1. Kongebok 13

13
1Men best som Jeroboam stod framfor altaret for å tenna offerelden, kom det etter Herrens vilje ein gudsmann frå Juda til Betel. 2#2 Kong 23,15ffHerrens ord ropa han mot altaret: «Altar! Altar! Så seier Herren: Det skal fødast ein son i Davids hus. Josjia skal han heita. På deg skal han ofra prestane frå offerhaugane som tenner offereld på deg; på deg skal han brenna menneskeknoklar.» 3Samstundes gav han eit teikn og sa: «Dette er teiknet på at Herren har tala: Sjå, altaret skal rivna, og den feite oska som ligg på det, skal spreiast utover.»
4Då kong Jeroboam høyrde det som gudsmannen ropa mot altaret i Betel, rette han handa ut frå altaret og sa: «Grip han!» Med det same stivna handa som han rette ut, og han kunne ikkje ta henne til seg att. 5Altaret rivna, og den feite oska vart spreidd utover. Det var teiknet som gudsmannen hadde varsla på Herrens ord.
6 # 2 Mos 8,8ff; 4 Mos 21,7 Då tok kongen til orde og sa til gudsmannen: «Prøv å vinna velvilje for Herren din Guds andlet, og bed for meg at eg kan trekkja handa til meg att.» Gudsmannen vann Herrens velvilje, og så kunne kongen ta handa til seg, og ho vart som før. 7Sidan sa kongen til gudsmannen: «Ver med meg heim og få noko å styrkja deg på, så skal eg gje deg ei gåve.» 8#4 Mos 22,18 Men gudsmannen svara: «Om du gav meg halve huset ditt, ville eg ikkje vera med deg heim. På denne staden vil eg verken eta brød eller drikka vatn. 9For slik lydde Herrens bod då han tala til meg: Du skal verken eta brød eller drikka vatn og ikkje venda attende same vegen som du kom.» 10Så tok han ein annan veg, og han drog ikkje heim att den vegen han var komen til Betel.
Gudsmannen er ulydig
11I Betel budde det ein gammal profet. Sønene hans kom og fortalde han alt det gudsmannen hadde gjort i Betel den dagen, og kva han hadde sagt til kongen. Då dei fortalde det til far sin, 12spurde han: «Kva veg tok han?» Sønene viste han kva veg han hadde teke, den gudsmannen som var komen frå Juda. 13Då sa han til dei: «Sala eselet for meg!» Dei sala eselet, og han sette seg oppå 14og reid av stad etter gudsmannen. Han fann han sitjande under eit eiketre og spurde: «Er du den gudsmannen som er komen frå Juda?» «Ja, det er eg», svara han. 15Då sa profeten til han: «Ver med meg heim og få deg litt mat!» 16Men gudsmannen svara: «Eg kan ikkje følgja deg attende og ta inn hos deg. Eg vil korkje eta brød eller drikka vatn saman med deg på denne staden. 17For så lydde Herrens bod til meg: Du skal verken eta brød eller drikka vatn der og ikkje fara heim att den vegen du kom.» 18Då sa den andre: «Eg òg er profet liksom du. Ein engel kom til meg med bod frå Herren og sa: Ta han med deg heim så han kan få eta brød og drikka vatn.» Men då profeten sa dette, laug han for han. 19Gudsmannen vart no med han heim og åt brød og drakk vatn i huset hans.
20Medan dei sat til bords, kom Herrens ord til profeten som hadde fått han med seg heim, 21og han ropa til gudsmannen som var komen frå Juda: «Så seier Herren: Fordi du trassa Herrens ord og ikkje heldt bodet som Herren din Gud gav deg, 22men vende attende og åt brød og drakk vatn på den staden der han hadde sagt at du verken skulle eta brød eller drikka vatn, så skal liket ditt ikkje koma i grava til fedrane dine.»
23Då gudsmannen som profeten hadde fått med seg attende, hadde ete og drukke, sala profeten eselet for han. 24#20,36; 2 Kong 2,24 Så tok han i veg att. Men på vegen kom det ei løve imot han. Ho drap han, og liket vart slengt ned på vegen. Eselet vart ståande attmed liket, og der stod løva òg. 25Då kom det nokre menn forbi. Dei såg liket som låg slengt på vegen, og løva som stod attmed det. Då dei kom til byen der den gamle profeten budde, fortalde dei om det dei hadde sett.
26Då profeten som hadde fått mannen med seg heim frå vegen, fekk høyra det, sa han: «Det er den gudsmannen som trassa Herrens ord. Difor lét Herren løva ta han, og ho har rive han i hel, etter det ordet Herren hadde tala til han.» 27Så sa profeten til sønene sine: «Sala eselet for meg!» Dei gjorde det, 28og han tok av stad. Han fann liket slengt i vegen, og eselet og løva som stod ved sida av det. Løva hadde ikkje ete liket og ikkje rive sund eselet. 29Profeten lyfte opp liket av gudsmannen, la det på eselet og førte det tilbake. Den gamle profeten gjekk til byen og ville halda sørgjehøgtid over gudsmannen og gravleggja han. 30#Jer 22,18 Han la liket i si eiga grav, og dei heldt sørgjehøgtid over han og ropa: «Å ve, min bror!»
31Då han hadde gravlagt gudsmannen, sa han til sønene sine: «Når eg døyr, skal de leggja meg i den grava som gudsmannen ligg i. De skal leggja knoklane mine ved sida av knoklane hans. 32#2 Kong 23,15ff For det skal gå i oppfylling, det ordet han etter Herrens bod ropa mot altaret i Betel og mot alle heilagdomar på haugane ved byane i Samaria.»
33 # 2 Mos 28,41; 1 Kong 12,31 Heller ikkje etter denne hendinga vende Jeroboam om frå sin vonde veg. Han heldt fram med å setja kven han ville av folket til prestar på offerhaugane. Alle som ønskte det, vigde han til prestar på haugane. 34Dette førte synd over Jeroboams hus, difor vart det øydd og utrydda frå jorda.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring