tusen vera att i Israel, alle som ikkje har bøygd kne for Baal og ikkje har kyst han med sin munn.»
Elisja blir kalla til profet
19Elia drog bort frå Horeb og fann Elisja, son til Sjafat, som heldt på og pløgde. Tolv par oksar gjekk føre han, og sjølv følgde han det tolvte paret. Med det same Elia gjekk forbi, kasta han kappa si over han. 20#Luk 9,61 Då lét Elisja oksane gå, sprang etter Elia og sa: «Lat meg først få kyssa far og mor til avskil, så skal eg følgja deg!» Elia svara: «Gå og kom så att! For du veit kva eg har gjort med deg.» 21Då vende Elisja seg frå han. Han tok dei to oksane og slakta dei, og med åket som brensle kokte han kjøtet. Det gav han til folket, og dei åt. Så reiste han seg og følgde Elia som tenaren hans.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk