1. Kongebok 12

12
Riket blir delt
1 # 2 Krøn 10,1ff # 12,1 Sikem >1 Mos 12,6. Rehabeam fór til Sikem, for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge. 2Dette fekk Jeroboam, son til Nebat, høyra. Han var endå i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo, og der hadde han vorte buande. 3No sende dei bod etter Jeroboam. Og så kom han og heile Israel samla til Rehabeam og sa: 4«Far din la eit tungt åk på oss. Men no må du letta det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.» 5Men han svara dei: «Gå bort og kom så tilbake til meg om tre dagar!» Og folket gjekk sin veg.
6Kong Rehabeam samrådde seg først med dei gamle, dei som hadde gjort teneste hos Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?» 7Dei svara: «Om du i dag gjer deg til tenar for dette folket så du tener dei og svarar dei med venlege ord, då kjem dei til å tena deg alle dine dagar.» 8Men Rehabeam vraka rådet dei gamle gav han. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han, og som no gjorde teneste hos han. 9«Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket far min la på dei.» 10Då svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Folket sa til deg: Far din la eit tungt åk på oss. Du må gjera det lettare for oss! Men slik skal du svara dei: Veslefingeren min er tjukkare enn midja til far min. 11Far min la eit tungt åk på dykk, eg skal gjera det endå tyngre. Far min tukta dykk med sveper, eg skal tukta dykk med piggreimar.»
12Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, slik som kongen hadde bede dei om då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!» 13Kongen gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om rådet dei gamle hadde gjeve han, 14og svara slik dei unge hadde rådd han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, eg skal gjera det endå tyngre. Far min tukta dykk med sveper, eg skal tukta dykk med piggreimar.» 15#11,31 Kongen høyrde ikkje på folket, for Herren hadde styrt det så for å oppfylla ordet han hadde tala til Jeroboam, son til Nebat, gjennom Ahia frå Sjilo.
16 # 2 Sam 20,1 Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret:
«Kva for del har vi i David?
Vi har ingen lut i Isai-sonen.
Heim til telta dine, Israel!
Syt no, David, for ditt eige hus!»
Så fór israelittane heim att. 17Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i byane i Juda.
18 # 2 Sam 20,24 # 12,18 Adoniram 2 Krøn 10,18 har «Hadoram». Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel. Rehabeam klarte å redda seg opp i vogna si og rømma til Jerusalem. 19#11,11ff Slik gjorde Israel opprør mot Davids hus, og slik har det vore til denne dag.
Jeroboam blir konge over dei ti stammane
20Då israelittane fekk høyra at Jeroboam var komen tilbake, sende dei bod etter han og henta han til folkeforsamlinga. Der gjorde dei han til konge over heile Israel. Berre Juda-stammen heldt seg til Davids hus.
21 # 2 Krøn 11,1ff Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamin-stammen, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israels hus og vinna kongsmakta tilbake for Rehabeam, son til Salomo. 22Då kom Guds ord til gudsmannen Sjemaja: 23«Sei til Juda-kongen Rehabeam, son til Salomo, til heile Judas og Benjamins hus og til resten av folket: 24Så seier Herren: De skal ikkje fara opp og strida mot israelittane, brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde og fór heim att, som Herren hadde sagt.
Heilagdomane i Betel og Dan
25 # 12,25 Penuel >1 Mos 32,30. Jeroboam bygde ut Sikem i Efraim-fjella og busette seg der. Sidan flytte han derifrå og bygde ut Penuel.
26Jeroboam sa til seg sjølv: «Riket kan snart gå attende til Davids hus. 27Skal dette folket fara opp til Jerusalem og bera fram offer i Herrens hus, kan dei igjen koma til å venda hjartet sitt til Juda-kongen, Rehabeam, som var herren deira. Så drep dei meg og gjev seg inn under Rehabeam att.» 28#2 Mos 32,4.8 Kongen heldt råd, og så laga han to gullkalvar og sa til folket: «No har de lenge nok fare opp til Jerusalem. Sjå, her er gudane dine, Israel, dei som førte deg opp frå Egypt.» 29#Dom 18,29f#12,29 Betel, Dan heilagdomar lengst sør og lengst nord i Nordriket. Den eine gullkalven sette han opp i Betel, den andre i Dan. 30#2 Mos 20,4; 2 Kong 10,29 Dette førte til synd. Folk gjekk heilt til Dan og steig fram for gullkalven der. 31#2 Krøn 11,14f; 13,9 Jeroboam bygde òg gudshus på offerhaugane og sette kven han ville av folket til prestar, endå dei ikkje var av Levi-ætta.
Domsord mot altaret i Betel
32 # 12,32 ein fest svarar til lauvhyttefesten i Juda. Men Jeroboam valde den åttande månaden i staden for den sjuande, v. 33. Jf. 3 Mos 23,39; 1 Kong 8,2.65. Den femtande dagen i den åttande månaden heldt Jeroboam ein fest slik som den store festen som blir feira i Juda, og han bar fram offer på altaret. Dette gjorde han i Betel: Han ofra til kalvane han hadde laga, og sette prestar frå offerhaugane som han hadde bygd opp, til å gjera teneste i Betel. 33Offeret bar han fram på altaret han hadde bygd i Betel. Det var den femtande dagen i den åttande månaden, ein dag han hadde valt etter eige hovud. Då lét han israelittane halda høgtid, og sjølv steig han opp til altaret for å tenna offerelden.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring